Hopp til hovudinnhald

Samarbeidspartnarskap Erasmus+

• Erasmus+

Samarbeidspartnarskap i Erasmus+ støttar utdanningssamarbeid i Europa som bidreg til å utvikle, utveksle og prøve ut nyskapande praksis, pedagogisk metode og/eller ulike læringsaktivitetar.

Kven kan søke

Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar som har vore etablert i minst to år, kan søke, så framt effekten ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:

  • barnehage og skule
  • fag- og yrkesopplæring (inkludert fagskular)
  • vaksne si læring
  • høgare utdanning

Eit samarbeidspartnarskap skal bestå av minst tre partnarar frå tre av Erasmus+-landa (dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia).

Ver merksam på at det inntil vidare er avgrensingar på kva for ungarske institusjonar som kan delta som partnarar i prosjekt, ref. Council Implementing Decision (EU) 2022/2506 of 15 December 2022 on measures for the protection of the Union budget against breaches of the principles of the rule of law in Hungary. Sjå lista over institusjonar som er omfatta av rådsbeslutninga.

Land utanfor EU/EØS som kan inngå i prosjektet blir avgrensa frå 2025. Partnarar frå land utanfor EU/EØS kan berre inkluderast dersom dei er frå land i region 1 til 3 (sjå Programguide del A om "Kvalifiserte land"), og berre dersom dei tilfører prosjektet stor meirverdi. Ein kan ikkje inkludera partnarar frå Kviterussland.

Ver merksam på at kvar institusjon som søker innanfor sektorane barnehage og skule, fag- og yrkesopplæring eller vaksne si læring kan berre vere involvert i maks. ti søknader (som koordinator eller partnar) per utlysingsår.

Søknadsfrist

5. mars 2025 kl. 12.00
(norsk tid)

Om tilskotet

Tilskotsbeløp

Ein søker om eitt av tre ulike sekkebeløp: 120 000 euro, 250 000 euro eller 400 000 euro. For utfyllande informasjon om moglegheiter innanfor tiltaket og krav til søknaden, les kapittelet i programguiden om Cooperation partnerships.

For meir utfyllande informasjon om samarbeidspartnarskap, sjå informasjonsmodulane og ressursane i boksane nedanfor.

Handbok til sekkebeløp 2025 kjem.

Slik søker du

For å få tilgang til søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte (europa.eu).

I Erasmusportalen finn du søknadsskjemaet for samarbeidspartnarskap (KA220 – Cooperation partnerships) innanfor dei respektive sektorar under menypunktet «Opportunities». Søknaden er eit online-skjema og blir lagra automatisk når du jobbar i det. Du kan også gi tilgang til andre som kan redigere søknaden. 

Alle utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som søker om Erasmus+-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, blir relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere institusjonen din i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations». 

Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber vi om at du tar kontakt med oss på e-post: erasmuspluss@hkdir.no (ADU, SCH, VET) / erasmus@hkdir.no (høgare utdanning). Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.

Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har vi god tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem.

Nyttig informasjon for deg som søker:

På sida Ressursar (under) finn du vidare informasjon som vil vere nyttig å sjå til i søknadsprosessen.

Slik behandlar vi søknaden

  • Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
  • Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert av uavhengige ekspertar etter fastsette kriterium. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.
  • Sjekk av operasjonell kapasitet: HK-dir gjennomfører ein kontroll for å vurdere om det er sannsynleg at søkarorganisasjonen har den nødvendige kapasiteten som trengs for å gjennomføre prosjektet den søker på. Du kan lese meir om det her.
  • Alle prosjektsøknader må innehalda originalt innhald skrive av søkjaren sjølv, eller i samarbeid med partnarar. Viss søkjar vurderer å bruka kunstig intelligens (KI) for å skriva søknaden, bør ein vera klar over potensialet for å bli teken for plagiat. Sjå Programguiden del C, informasjon til søkarar.