Informasjonswebinar Erasmus+ Samarbeidspartnarskap (KA220)
Er du nyfiken på moglegheitene som finst i Erasmus+-tiltaket Samarbeidspartnarskap (KA220)? Velkommen på nettseminar!
Om arrangementet
I samband med utlysinga for Erasmus+ Samarbeidspartnarskap (KA220), inviterer HK-dir til nettseminar med informasjon om tiltaket.
Møtet finn stad 10. desember, kl. 14:00-15.30. Påmelding kjem snart.
Meir informasjon om tiltaket finn du på nettsidene våre.
Kven kan delta?
Arrangementet er ope for både erfarne og uerfarne aktørar som er interesserte i å søke midlar til partnarskap innanfor sektorane skule og barnehage, vaksne si læring, fag- og yrkesopplæring og høgare utdanning. Det vil fyrst vere ein felles økt med informasjon om tiltaket, før de vert delte inn i sektorvise breakout-rooms. Det vil vere moglegheit for å stille spørsmål i begge delar av programmet.
Andre arrangement for potensielle søkarar til samarbeidspartnarskap:
- Søkarwebinar: Torsdag 15. januar kl. 13.30-15.30. Eige arrangement kjem.
- Open søknadskafé: Tysdag 20. januar kl. 14.00-15.30. Eige arrangement kjem.
