Hopp til hovudinnhald

Samarbeidspartnarskap

Samarbeidspartnarskap i Erasmus+ støttar utdanningssamarbeid i Europa som bidreg til å utvikle, utveksle og prøve ut nyskapande praksis, pedagogisk metode og/eller ulike læringsaktivitetar.

Sist oppdatert : 5. februar 2024

Målet med samarbeidspartnarskap

Målet med samarbeidspartnarskap er å utveksle erfaringar, utvikle nettverk og auke kvalitet og relevans av ulike utdanningstilbod gjennom internasjonalisering. Samarbeidspartnarskap skal utvikle ny kunnskap som kan delast, overførast og spreiast til mange aktørar på ulike nivå.

Kven kan søke?

Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar kan søke, så framt effekten ligg i ein eller fleire av følgande sektorar: barnehage og skule, fag- og yrkesopplæring, vaksne si læring eller høgare utdanning. Ein søker til den sektoren der effekten skal ligge.

Eit samarbeidspartnarskap skal bestå av minst tre partnarar frå tre av Erasmus+-landa (dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia).

Det er mogleg å inkludere partnarar frå land utanfor EU/EØS dersom dei tilfører prosjektet ein vesentleg meirverdi.

Kva kan du søke om støtte til?

Du kan søke om midlar for å:

  • Auke kvaliteten i arbeidet, aktivitetane og praksisane til involverte organisasjonar og institusjonar samt opne for nye aktørar utanfor eigen sektor.
  • Utvikle kompetanse og kapasitet til å jobbe transnasjonalt og på tvers av sektorar.
  • Ivareta felles behov og prioriteringar innan utdanning, opplæring og ungdom.
  • Bidra til omstilling og endring (på individuelt, organisatorisk eller sektornivå), som fører til utvikling og nyskapande praksis.

Alle samarbeidspartnarskap må vere relevante for Erasmus+-programmet. Difor må de vise at de jobbar med prioritert tematikk. Det finst to slags prioriteringar:

  • Tverrgåande prioriteringar som er felles for alle prosjekt:
    Inkludering, digitalisering, berekraft og/eller aktivt medborgarskap.
  • Sektorspesifikke prioriteringar som er spesielt relevante for dei enkelte sektorane.

Søkarar skal i søknaden identifisere ein eller fleire av desse prioriteringane som dei ønsker å jobbe med.

Kor mykje kan du søke om?

Ein søker om eitt av tre ulike sekkebeløp: 120 000 euro, 250 000 euro eller 400 000 euro. For utfyllande informasjon om moglegheiter innanfor tiltaket og krav til søknaden, les kapittelet i programguiden om Cooperation partnerships.

Kommisjonen har laga ei handbok for den nye sekkebeløpsmodellen som vi anbefaler at de les. For dei som skal søke om prosjekt, har HK-dir utvikla ein søknad med veiledning til korleis fylle ut søknadsskjemaet.

For meir utfyllande informasjon om samarbeidspartnarskap, sjå ressursane i boksane nedanfor.

For deg som har pågåande prosjekt tildelt i 2023

Her har vi samla vedlegg til kontrakten og andre dokument, verktøy og ressursar som de kan ha bruk for under prosjektet, frå oppstart til avslutning.

Kontakt oss

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no