Hopp til hovudinnhald

Inkludering i Erasmus+

Inkludering er ei av dei overordna prioriteringane som skal prege alle aktivitetane i Erasmus+ 2021–2027.

Sist oppdatert : 16. juni 2026

Inkludering i Erasmus+ betyr at fleire deltakarar skal få fleire moglegheiter. Programmet skal nå breiare ut og inkludere fleire menneske i ulike livsfasar, med ulik alder og ulike behov.

Ein skal gjere utdanning meir tilgjengeleg ved å:

  • fjerne strukturelle barrierar for grupper i geografisk avsidesliggjande område
  • integrere personar med ulik bakgrunn
  • utvikle innovative prosjekt som gir moglegheiter for livslang læring der ein bur og i samarbeid med andre land

Rettleiing frå Europakommisjonen

Europakommisjonen har utarbeidd ei rettleiing som skildrar korleis ein skal arbeide med inkludering og mangfald i Erasmus+.

Rettleiinga peikar på åtte typar hinder som bør fjernast for å lette tilgangen til utdanning, og på måtar dette kan gjerast gjennom Erasmus-prosjekt.

Moglegheiter i Erasmus+

Moglegheitene for inkludering i Erasmus+ er breie og mangfaldige:

Læringsmobilitet for elevar, studentar, lærarar og andre

Erasmus+ tilbyr tilleggsstøtte for elevar, studentar og andre som høyrer til grupper med færre moglegheiter. Ta kontakt med utdanningsinstitusjonen din for meir detaljert informasjon.

I tillegg til fysisk mobilitet kan virtuell utveksling og blanda mobilitet tilby interessante alternativ. Digitaliserte lærings- og undervisningsformat opnar for å inkludere menneske som av ulike grunnar ikkje kan reise ut og delta i internasjonalt samarbeid.

Nettbasert samarbeid kan supplere eller delvis erstatte fysisk mobilitet og bli ei viktig kjelde til interkulturell forståing.

Partnarskap for innovasjon og erfaringsutveksling

Erasmus+-prosjekt kan brukast til å utvikle meir inkluderande læringsformat, undervisningsopplegg, metodikk eller verktøy.

Partnarskap inneheld fleire verkemiddel som kan opne for moglegheiter til å ta tak i særlege utfordringar eller tematikk, knytt til til dømes flyktningar, arbeidsinkludering, livslang læring m.m. Det er viktig at menneske med færre moglegheiter blir inkluderte i slike prosjekt.

Alle typar samarbeidspartnarskap – frå små til store prosjekt – fremjar inkludering i Erasmus+-prosjekt og har som mål å auke inkludering, integrering og aktiv deltaking i det øvrige samfunnet.

Prosjekt for politikkutvikling

Nokre prosjekt har som mål å bidra til politikkutvikling og systemretta endringar, og her står inkluderingsperspektivet sentralt.

La deg inspirere av korleis andre har jobba med inkludering