Hopp til hovudinnhald

Kompetansepluss fagopplæring 2026

I Kompetansepluss fagopplæring kan opplæringstilbydarar i samarbeid med private eller offentlege verksemder søke om tilskot til kurs som kombinerer praksiskandidatopplæring med opplæring i grunnleggande ferdigheiter og/eller norsk/samisk for vaksne. Målgruppa er arbeidstakarar med praktisk erfaring frå eit yrke, men som ikkje har fagbrev. Ordninga skal styrke grunnlaget for å ta fagbrev som praksiskandidat og gi meir varig tilknyting til arbeidslivet.

Kven kan søke

Søknaden skal vere eit samarbeid mellom minst ein opplæringsmottakar og ein opplæringstilbydar. I tillegg kan arbeidslivsorganisasjonar, næringsforeiningar, karrieresenter eller andre aktørar vere samarbeidspartar i prosjektet.

Søkar (tilskotsmottakar) må vere ein av følgjande:

  1. Opplæringsmottakar - ei privat eller offentleg verksemd med tilsette som har opplæringsbehov
  2. Opplæringstilbydar - ei verksemd som har opplæring som føremål (næringskode 85.xxx).
  3. Arbeidslivsorganisasjon, organisert næringssamarbeid eller næringsforeining

Dersom søkar er ein arbeidslivsorganisasjon, eit organisert næringssamarbeid eller ei næringsforeining, jfr. punkt 3, må søknaden også omfatte minst ein opplæringsmottakar og ein tilbydar. Alle samarbeidspartane må forplikte seg til innhaldet i søknaden.

Søkaren forvaltar tilskotet, er kontaktpunkt mot HK-dir og står for rapportering etter avslutta opplæring.

Søknadsfrist

5. mars 2026 kl. 15.00 (CET)

Om tilskotet

Kompetansepluss fagopplæring gir tilskot til opplæring for arbeidstakarar som treng å styrke dei grunnleggande ferdigheitene lese- og skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter, rekneferdigheiter, digitale ferdigheiter og/eller norsk- og/eller samiskferdigheiter i tillegg til opplæring som skal førebu dei til å kunne ta fagbrev som praksiskandidatar.

Ordninga er ei prøveordning under retningslinjene til Kompetansepluss arbeid, og alle partar i prosjekta må bidra i evaluering, spørjeundersøkingar, intervju eller liknande.

Målgruppe for opplæringa

Deltakarane skal vere vaksne arbeidstakarar, primært med grunnskole eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning, som treng fagbrev i fagområdet dei arbeider innanfor samtidig som dei treng å styrke sine grunnleggande ferdigheiter og/eller kunnskapar i norsk og/eller samisk.

Tilskotsbeløp

Tilskotet blir rekna ut automatisk i søknadsskjemaet og er basert på talet opplæringstimar × 1 500 kroner per time.

Tilskotet skal dekke alle kostnader som er knytte til opplæringa. Dette omfattar til dømes kartlegging av deltakarane ved kursstart, nødvendige førebuingar, sjølve opplæringstimane inkludert arbeid før og etter undervisninga. I tillegg kan tilskotet nyttast til motivasjonsarbeid og fagleg oppfølging av deltakarane, møte med verksemdene, utvikling av materiell og evaluering av opplæringa.

Tilskotet dekker ikkje

  • opplæring finansiert av andre offentlege ordningar, til dømes gjennom Nav
  • opplæring av lærlingar, deltakarar i Fagbrev på jobb eller andre formelle opplæringsløp
  • opplæring i interne system og utstyr i verksemda
  • opplæring organisert som sjølvstudium
  • innkjøp, til dømes teknisk utstyr

Vilkår

For å vere kvalifisert må søknaden oppfylle alle krava til søkar og samarbeidspartar og til søknaden som ligg i utlysinga.

Slik søker du

Bruk tilskotsportalen til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å fylle ut og sende inn søknaden. Lenke til søknadsskjema blir publisert når skjemaet er klart.

Søknaden må vere komplett med all dokumentasjon og alle signaturar innan fristen. Søknader som kjem inn etter fristen, eller som manglar dokumentasjon, blir ikkje behandla.

Søknadsskjema vil vere klart snart.

Søknadsfrist: 5. mars 2026 kl. 15.00

Krav til søknaden

  • Søkar og alle samarbeidspartar skal vere registrerte i Brønnøysundregistrene.
  • Tilbydar skal ha næringskode P – utdanning (85.xxx). Dersom ei underliggande eining er søkar, skal ein nytte organisasjonsnummeret til den underliggande eininga.
  • Tilbydar skal ha kurshaldarar med erfaring frå teoriopplæring for praksiskandidatar eller fagopplæring innanfor det aktuelle fagområdet, og kunne dokumentere kompetansen.
  • Søknaden skal innehalde kompetanseoversikt for kurshaldarar.
  • Søknaden skal innehalde signerte intensjonsavtalar når eksterne kurshaldarar blir nytta.
  • Opplæringsmottakar skal bidra med eigenandel (til dømes løn i kurstida, lokale, mat eller anna). Eigenandelen skal gå tydeleg fram av søknaden.
  • Alle partar signerer elektronisk i tilskotsportalen. Søknaden kan ikkje sendast før alle har signert.
  • Det må komme fram i søknaden kva for fagområde det gjeld og kor lang praksis deltakarane har i faget.
  • Søknaden skal beskrive innhald, metode og læringsressursar som skal brukast i opplæringa.

Om omfang og avgrensing av søknaden

  • Ein søknad kan innehalde maksimalt to kurs.
  • Kvart kurs kan vere på inntil 200 timar (à 60 minutt).
  • Det skal vere minst fem deltakarar per kurs.
  • Det blir ikkje innvilga meir enn to søknader per opplæringstilbydar, uavhengig av om tilbydaren står som søkar eller samarbeidspart.
  • Opplæringa skal kombinere praksiskandidatopplæring med opplæring i grunnleggande ferdigheiter og/eller norsk-/samisk.
  • Opplæringa skal gå føre seg i Noreg, inkludert Svalbard.
  • Søknader som berre omfattar praksiskandidatopplæring eller berre grunnleggande ferdigheiter er ikkje kvalifiserte.

Om opplæringa

Opplæringa skal

  • vere gratis for deltakarane
  • vere praksisnær, med oppgåver, materiell og utfordringar frå arbeidsplassen
  • kombinere opplæring i grunnleggande ferdigheiter, lesing, skriving, rekning, munnlege og digitale ferdigheiter og/eller norsk- og/eller samiskopplæring med opplæring som førebur deltakarane til å kunne ta fagbrev som praksiskandidatar
  • vere dialogbasert, med aktiv deltaking og refleksjon i læringsfellesskap
  • vere organisert som gruppeundervisning. Rettleiande gruppestorleik er 10 til 12 deltakarar per kurs.
  • skje på norsk eller samisk (andre språk kan nyttast som støttespråk)
  • vere synkron når ho er nettbasert (deltakarar og undervisar er pålogga samtidig på avtalt plattform)

Opplæringa skal ta utgangspunkt i:

Aktuelle læreplanar for vg3 yrkesfag

  • Frammøte og timetal skal dokumenterast med lister eller anna loggføring. Ein opplæringstime er 60 minutt inkludert 15 minutt pause.

Rettleiing og malar

Rettleiing og malar

Rettleiing til utfylling av søknadsskjema (i tilskotsportalen)

Rettleiing for samarbeidspartar som skal signere søknaden (i tilskotsportalen)

Slik behandlar vi søknaden

HK-dir avslår søknader som ikkje oppfyller krava til samarbeidspartar, krav til søknaden og/eller

  • ikkje kombinerer opplæring som førebur til praksiskandidat med grunnleggande ferdigheiter og/eller norsk-/samiskopplæring
  • manglar påkravd dokumentasjon eller signatur innan fristen

Kvalifiserte søknader blir vurderte etter prioriteringskriteria og får poeng 0–107. Ved oversøking gjer HK-dir ei samla vurdering opp mot formålet med ordninga og prioriterer slik det er beskrive i prioriteringskriteria.

I tillegg blir det gjort ei heilskapsvurdering for å sikre brei geografisk og bransjemessig spreiing, samt mangfald i ferdigheiter og tilbydarar.

Slik vurderer vi søknaden

Når får du svar?

I april 2026.

Rapportering og oppfølging

Kursa skal vere avslutta slik at sluttrapport kan leverast seinast 31. august 2027. Oppfølging og rapportering skjer i tilskotsportalen.

Opplæringstilbydar har ansvar for å føre frammøtelister og dokumentere deltaking og timetal. HK-dir sin mal for frammøteregistrering skal nyttast, eller ein eigen mal som dekkjer dei same punkta.

For spørsmål om tilskotet

Send e-post til kompetansepluss@hkdir.no og merk mailen med Kompetansepluss fagopplæring.