Hopp til hovudinnhald

Kompetansepluss arbeid – Rammetilsegn for godkjente Kompetansepluss-tilbydarar 2027

I Kompetansepluss arbeid – Rammetilsegn kan godkjente Kompetansepluss-tilbydarar søke om rammetilsegn på inntil 1950000 kroner. Tilskotet kan brukast til kurs i private eller offentlege verksemder med tilsette som treng opplæring i grunnleggande ferdigheiter og/eller norsk/samisk. Målgruppa er vaksne arbeidstakarar med kort formell utdanning. I 2027 er det eit særleg mål å styrke arbeidstakarane sine rekneferdigheiter gjennom Kompetansepluss.

Kven kan søke

Du kan søke dersom du er godkjent Kompetansepluss-tilbydar per 2. november 2026, eller dersom du søkte om godkjenning før denne datoen og søknaden seinare blir innvilga. Kvar tilbydar kan sende éin søknad om rammetilsegn.

Dersom du har fått rammetilsegn i 2026 og ikkje har registrert kurs med deltakarar i minst 300 opplæringstimar (450 000 kroner) innan 15. november, er du ikkje kvalifisert til å søke rammetilsegn for 2027.

Merk at godkjente Kompetansepluss-tilbydarar som får innvilga rammetilsegn, ikkje kan søke midlar frå ordinær Kompetansepluss arbeid 2027.

Dersom ein tilbydar har fått innvilga rammetilsegn, vil eventuelle søknader om tilskot frå ordinært Kompetansepluss arbeid bli avslått utan vidare behandling, uavhengig av om tilbydaren er søkar eller samarbeidspart.

Søknadsskjemaet vil snart vere klart.

Søknadsfrist

10. desember 2026 kl. 15.00 (CET)

Om tilskotet

Rammetilsegna skal gi godkjente Kompetansepluss-tilbydarar meir fleksibilitet og føreseielegheit. Målet med Kompetansepluss arbeid er at fleire skal kunne delta i opplæring og utdanning, og at færre fell ut av arbeidslivet fordi dei manglar grunnleggande ferdigheiter. Retningslinjene for Kompetansepluss arbeid gjeld også for rammetilsegna.

Tilskotsbeløp

Storleiken på tilskotet er basert på talet på opplæringstimar oppgitt i søknaden, multiplisert med 1 500 kroner per time.

Søkar kan velje mellom desse timane, som blir omrekna til søknadsbeløp i søknaden:

TimarTilsvarar søknadsbeløp
1300 timar
1 950 000 kroner
1100 timar
1 650 000 kroner
900 timar
1 350 000 kroner
700 timar
1 050 000 kroner

Dersom du hadde rammetilsegn i 2026 og ikkje har registrert kurs for minst 50 prosent av tilsegna, kan du maksimalt søke tilsegn om 900 opplæringstimar (1 350 000 kroner) i 2027.

Krav til kurs og samarbeidspartar

Etter at tilsegna er innvilga, opprettar tilbydaren sjølv kurs i tilskotsportalen. Kvart kurs skal planleggast saman med minst ein opplæringsmottakar, som har tilsette som skal delta i opplæringa. Alle samarbeidspartane i kursa må vere registrerte i Brønnøysundregisteret.

Opplæringsmottakarane må bidra med ein eigenandel. Eigenandelen kan vere lønn til deltakarar i kurstida, lokale, mat eller anna. Tilbydaren skal beskrive eigenandelen i kursregistreringa.

I kursregistreringa skal tilbydaren legge inn tal på deltakarar, opplæringstimar fordelt på ferdigheiter og tid og stad for opplæringa.

Når opplæringsmottakaren signerer i tilskotsportalen, stadfestar han opplysningane i kursregistreringa og forpliktar seg til å medverke til at opplæringa blir gjennomført. HK-dir godkjenner kursa etter at opplæringsmottakaren har signert og deltakarane er registrerte.

Siste frist for å registrere kurs er 15. november 2027.

Informasjon om registrering av kurs finn du på rapporteringssida på hkdir.no.

Målgruppe for opplæringa

Målgruppa er tilsette med kort formell utdanning, det vil seie personar som har grunnskole eller vidaregåande opplæring som høgaste fullførte utdanning.

Deltakarane skal vere vaksne arbeidstakarar som treng å styrke grunnleggande ferdigheiter og/eller kunnskapar i norsk eller samisk.

Om opplæringa

Målet med opplæringa i Kompetansepluss arbeid er å styrke deltakarane sine funksjonelle ferdigheiter slik at dei kan nyttast i arbeidslivet.

I 2027 er det eit særleg mål å styrke arbeidstakarane sine rekneferdigheiter gjennom Kompetansepluss. Alle rammetilsegn må derfor ha opplæring i rekning med i kursportefølja.

Opplæring i rekning skal bidra til at deltakarane kan bruke tal, målingar, berekningar og annan matematisk informasjon i arbeidsoppgåver og situasjonar på arbeidsplassen.

Opplæringa i lesing, skriving og munnlege ferdigheiter har ikkje som mål å lære norsk som språk, men å utvikle grunnleggande ferdigheiter som å lese instruksar, skrive meldingar, fylle ut skjema, forstå dokument og delta i samtalar på arbeidsplassen. Dette gjeld uavhengig av om deltakaren har norsk som morsmål eller andrespråk.

Opplæringa skal

  • vere praksisnær, med oppgåver, materiell og utfordringar deltakarane møter på arbeidsplassen.
  • omfatte ein eller fleire av følgande ferdigheiter:
    • grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving
    • grunnleggande ferdigheiter i rekning
    • grunnleggande munnlege ferdigheiter
    • grunnleggande digitale ferdigheiter
    • norsk som andrespråk/samisk
  • ta utgangspunkt i Læringsmål i grunnleggende ferdigheter og/eller Læreplan i norsk for voksne innvandrere og/eller i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 samisk avhengig av deltakarane og verksemdene sine behov, språkbakgrunn og innhaldet i opplæringa.
  • ikkje vere på eit høgare nivå enn B1 i norsk og samisk.
  • skje på norsk eller samisk. Andre språk kan brukast som støttespråk.
  • vere organisert som gruppeundervisning. Kvart kurs skal som hovudregel ha 10 til 12 deltakarar. Kurs med færre deltakarar må grunngis særskilt.
  • vere dialogbasert med aktiv deltaking og refleksjon i eit læringsfellesskap.
  • vere synkron når ho er nettbasert. Deltakarar og undervisar skal vere pålogga samtidig på avtalt plattform.
  • vere frivillig og gratis for deltakarane.

Ein opplæringstime er 60 minutt inkludert 15 minutt pause. Det er ikkje høve til å rekne om og rapportere 45 minutt som ein opplæringstime og slå saman 15 minutts pausar.

Opplæringa skal gå føre seg i Noreg, inkludert Svalbard.

Opplæringsmottakaren skal ha ein namngitt opplæringskontakt på arbeidsplassen. Det kan vere deltakarane sin leiar, ein kollega eller ein tillitsvald. Opplæringskontakten skal støtte deltakarane fagleg og praktisk i kursperioden. Arbeidet skal rapporterast i tilskotsportalen når kursa er avslutta.

Tilbydaren skal kartlegge deltakarane sine erfaringar, ressursar, ferdigheitsnivå og behov i arbeidskvardagen. Kartlegginga skal dokumenterast.


Tilråding for planlegging og gjennomføring av opplæringa

Opplæringsmottakar og opplæringstilbydar må samarbeide om planlegging og gjennomføring av prosjektet og opplæringa.

HK-dir tilrår å legge opp til eigenaktivitet mellom samlingane, slik at deltakarane kan prøve ut det dei har lært i arbeidssituasjonen og ta med problemstillingar og materiell tilbake til opplæringa.

Vilkår

Organisasjonsnummeret i søknaden må samsvare med organisasjonsnummeret i godkjenninga.

Søknaden skal vere komplett og signert innan søknadsfristen. Søknadsfristen er absolutt.

Tilskotet dekker

Tilskotet skal dekke alle kostnader som er knytte til opplæringa. Dette omfattar til dømes kartlegging av deltakarane ved kursstart, nødvendige førebuingar, sjølve opplæringstimane inkludert arbeid før og etter undervisninga. I tillegg kan tilskotet nyttast til motivasjonsarbeid og fagleg oppfølging av deltakarane, møte med verksemdene, utvikling av materiell og evaluering av opplæringa.

Tilskotet dekker ikkje
  • opplæring til grupper med færre enn fem deltakarar
  • opplæring organisert som sjølvstudium
  • fagopplæring
  • opplæring av lærlingar, deltakarar i Fagbrev på jobb eller andre formelle opplæringsløp
  • opplæring som mottar anna offentleg finansiering, til dømes frå Nav
  • opplæring i interne system og utstyr i verksemda
  • innkjøp av teknisk utstyr

Slik søker du

Bruk tilskotsportalen for å fylle ut og sende inn søknaden. Lenke til søknadsskjema blir publisert når skjemaet er klart.

Rettleiing og malar

Slik behandlar vi søknaden

Slik vurderer vi søknaden

Vi behandlar søknaden ut frå opplysningane som ligg i søknaden når fristen går ut.

HK-dir har ikkje prioriteringskriterie for rammetilsegn. Alle kvalifiserte søkarar får tilsegn. Som hovudregel vil tilsegna svare til søknadsbeløpet.

Når får du svar?

I løpet av januar 2027.

Rapportering og oppfølging

Tilskot til godkjende kurs blir utbetalt fortløpande. Dei enkelte kursa skal rapporterast som fullførte etter kvart som opplæringa er avslutta. Om lag fem prosent av rammetilsegna blir først utbetalt når heile tilsegna er sluttrapportert og godkjent.

Tilskotsmottakar har ansvar for å føre frammøtelister og dokumentere deltaking. Frammøtelistene og resultatet av kartlegginga skal leverast saman med rapporteringa for kvart kurs. HK-dir sin mal for frammøteregistrering skal nyttast, eller ein eigen mal som dekker dei same punkta.

Tilskotsmottakar må sende sluttrapport innan 1. september 2028.

Meir informasjon om registrering og rapportering finn du på rapporteringssida på hkdir.no.

Spørsmål om tilskuddet

Send mail til kompetansepluss@hkdir.no og merk e-posten med «Kompetansepluss rammetilsegn».

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00