Jean Monnet
• Erasmus+Jean Monnet-aktivitetane i Erasmus+ gir støtte til undervisning, opplæring og debatt om EU. Målet er å auke kunnskapen om EU, europeisk integrasjon og korleis EU-institusjonane fungerer.
Kven kan søke
Jean Monnet består av ulike tiltak som omfattar fleire utdanningssektorar: Jean Monnet Modules, Jean Monnet Chairs, Jean Monnet Centres of Excellence, Jean Monnet Teacher Trainings, Jean Monnet Learning EU Initiatives og Jean Monnet Policy Debate.
Desse kan søkje under dei ulike tiltaka:
- ein institusjon for høgere utdanning (HEI)
- institusjon for høgare utdanning som tilbyr grunnutdanning og/eller etterutdanning for lærarar (ECHE-sertifisert)
- institusjon eller organ for lærarutdanning
- skule eller yrkesfagleg opplæringsinstitusjon
Jean Monnet Policy Debate:
- Thematic networks in higher education: Søkjer må vere ein institusjon for høgere utdanning (HEI)
- Jean Monnet Networks in other fields of education and training: Søkjer må vere ein skule, yrkesfagleg opplæringsinstitusjon eller institusjon for høgare utdanning som tilbyr grunnutdanning og/eller etterutdanning for lærarar (ECHE-sertifisert)
Krav til Erasmus+ Jean Monnet
Tiltaka kan ha ulike krav. Sjå kvart tiltak i programguiden for meir informasjon. Du kan òg sjå Erasmus+ Programme Guide for nærare forklaringar om kven som kan søkje og vere partnar.

3. februar 2026 kl. 17.00 (CET)
Om tilskotet
Kva er dei ulike tiltaka i Jean Monnet?
Jean Monnet Modules – kortvarige kurs i EU-studiar som kan utviklast ved høgare utdanningsinstitusjonar. Kvart modul skal ha minst 40 timar undervisning per år over tre år. Kursa kan vere del av ein disiplin, ha tverrfagleg tilnærming eller organiserast som spesialkurs eller sommarskule.
Jean Monnet Chairs – for institusjonar med professorar som har spesialisering i EU-studiar. Ein Chair varer minst tre år og skal omfatte minst 90 timar undervisning per år. Institusjonen skal òg støtte forsking og faglege aktivitetar.
Jean Monnet Centres of Excellence – fagmiljø som samlar ekspertise og ressursar innan EU-studiar. Sentra skal utvikle aktivitetar på tvers av fag og land, og nå både studentar utan EU-fokus og aktørar i samfunn og politikk.
Jean Monnet Teacher Trainings – opplæring for lærarutdanning og yrkesfag, med fokus på EU-relaterte tema. Målet er å styrkje lærarkompetanse og integrere EU-perspektiv i undervisninga.
Jean Monnet Learning EU Initiatives – for skular og yrkesopplæring som vil utvikle kurs om EU, til dømes om verdiar, historie eller kultur. Kursa skal ha minst 40 timar per år og vare i tre år.
Jean Monnet Policy Debate
- Thematic networks in higher education store internasjonale nettverk som samlar, deler og formidlar forsking og kunnskap om EU-politikk. I 2026 blir det lyst ut to tematiske nettverk: eitt om intern EU-politikk og eitt om ekstern politikk.
- Jean Monnet Networks in other fields of education and training – nettverk av skular, yrkesopplæringsinstitusjonar og/eller høgare utdanning som tilbyr lærarutdanning. Dei skal dele god praksis og utvikle undervisning og metodar, til dømes gjennom mobilitet for tilsette.
Varigheit på prosjektet
I alle Jean Monnet-tiltak har prosjekta normalt ei varigheit på 36 månader.
Kor mykje støtte kan du få?
Jean Monnet Modules
- Inntil 35 000 euro per prosjekt
Jean Monnet Chairs
- Inntil 60 000 euro per prosjekt
Jean Monnet Centres of Excellence
- Inntil 100 000 euro per prosjekt
Jean Monnet Teacher Trainings
- Inntil 300 000 euro per prosjekt
Jean Monnet Learning EU Initiatives
- Inntil 35 000 euro per prosjekt
Jean Monnet Policy Debate
- Thematic networks in higher education, internal EU: Inntil 1 000 000 euro per prosjekt
- Thematic networks in higher education, external EU: Inntil 1 200 000 euro per prosjekt
- Jean Monnet Networks in other fields of education and training: Inntil 300 000 euro per prosjekt
For fullstendige reglar og detaljar, sjå programguiden for tiltaket.
Slik søker du
Du søkjer direkte til Europakommisjonen.
Dette er eit sentralisert tiltak. Det vil seie at det er Europakommisjonen som både mottek og handsamar søknader samt forvaltar prosjekta etter oppstart.
Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and Culture Executive Agency (EACEA).
Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket.
Søk Prosjektetableringsmidler
Fordi dette er eit sentralisert tiltak, så betyr det at ein konkurrerer med søkjarar frå heile Europa, og i nokre tilfelle heile verda.
Det er eit kunnskapspolitisk mål å auke norsk deltaking i Erasmus+ sentraliserte tiltak. HK-dir tilbyr derfor alle norske institusjonar, organisasjonar og bedrifter som planlegg å etablera eit sentralisert prosjekt om å søke om prosjektetableringsstøtte. Støtta skal bidra til at søkjarane når opp i europeiske konkurranse om prosjektmidlar.
Du kan søkje om:
- Inntil 100 000 kroner som koordinator
- Inntil 50 000 kroner som partner
Søknadsfristen er løypande.
Du finn søknadsskjema og meir informasjon om prosjektetableringsstøtte her:
Rettleiing frå HK-dir
HK-dir kan òg tilby rettleiing på søknaden din, med atterhald om kapasitet. Ta kontakt for å avtala tid.
Merk: Me tek ikkje imot, behandlar eller følgjer opp prosjekt, og kan derfor ikkje gi rettleiing om tekniske eller administrative spørsmål i prosjektgjennomføringa.