Hopp til hovudinnhald
Planlagt nedetid for påmelding til arrangementer

På grunn av en planlagt oppgradering vil det ikke være mulig å melde seg på arrangement fredag 4. september fra kl. 16.00. Nedetiden varer inntil tre timer. Vi beklager ulempen dette medfører.

Tilskotsordningar for fleksibel og desentralisert utdanning

Tilskotsordningane skal styrke tilgangen på fleksibel og desentralisert utdanning over heile landet.

Kva er Tilskotsordningar for fleksibel og desentralisert utdanning

I regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2024 blir tilskotsordninga for fleksibel og desentralisert utdanning foreslått fasa ut frå og med 2024. Det blir dermed ingen fleire utlysingar i denne ordninga. Alle prosjekt som er innvilga tilskot til og med vedtak i 2023 er sikra sluttføring innanfor godkjent prosjektperiode.

Tilskot til drift av studiesentra: I regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2024 blir det foreslått å vidareføre tilskot til drift av studiesentera. HK-dir kjem tilbake med meir informasjon om dette når statsbudsjettet er vedteken i Stortinget.

Ordningane skal gje midlar til utvikling og drift av fleksible og desentraliserte studietilbod og studiesenter som bidreg til å oppfylle lokale, regionale og/eller nasjonale kompetansebehov. Fleksible utdanningstilbod er tilbod med fleire alternativ for korleis læringsaktivitetane blir gjennomførte, blant anna når det gjeld tid, stad, omfang og progresjon. Tilboda kan vera både nett- og stedbaserte.

Kven står bak

Ordningane er finansiert av Kunnskapsdepartementet.

Formål

Målsetjinga med ordningane er at studietilbod skal bli enda meir tilgjengeleg for folk i heile landet, uavhengig av livssituasjon og individuelle behov.

Kven kan søke tilskot frå programmet

  • Offentlege og private fagskular med fagområdeakkreditering eller akkrediterte studietilbod
  • Offentlege og private høgskular med akkrediterte studietilbod og/eller statlege driftstilskot
  • Institusjonar akkreditert som universitet
  • Studiesenter

Kontakt oss

Fleksibel og desentralisert utdanning

E-post:fleksibel@hkdir.no