Ordninga for Noregskunnskap i utlandet
Program/tilskotsordning • Tal på tilskot: 3Ordninga for Noregskunnskap i utlandet (òg kjent som Noregskunnskapsordninga) støttar norsk språkundervisning i utlandet gjennom fleire tilskotsordningar.
Kva er Ordninga for Noregskunnskap i utlandet
Utanfor Noreg er det til ei kvar tid om lag 5000 – 6000 studentar som lærer norsk på ulike nivå, og norskundervisning blir tilbydd på om lag 130 universitetrundt om i verda. På lærestadeneblir det undervist i norsk språk bl.a. innan leksikografi, lingvistikk og skriftkunnskap, i tillegg til litterær og samfunnsfagleg forsking. Mange av desse norskfaglegemiljøa i utlandet har eit omfattande samarbeid med fagfellar i Noreg, både innan forsking, undervisning og utveksling av studentar og tilsette. Gjennom Noregskunnskapsordninga støttar Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) desse og bidreg til å styrkje norskundervisninga.
Gjennom ordninga er direktoratet norsk representant i Samarbeidsnemnda for Nordenundervisning i utlandet (SNU), eit nordisk nettverk som arbeider for å fremja nordistikk i og utanfor Norden. Dei nordiske landa har tilsvarande ordningar og støttar opp under språkundervisning i høve dansk, islandsk, finsk og svensk. SNU-nettverket ønskjer å støtta nordistikkmiljøa i utlandet og leggje til rette for auka samarbeid mellom dei tilsette i nordiske språk ved dei utanlandske lærestadane. Meir informasjon om SNU ligg på nettsida deira.
Kven står bak
Noregskunnskapsordningablir finansiert av Kunnskapsdepartementet, og det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som administrererordninga. I tillegg er det oppnemnd eit programutval som eit rådgivande organ som hjelper oss i delar av programforvaltinga.
Formål
Føremålet med Noregskunnskapsordningaer å bidra til formidling av og utdanning i norsk språk, litteratur og kultur ved høgarelærestader i utlandet. Vidare er det eimålsetjing å bidra til internasjonalisering av norsk høgare utdanning gjennom å trekkjatil seg utanlandskestudentar i norsk språk, litteratur og kultur til studie- og forskingsopphold i Noreg.
Kven kan søke tilskot frå programmet
Noregskunnskapsordningaer sett saman av tre hovudtiltak. Målgruppene for dessetiltaka vil variera. Nedanfor finndu meir informasjon om dei ulike tiltaka.
Ordningens tiltak
Utanlandslektoratordninga er hovudfokuset til Noregskunnskapsordninga. Gjennom tiltaket inngår HK-dir samarbeidsavtalar med utanlandskeuniversitetet om tilsetjinga av ein lektor ved ein utanlandsk lærestad (referert til som «utanlandslektor») i norsk språk. Samarbeidet med dei utanlandske lærestadaneblir inngått etter ein offentlegutlysing der norskmiljøa aktivt søkjer. Samarbeidsavtalene blir lyste ut kvart femte år.
For perioden 2020-2025 har HK-dir inngått samarbeidsavtalar med universitetet i Europa, Kina og fram til 2022ògi Russland. Gjennom samarbeidet hjelper HK-dirtil irekrutteringa av norsklektorar og bidrar med eit kompensasjonstillegg til den tilsette lektoren.
I den ordinære tildelinga i 2020 inngjekk HK-dir fire samarbeidsavtalar med universitet i Russland, men på grunn av krigen i Ukraina blei samarbeid med dei russiske institusjonane lagt på is. I 2022 vart det vedteke å omdisponeramidlane og detvart inngått nye samarbeidsavtalar med institusjonar som kvalifiserte, menikkjefekkgjennomslag i første runde.
Per i dag har HK-dir avtalar med 17 universitetet i12 ulikeland. Under følgjer oversikt over alle lærestadane (samarbeidsavtalane som gjeld frå det akademiske året 2023-2024 er markert med stjerne):
- Universitetet i Sofia, Bulgaria
- Universitetet i Tartu*
- Universitetet i Paris-Sorbonne
- Universitetet i Caen*
- Universitetet i Strasbourg*
- Universitetet i Milano
- Beijing Foreign Studies University
- Universitetet i Vilnius
- Universitetet i Poznan
- Universitetet i Gdansk
- Universitetet i Szczecin*
- SWPS Universitetet*
- Universitetet i Cluj-Napoca
- Universitetet i Beograd
- Karlsuniversitetet i Praha
- ELTE-universitetet i Budapest
- Universitetet i Wien
Den økonomiske kompensasjonen som HK-dir gir til dei tilsette lektoranefølgjer faste satsar per land. Satsaneblir justerte med jamne mellomrom. Informasjon om dei økonomiske vilkårafinst i dei enkelte stillingsutlysingane. Lektoren blir tilsett ved det enkelte universitetet i mellombels stilling i eitt år omgongen, oppoveravgrense til fem år.Det økonomiske bidraget frå HK-dir er med på å rekrutterafagleg sterke norskundervisarar til kortare undervisningsopphold i utlandet.
Gjennom Noregskunnskapsordningagir HK-dir støtte til aktivitetar som bidrar til å styrkja norskundervisningaog profilerer Noreg i utlandet. Utlysingane rettar seg mot norskmiljøa i utlandet, men det er ikkje krav om at institusjonen har ein utanlandslektor. Vi ser at fleire av utanlandslektorane er flinke til å nytta seg av støtteordningane våre for åstyrkjanorsktilbodet ved institusjonen sin.
Gjennom ordninga for bok- og arrangementsstøttevert detårleglyst ut rundt 1 million norske kroner som alle høgarelærestader i utlandet med norskundervisning, kan søkja på. Det blir mellom anna gitt støtte til:
- Tiltak som bidrartil at lektorar i norsk språk i utlandet får fagleg påfyll.
- Innkjøp av læremateriale som bøker og filmar på norsk.
- Ekskursjonar, studentsamlingar og liknande med eit relevant norskfaglag innhald.
- Honorar for innleigde gjesteforelesarar.
I tillegg til utlysinga som rettar seg mot norskmiljøi utlandet, har HK-dir i fleire år bidratt med midlar til norske institusjonar for gjennomføringa av sommarskular og kurs i norsk språk og litteratur for studentar frå utlandet. Det bliròggitt støtte til norske institusjonar for å arrangerafaglegeseminar for undervisarar i norsk frå dei utanlandskelærestadane.
Gjennom mobilitetsstipendet for norsk språk, litteratur og kultur kan utanlandske studentarsom studerer norsk språk, litteratur eller kultur på master- og ph.d.-nivå søkja om stipend for ein, to eller tre månader med feltarbeid i Noreg. Historisk har mobilitetsstipendet voreeit attraktivt stipend, og stipendet har årleg finansiert feltarbeid for mellom 8 og 16 studentar for kortare forskingsopphald i Noreg. Mobilitetsmidlane blir lyste ut ein gang i året på studyinnorway.no.