Hopp til hovudinnhald

Utanlandslektoratordninga

• Ordninga for Noregskunnskap i utlandet

Er du interessert i å undervise i norsk språk og litteratur ved eit utanlandsk universitet? Utanlandslektorane er viktige formidlarar av norsk språk og kultur og er tilsette i midlertidige stillingar i eitt år. Perioden kan forlengast og vare i maksimalt fem år.

Kven kan søke

Søkarar må oppfylle følgande kvalifikasjonar:

  • Mastergrad eller tilsvarande utdanning, fortrinnsvis innan nordistikk.
  • Nordisk språk og litteratur, og/eller norsk som andrespråk må inngå i fagkrinsen, fortrinnsvis på mastergradsnivå, og minimum som årsstudium (tilsvarande 60 studiepoeng).
  • Utdanninga i norsk/nordistikk må normalt vere frå ein norsk utdanningsinstitusjon, og søkaren må ha praktiske skriftlege og munnlege språkferdigheiter i norsk på morsmålsnivå.

Utdanning i, og erfaring frå, undervisning i norsk som andre-/framandspråk blir vektlagt. I tillegg kan det vere andre tilleggskriterium ved nokre av stillingane. Les dei individuelle stillingsutlysingane nøye.

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

Utanlandslektoratordninga er ein del av ordninga for Noregskunnskap i utlandet og har som føremål å bidra til formidling av og utdanning i norsk språk, litteratur og kultur ved høgare lærestader i utlandet. 

Utanlandslektorane er tilsette i mellombelse stillingar ved utanlandske lærestader i ein periode frå eitt til maks fem år. Vi hjelper til i tilsetjingsprosessen gjennom å kvalitetssikre kandidatar til dei ledige stillingane. Direktoratet har ikkje arbeidsgivaransvar for lektorane, som er tilsette ved, og har arbeidskontrakt med, lærestaden i utlandet.

Ledige stillingar

Hausten 2024 blir følgande utanlandslektorat i norsk ledige:

Stillingsannonsene kan lastast ned over.

Tilskotsbeløp

Ein utanlandslektor sine arbeidsoppgåver og undervisningsplikt kan variere mellom lærestadene, men alle lektorar er tilsette i full stilling og har dei same rettane og pliktene som dei lokalt tilsette kollegaene sine. Løn frå arbeidsgivar er også på lik linje med andre lokalt tilsette lektorar. Ettersom full løn i utlandet ofte er lågare enn i Noreg, gir HK-dir eit kompensasjonstillegg etter faste satsar:

  • Frankrike, Italia og Kina: 320 000 kr per år
  • Bulgaria, Litauen, Polen, Romania, Serbia og Tsjekkia: 312 000 kr per år
  • Estland, Østerrike og Ungarn: 286 000 kr per år

Kompensasjonstillegget er skattepliktig og blir utbetalt månadleg.

Forsørgartillegg

Dersom lektoren har medfølgande familie, kan HK-dir gi eit forsørgartillegg på inntil to familiemedlemmer. Forsørgartillegget føreset at familiemedlemmene ikkje har eiga inntekt. Satsen er 42 000 kr per år per person og tillegget blir utbetalt månadleg.

Ut- og heimreisetilskot

I samband med flytting blir det gitt eit utreise- og heimreisetilskot på 10 000 kr. I tillegg kan ein få ytterlegare tilskot (a) for flyttekostnader for medfølgande familiemedlem til fast sats 2 000 kr per pers; (b) for ekstra flyttekostnader til Kina til fast sats 3 000 kr per pers, og (c) for kostnader som er naudsynte som følge av tungtvegande sosiale omsyn (funksjonshemming o.l.), oppover avgrensa til 3 000 kr. Slike tilskot er avgrensa til inntil to medfølgande familiemedlemmer.

Utanlandslektorar i Kina mottar eit særskilt årleg reisetilskot på 5 000 kr. Dette tilskotet blir ikkje utbetalt det kalenderåret lektoren tiltrer og det kalenderåret lektoren fråtrer stillinga, då lektoren desse åra får ut- og heimreisetilskot.

Vilkår

For utanlandslektorordninga er det eigne standardvilkår og eit informasjonsskriv som gir rettleiing om arbeidet som utanlandslektor. Søkarar må gjere seg kjende med desse dokumenta.

Slik søker du

Søknaden skal sendes elektronisk via Jobbnorge.no. Søknaden må innehalde obligatoriske vedlegg. Sjå annonsen og søk stillinga på jobbnorge.no.

Krav til søknaden

Obligatoriske vedlegg inkluderer:

  • CV
  • Vitnemål/karakterutskrifter
  • Attestar på relevant arbeidserfaring

Vi vurderer ikkje søknadar som manglar dei obligatoriske vedlegga. Merk at avhandlingar (masteroppgåve o.a.) ikkje skal leggjast ved.

Rettleiing og malar

Slik behandlar vi søknaden

Det er programutvalet for ordninga for Noregskunnskap som vurderer søknadene (CV, søknad og vedlagde dokumentasjon). Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til eit intervju med utvalet etter søknadsfristen.

Innstillinga frå utvalet vil bli lagt fram til lærestaden i utlandet, og det er universitetet som sjølv kontaktar søkjarane og kjem med det endelege tilbodet. Universiteta kan også be om eit intervju med ein eller fleire aktuelle kandidatar.