Hopp til hovudinnhald

Felles klagenemnd for klagesaker

Nemnda handsamar klager på enkeltvedtak som er gjort av høgare utdanningsinstitusjonar overfor studentar etter universitets- og høyskoleloven.

Sist oppdatert : 13. desember 2024

Møte og referat

2023

Vedtak

Vedtak fattet av Felles klagenemnd publiseres fortløpende i anonymisert form, så fremt det er mulig å overholde taushetsplikten.

Om Felles klagenemnd

Frå og med 1. august 2024 handsamar Felles klagenemnd klager på enkeltvedtak som er gjort av høgare utdanningsinstitusjonar overfor studentar etter universitets- og høyskoleloven 2024 § 12-1 til § 12-9 og § 13-2 andre ledd, jf. universitets- og høyskoleforskriften kapittel 8. I ein overgangsperiode vil nemnda handsame klager på enkeltvedtak overfor studentar etter universitets- og høyskoleloven 2005 §§ 3-7 (8), 4-7 til 4-10 og 7-9.

Etter 1. august 2024 vil ikkje Felles klagenemnd handsame klager på avgjerder som gjeld krav om dokumentinnsyn etter offentleglova eller forvaltningslova. Kunnskapsdepartementet har delegert denne oppgåva til HK-dir, som vil vere rett klageinstans fra denne datoen. Klagesaker skal sendast til direktoratet som før, anten via e-post til innsyn-klageinstans@hkdir.no eller ved hjelp av eFormidling.

Felles klagenemnd har av sju medlemmer, utpeikt av Kunnskapsdepartementet. Nemnda si sakshandsaming er skriftleg, og nemnda kan prøve alle sider av saker den mottek. HK-dir er sekretariat for nemnda, og ansvarleg for å ta imot, førebu og leggje til rette klagesakshandsaminga til nemnda.

Medlemmer og sekretariat

Klagesaker som skal oversendast til Felles klagenemnd

Klager på enkeltvedtak gjort med heimel i fylgjande av universitets- og høyskoleloven sine føresegner handsamast av Felles klagenemnd:

  • § 3-7 (8) om reaksjoner ved bruk av falske dokumenter med videre
  • § 4-7 om annullering av eksamen eller prøve
  • § 4-8 om utestenging og bortvisning
  • § 4-8 om salærnedsettelse
  • § 4-9 om utestenging grunnet straffbare forhold – politiattest
  • § 4-10 om utestenging etter skikkethetsvurdering
  • § 7-9 om bruk av klesplagg som helt eller delvis dekker ansiktet

Frå og med 1. august 2024:

  • Klager på enkeltvedtak gjort med heimel i universitets- og høyskoleloven 2024 § 12-1 til § 12-9 og § 13-2 andre ledd.

Klagesaker knytt til andre vedtak/avgjersler enn dei som er nevnt ovanfor vil ikkje bli handsama av Felles klagenemnd, og vil bli returnert.

Etter 1. august 2024 skal klager på avgjerder som gjeld krav om dokumentinnsyn sendast til HK-dir som før, men med direktoratet som mottakar i staden for nemnda.

Oversending av klagesaker til Felles klagenemnd og HK-dir

Før framsending av klagesaker må utdanningsinstitusjonen vurdere om det opprinnelege vedtaket/den opprinnelege avgjerda bør omgjerast, jf. forvaltningslova § 35.

Dersom vedtaket/avgjerda oppretthaldast/stadfestast av institusjonen, skal institusjonen utan ugrunna opphald oversende klagesaka til Felles klagenemnd, eller til HK-dir, for innsynsklagesaker for vidare handsaming.

Ved oversending av klagesaker, må institusjonen sjå til at alle relevante dokument er inkluderte, og at saka er framstilt på ein ryddig og oversiktleg måte. Nærare vegleiing ved oversending av klagesaker, kan ein finne i vegleiar for oversending av saker (PDF).

Vi ber om at klagesaksdokumenta oversendast elektronisk via fellesløysinga eFormidling.

Dersom dette av ulike årsaker ikkje lar seg gjere, kan klagesaker også oversendast kryptert via fildeletenesta Filesender, kor passordet sendast per SMS til ein avtalt mottakar. For å avtale mottakar, kan ein sende ein førespurnad til post@hkdir.no. Klagesaker knytt til universitets- og høyskoleloven sendast til e-postadressa post@hkdir.no, og klagesaker knytt til offentleglova/forvaltningslova sendast til e-postadressa innsyn-klageinstans@hkdir.no.

Klagesaker kan etter avtale også oversendast per post. Førehandsavtala oversending per post rettast til:

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
v/ Felles klagenemnd
Postboks 1093
5809 Bergen

Årsmeldingar for Felles klagenemnd

Felles klagenemnd gjev kvart år ei årsmelding til Kunnskapsdepartementet, som m.a. gjev oversikt over sakstilfanget og vedtak gjort i det aktuelle året.

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00