Småskalapartnarskap (KA210) rettar seg mot søkarar som ønsker å ta steget mot eit europeisk samarbeid innan utdanning og kompetanseutvikling. Tiltaket passar difor særleg for nye og uerfarne søkarar til Erasmus+.
Kven kan søke
Småskalapartnarskap rettar seg særskilt mot grasrotorganisasjonar, nykommarar og uerfarne søkarar som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå tidlegare. Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar kan søke, så framt effekten og målgruppene ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:
- barnehage og skule
- fag- og yrkesopplæring (inkludert fagskular)
- vaksne si læring
De kan samarbeide med ein eller fleire partnarar i Europa. Partnarskapet må bestå av minst to organisasjonar/institusjonar frå Erasmus+-land (medlemslanda i EU samt Norge, Island, Liechtenstein, Serbia, Tyrkia, Nord-Makedonia, Sveits og Storbritannia). Om de ønsker det, kan de òg involvere fleire lokale aktørar i partnarskapet.
Same organisasjon (éin OID) kan ikkje vera involvert i meir enn 5 søknader totalt per utlysing, og berre éin av dei som koordinator.
For småskalapartnarskap vil det i 2027 berre vera éi utlysing.

Søknadsfrist
9. mars 2027 kl. 12.00 (CET)
Om tilskotet
Tilskotsbeløp
Ein søker om eit sekkebeløp på anten 30 000 EUR eller 60 000 EUR. Ein vel det beløpet som passer best basert på kva aktivitetar ein ønsker å gjennomføre.
Sjå også handbok for sekkebeløp:
Handboka for 2027 vert publisert her så snart ho er tilgjengeleg.
Slik søker du
For å få tilgang til søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte (europa.eu).
I Erasmusportalen finn du søknadsskjemaet for småskalapartnarskap (KA210 – Small-scale partnerships) innanfor respektive sektorar under menypunktet «Opportunities». Søknaden er eit online-skjema og blir lagra automatisk når du jobbar i det. Du kan også gi tilgang til andre som kan redigere søknaden.
Organisasjons-ID (OID)
Alle skular og organisasjonar som søker om Erasmus+-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, blir relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere din institusjon i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations».
Ver tidleg ute med søknaden!
Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har vi tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem. Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber vi om at du tar kontakt med oss på e-post: erasmuspluss@hkdir.no. Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.
Nyttig informasjon for deg som søker
- HK-dir har utarbeidd eit søknadsskjema med rettleiing til korleis fylle ut søknaden. Ver obs på at denne er frå 2026 utlysninga. Ei oppdatert rettleiing for 2027 vil bli publisert så snart søknadsskjemaet for 2027 er klart.
- På Erasmus+ Project Results Platform finn du ei oversikt over alle tildelte Erasmus+ prosjekt, inkludert Småskalapartnerskap (KA210). Her kan du hente inspirasjon og sjå kva som allereie er gjort på området du ønskjer å arbeide med.
- For skule og barnehage, fag- og yrkesopplæring og vaksne si læring: HK-dir har utvikla eigne ressurssider for desse sektorane. Her finn du samla informasjon om kven som kan søkje, korleis du kjem i gang, og kva moglegheiter Erasmus+ gir. Sjå ressurssidene for skule og barnehage, fag- og yrkesopplæring og vaksne si læring.
Slik behandlar vi søknaden
Behandling og vurdering av søknad
- Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar først at søknaden oppfyller alle formelle kriterium.
- Sjekk av originalt innhald: Alle prosjektsøknader må innehalda originalt innhald skrive av søkjaren sjølv, eller i samarbeid med partnarar. Sjå Programguiden del C, informasjon til søkarar.
- Sjekk av operasjonell kapasitet: HK-dir gjennomfører ein kontroll for å vurdere om det er sannsynleg at søkarorganisasjonen har den nødvendige kapasiteten som trengs for å gjennomføre prosjektet den søker på. Du kan lese meir om det her.
- Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert av uavhengige ekspertar etter fastsette kriterium. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.