Hopp til hovudinnhald

Nettside under konstruksjon

Nettside under konstruksjon

hkdir.no fylles fortsatt med innhold og funksjonalitet. Du vil derfor oppleve at noe innhold fortsatt befinner seg på andre nettsteder, at det mangler eller at det er funksjonalitet som ikke virker 100%. Ta kontakt med oss på post@hkdir.no hvis du savner innhold.

Småskalapartnerskap Erasmus+

• Erasmus+

Småskalapartnarskap (KA210) rettar seg mot søkarar som ønsker å ta steget mot eit europeisk samarbeid innan utdanning og kompetanseutvikling. Tiltaket passar difor særleg for nye og uerfarne søkarar til Erasmus+.

Kven kan søke

Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar kan søke, så framt effekten og målgruppene ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:

  • barnehage og skule
  • fag- og yrkesopplæring
  • vaksne si læring

I tillegg rettar småskalapartnarskap seg særskilt mot grasrotorganisasjonar, nykommarar og uerfarne søkarar som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå tidlegare.

Søknadsfrist

4. oktober 2023 kl. 10.00

Slik søker du

For å få tilgang til søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte.

I Erasmusportalen finn du søknadsskjemaet for småskalapartnarskap (KA210 – Small-scale partnerships) innanfor respektive sektorar under menypunktet «Opportunities». Søknaden er eit online-skjema og lagrast automatisk når du jobbar i det. Du kan også gi tilgang til andre som kan redigere søknaden. 

Alle skular og organisasjonar som søker om Erasmus-midlar må skaffe seg ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir organisasjons-ID i søknaden, blir relevant informasjon om organisasjonen automatisk fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer frå før, eller registrere din institusjon i Erasmusportalen under menypunktet «Organisations». 

Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber vi om at du tar kontakt med oss på e-post: erasmuspluss@hkdir.no . Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.

Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har vi god tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem.

Slik behandlar vi søknaden

Behandling og vurdering av søknad

  • Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar fyrst at søknaden oppfyller alle formelle kriteria.
  • Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriteria i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+ .
  • Sjekk av operasjonell kapasitet: HK-dir gjennomfører ein kontroll av den operasjonelle kapasiteten til søkarorganisasjonen. Du kan lese meir om det her.

Rapportering og oppfølging

Det er berre krav om ein sluttrapport som sendast til HK-dir når prosjektet er avslutta.

Du finn informasjon om rapportering under Opplæringsmoduler (erasmuspluss.no).

Kontakt oss

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no