Hopp til hovudinnhald

Småskalapartnarskap

Småskalapartnarskap (KA210) rettar seg mot søkarar som ønsker å ta steget mot eit europeisk samarbeid innan utdanning og kompetanseutvikling. Tiltaket passar difor særleg for nye og uerfarne søkarar til Erasmus+-programmet.

Sist oppdatert : 19. november 2024

Målet med småskalapartnarskap

Hovudmålet med småskalapartnarskap er å få med fleire inn i Erasmus+- programmet, særleg nye og uerfarne søkarar.

Tiltaket skal:

  • Styrke kvaliteten i arbeidet til involverte organisasjonar og institusjonar.
  • Medverke til utvikling av europeiske nettverk og utveksling av erfaringar.
  • Utforske og adressere felles behov og prioriteringar.
  • Medverke til endring (på individuelt, organisatorisk og sektornivå) som fører til betre praksis og nye metodar.

Mål og innhald i prosjekta varierer mykje. Det viktigaste er at målet i prosjektet adresserer ein av dei horisontale og/eller sektorspesifikke prioriteringane i Erasmus+-programmet. Du kan lese meir om prioriteringane på programsida til Erasmus+ eller i programguiden for Erasmus+.

Kven kan søke?

Alle typar organisasjonar og utdanningsinstitusjonar kan søke, så framt effekten og målgruppene ligg i ein eller fleire av følgande sektorar:

  • barnehage og skule
  • fag- og yrkesopplæring
  • vaksne si læring

I tillegg rettar småskalapartnarskap seg særskilt mot grasrotorganisasjonar, nykommarar og uerfarne søkarar som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå tidlegare.

De kan samarbeide med ein eller fleire partnarar i Europa. Partnarskapet må bestå av minst to organisasjonar/institusjonar frå Erasmus+-land (medlemslanda i EU samt Norge, Island, Liechtenstein, Serbia, Tyrkia eller Nord-Makedonia). Om de ønsker det, kan de òg involvere fleire lokale aktørar i partnarskapet.

Ver merksam på at det inntil vidare er avgrensingar på kva for ungarske institusjonar som kan delta som partnarar i prosjekt, ref. Council Implementing Decision (EU) 2022/2506 of 15 December 2022 on measures for the protection of the Union budget against breaches of the principles of the rule of law in Hungary. Sjå lista over institusjonar som er omfatta av rådsbeslutninga her (PDF).

Kva kan du søke om støtte til?

I småskalapartnarskap kan ein søke støtte til europeiske partnarskap med mål om å utvikle og styrke nettverk, auke kvaliteten i arbeidet og oppgåvene i organisasjonen/institusjonen, få inspirasjon til samhandling på eit europeisk nivå, samt utveksling av metodar, erfaringar og god praksis tilknytt utdanning og kompetanseutvikling. Ein kan òg bruke eit småskalapartnarskap til å løyse ei konkret felles utfordring.

Ein kan til dømes søke om støtte til gjennomføring av ulike aktivitetar, slik som workshops, utvikling av læringsmodular og kurs, besøk til lokale aktørar, materiell og utstyr samt aktivitetar som bidreg til internasjonal nettverksbygging og spreiing av prosjektresultat.

Eit småskalapartnarskap må adressere ei av fleire sektorspesifikke prioriteringar og/eller ei av dei horisontale prioriteringane i Erasmus+-programmet.

Kor mykje kan du søke om?

Ein søker om eit sekkebeløp på anten 30 000 EUR eller 60 000 EUR. Ein vel det beløpet som passer best basert på kva aktivitetar ein ønsker å gjennomføre. Kommisjonen har laga ei handbok for den nye sekkebeløpsmodellen som vi anbefaler at de les.

Handbok til sekkebeløp 2025 kjem.

For meir utfyllande informasjon om småskalapartnarskap, sjå informasjonsmodulane og ressursane i boksane nedanfor.

For deg som har pågåande prosjekt

Her har vi samla vedlegg til kontrakten og andre dokument, verktøy og ressursar som de kan ha bruk for under prosjektet, frå oppstart til avslutning:

Kontakt oss

Erasmus+

E-post:erasmuspluss@hkdir.no