Informasjonswebinar Erasmus+ Småskalapartnarskap (KA210)
Ønskjer de å ta steget mot eit europeisk samarbeid innan utdanning og kompetanseutvikling? Velkommen på nettseminar om moglegheitene som finst i Småskalapartnarskap!
Om arrangementet
I samband med utlysinga for Erasmus+ Småskalapartnarskap (KA210), inviterer HK-dir til nettseminar med informasjon om tiltaket.
Møtet finn stad 11. desember, kl. 14:00-15.30. Påmelding kjem snart.
Meir informasjon om tiltaket finn du på nettsidene våre.
Kven kan delta?
Arrangementet er ope for alle aktørar som er interesserte i å søke midlar til småskalapartnarskap innanfor sektorane skule og barnehage, vaksne si læring og fag- og yrkesopplæring.
Fordi småskalapartnarskap skal vere ein inngangsport til Erasmus+, retter tiltaket seg særskilt mot nykommarar og uerfarne søkarar som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå tidlegare. Innhaldet i nettseminaret er difor særleg retta mot desse aktørane.
Det vil vere moglegheit for å stille spørsmål undervegs.
Andre arrangement for potensielle søkarar til småskalapartnarskap:
- Søkarwebinar: Torsdag 15. januar kl. 13.30-15.30. Eige arrangement kjem.
- Open søknadskafé: Tysdag 20. januar kl. 14.00-15.30. Eige arrangement kjem.
