Søkarwebinar Erasmus+ Småskalapartnarskap
Er du i gong med søknad til Småskalapartnarskap (KA210) og treng innspel til korleis skrive ein god søknad? Meld deg på søkarwebinar!
Tidspunkt: 13. januar 2026 kl. 13.30- 13. januar 2026 kl. 14.45
Stad: • Digitalt
Om arrangementet
I dette nettseminaret vil HK-dir snakke om kva som er viktig å ha i bakhovudet når ein skriv ein søknad til Småskalapartnarskap (KA210). Sjå lenke til påmelding nedanfor.
Vi vil mellom anna komme innom:
- Søknadskriterium
- Korleis identifisere og beskrive eit reelt behov som prosjektet kan svare på
- Kva som kjenneteiknar gode, små og gjennomførbare aktivitetar i KA210
- Litt om søknadsskjema, finansieringsmodellen (lump sum)
- Generelle tips
Det vil vere høve for å stille spørsmål undervegs og etter presentasjonen.

Påmeldingsfrist
13. januar 2026 kl. 13.29 (CET)