Hopp til hovudinnhald
Gå til framsida
Last ned (PDF, 2.07 MB)

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2026

Samandrag

Studentvekst driven av dei største fagområda

I 2025 var det 36 100 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning, ein auke på seks prosent frå året før.

Den totale studentveksten er i hovudsak konsentrert til dei største fagområda. Tekniske fag, helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjonsfag omfattar til saman over tre firedelar av studentane, og det er òg innanfor desse fagområda den sterkaste veksten dei siste åra har kome. Innan helse- og velferdsfag har særleg oppvekstfaga hatt ein markant auke i studenttal. IT-fag er for første gong skilt ut som eige fagområde i rapporten. Etter fleire år med vekst har talet på IT-studentar flata ut. Samstundes veks studenttalet ved dei offentlege fagskulane.

Auke i samlingsbaserte tilbod

Dei fleste studentane tek fleksible tilbod. Rundt tre firedelar av studentane tek utdanning på deltid i 2025. Nettbaserte utdanningar med og utan samling har etablert seg som dei mest vanlege utdanningsformane, og i 2025 tok nærare halvparten av studentane eit samlingsbasert tilbod, og ein tredel eit tilbod som var heilt nettbasert.

Høg studiepoengproduksjon

Utviklinga i opptak og talet på uteksaminerte følgjer i hovudsak veksten i studentmassen. Studiepoengproduksjonen er gjennomgåande høg, noko som indikerer god gjennomføring i ein sektor der deltidsstudium og digitale løysingar er dominerande. Det er likevel variasjonar i studiepoengproduksjon mellom ulike utdanningsformer, fagområde og mellom studentar på heiltid og deltid.

Større fagskular og meir geografisk tilgjenge

I 2025 omfattar fagskulesektoren 61 fagskular, fordelte på 18 offentlege og 43 private, med samla aktivitet på 188 studiestader. Det er stor variasjon i institusjonsstorleik, men utviklinga peikar i retning av fleire større fagskular med brei geografisk fordeling av studiestader.

Fleire utdanningstilbod og vekst i fleksible løysingar

Hausten 2025 var det registrert over 450 unike utdanningstilbod, og når ein tek omsyn til variasjonar i geografisk plassering, organisering og utdanningsform, omfattar dette over 2 000 ulike utdanningstilbod. Det er flest tilbod innan helse- og velferdsfag, tekniske fag og økonomi- og administrasjonsfag. Dei siste åra har talet på utdanningstilbod innan IT-fag og økonomi- og administrasjonsfag auka. Korte utdanningar under 60 studiepoeng og deltidsutdanningar utgjer ein vesentleg del av tilbodsstrukturen og har hatt ein særleg sterk vekst innan tekniske fag.

Akkreditering gir større fagleg handlingsrom

I 2025 hadde 17 fagskular fagområdeakkreditering på eitt eller fleire fagområde, med totalt 38 fagområdeakkrediteringar. Dette gir fagskulane større fagleg handlingsrom og høve til å utvikle og endre utdanningstilbod i takt med endra kompetansebehov i arbeidslivet. Dette er ein auke på om lag ni fagskular og 24 fagområdeakkrediteringar sidan 2021.

Offentlege midlar er hovudgrunnlaget for sektoren

I 2025 vart det brukt om lag tre milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning. Det statlege driftstilskotet utgjorde 1,6 milliardar kroner, medan tilskot frå fylkeskommunane sine frie inntekter utgjorde 215 millionar kroner. Skulepengar utgjorde samla 857 millionar kroner, der hovuddelen kom til private fagskular.

Auka offentleg finansiering gir fleire studieplassar og høgare produksjon

Utviklinga viser at offentlege midlar løyvde til nye studieplassar gir auka aktivitet i form av fleire heiltidsekvivalentar og høgare studiepoengproduksjon, i tråd med forventa vekst. Samstundes har offentleg finansierte utdanningstilbod gjennomgåande høgare studiepoengproduksjon enn skulepengefinansierte tilbod.

Vedlegg

  • Datagrunnlag for alle figurar og tabellar er tilgjengeleg på: https://vedlegg.hkdir.no/TRHYU/2026
  • Der finn ein òg datagrunnlag for tidsseriar og andre tabellar som ikkje er viste i sjølve rapporten.
  • Fylkesoversikter – statistikk og omtale av dei einskilde fylka. Her presenterer vi eit utval av statistikk om høgare yrkesfagleg utdanning ved studiestadene i kvar enkelt fylkeskommune.

Vi nyttar omgrepet «om lag» grunna institusjonsendringar som fusjon og nedlegging i perioden