Hopp til hovudinnhald

Karriererettleiing for integrering

Slik er organiseringa av karriererettleiing for flyktningar.

Sist oppdatert : 28. oktober 2023

Nykomne flyktningar og innvandrarar, som har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet, har òg rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing, jmf integreringslova §§ 10 og 11. Målet er å medverke til at den einskilde kan ta informerte val om arbeid og utdanning og til at introduksjonsprogrammet blir tilpassa den einskildes behov.

Det er kommunane som har ansvar for å tilrettelegge introduksjonsprogrammet i tråd med intensjonar og føresegn i lova og forskriftene. Kommunen skal syrgje for kompetansekartlegging, medrekna å registrere og dele opplysningar frå kompetansekartleggingen med fylkeskommunen. Kompetansekartleggingen skal leggje grunnlag for karriererettleiinga.

Fylkeskommunen skal syrgje for karriererettleiingstilbodet, medrekna å registrere og dele opplysningar frå karriererettleiinga med kommunen. Det er dei fylkeskommunale karrieresentra som gjennomfører karriererettleiinga saman med flyktningen.

Livsmeistring i eit nytt land er eit obligatorisk element for alle deltakarar i introduksjonsprogrammet. Deltakarane skal få minimum 15 timar om temaet Karrierekompetanse, inkludert kunnskap om arbeid og utdanning, jmf integreringsforskriften § 4. Det er kommunane som er ansvarleg for tilbodet.

Karriererettleiing i integreringsmottak er ikkje lovregulert. Fylkeskommunale karrieresentre kan søkje HK-dir om tilskot til karriererettleiiing i integreringsmottak. For å få tilskot må karrieresenteret ha ei samarbeidsavtale med ei kommune som har etablert integreringsmottak. I integreringsmottaka deltek bebuarane i eit fulltidsprogram der karriererettleiing er ein del av programmet. Tilbodet skal gjere deltakarane best mogleg rusta for vidare kvalifisering, og vidare busetjing skal skje i ein kommune som passar kvalifiseringsbehova til den einskilde bebuar.

Ressursar

HK-dir har utvikla nokre digitale ressursar for rettleiarar og nykomne flyktningar og innvandrarar.

For rettleiarar i karrierekompetanse

Ressurs for rettleiarar i karrierekompetanse er ein nettressurs for grupperettleiarar og lærarar som skal planleggje og gjennomføre timane i temaområdet Karrierekompetanse i standardelementet Livsmestring i eit nytt land i introduksjonsprogrammet.

Ressursen inneheld fagstoff og nyttige lenkjer, forslag til oppgåver og tips til førebuing for rettleiarane/lærarane.

Ressursen må sjåast i samanheng med dei generelle anbefalingane for gjennomføring som finst i Fagressurs for introduksjonsprogrammet, Livsmestring i eit nytt land, hos Imdi.

Sjå film om karriererettleiing

Film om karriererettleiing som beskriv kva karriererettleiing er og kan medverke til for enkeltpersonar. Filmen fokuserer på situasjonar i livet der karriererettleiing kan gi den einskilde betre oversikt over moglegheiter og hjelp til å ta gode val.

Filmen finnst på norsk, engelsk, fransk, arabisk, ukrainsk og russisk.

Pågåande arbeid

HK-dir har ansvar for å støtte og rettleie fylkeskommunane i deira oppdrag med karriererettleiing for nykomne flyktningar og innvandrarar, inkludert oppfølging av dei fylkeskommunane som gjennomfører karriererettleiing i integreringsmottak.

HK-dir har óg ansvar for å støtte kommunar i å utvikle og gjennomføre undervisning og rettleiing i Karrierekompetanse, som er eitt av to temaområde i standardelementet Livsmestring i eit nytt land i introduksjonsprogrammet.