Hopp til hovudinnhald

Nasjonalt forum for karriererettleiing

Nasjonalt forum for karriererettleiing skal gi sentrale aktørar moglegheit til å drøfte status, utvikling og problemstillingar på karriererettleiingsfeltet.

Sist oppdatert : 28. oktober 2023

Om forumet

Forumet skal tileigne seg aktuell kunnskap og informasjon og gi innspel til Nasjonal eining for karriererettleiing sitt arbeid. Tema for møta vil vere aktuelle tiltak og problemstillingar som eininga arbeider med, relevante undersøkingar, faglege tema og tema medlemmane i forumet ønskjer å lyfte fram.

Forumet speglar representasjonen i dei fylkesvise nettverka for karriererettleiing: styresmakter, interesseorganisasjonar og tilbydarar. Det består i dag av representantar for mange ulike organisasjonar/aktørar. Medlemmane i forumet blir forventa å bringe problemstillingane som blir drøfte i forumet vidare til medlemmane sine og ta med innspel og aktuelle spørsmål tilbake.

Nasjonalt forum for karriererettleiing har vanlegvis to møte i året. Kvar organisasjon/aktør deltek med ein representant på møta. Kommune- og fylkeskommunenivået har inntil tre representantar kvar. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse leier forumet.

Referat frå møter