Hopp til hovudinnhald

Kvalifiseringsliste for utvida stipend til dekning av skulepengar ved utvalde lærestader i land utanfor Norden

Norske studentar kan ha rett på utvida stipend frå Lånekassen når dei studerer ved enkelte utanlandske universitet og høgskular av særs høg kvalitet. Her finn du oppdatert liste over desse institusjonane.

Sist oppdatert : 3. april 2024

Utvida stipend til dekning av skulepengar ved utvalde lærestader 2024/2025

Norske statsborgarar får ved utanlandstudiar utanfor Norden som hovudregel dekka skulepengar med inntil 157 960 kr i året. Dei som må betale meir kan få ytterlegare støtte ved utvalde lærestader av særs høg kvalitet utanfor Norden, som såkalla utvida stipend til dekning av skulepengar (tidlegare tilleggsstipend) (inntil 85 407 kr) eller i form av ekstralån (kr 122 384 kr). Totalt kan ein da få inntil 365 751 kr i lån og stipend per undervisningsår. Desse satsane er for skoleåret 2024/2025.

Det er berre lærestadane som står på kvalifiseringslista for utvida stipend til dekning av skulepengar som utløyser rett til utvida stipend. Kvalifiseringslista er ei kvalitetsrangering og er sett opp utan omsyn til kor vidt lærestadane krev skulepengar i det heile eller kor vidt skulepengane er så høge at ein treng utvida stipend for å dekke dei. Mange lærestader på kvalifiseringslista for utvida stipend har ikkje skulepengar. Skulepengar er i seg sjølv ikkje eit kvalitetsmål: at ein lærestad krev høge skulepengar betyr ikkje at utdanninga der er av betre kvalitet enn hos ein lærestad som ikkje krev skulepengar.

Merk: Lånekassen betaler ut utvida stipend til dekning av skulepengar ved utvalde lærestader i land utanfor Norden. HK-dir har fått delegert ansvaret frå Kunnskapsdepartementet til å setje opp kvalifiseringslista. Lånekassen skriv på sine sider at ein ikkje treng å søke spesielt for å få utvida stipend.

Kvalifiseringslista for utvida stipend byggjer på to internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet frå heile verda. Dei to rangeringane er Times Higher Education si rangering over verdsuniversitet og Academic Ranking of World Universities - ARWU. ARWU vert òg kalla Shanghai-rangeringa. Plasseringa i kvar av desse to rangeringane vert slege saman til ein poengsum for institusjonen. Denne er så brukt for å rangere kvalifiseringslista for utvida stipend.

Kva skjer når kvalifiseringslista vert endra frå år til år?

Kvalifiseringslista vert revidert kvart år. Dersom du er i gong med ein grad ved ein lærestad som då du byrja sto på kvalifiseringslista, vil du behalde utvida stipend for heile graden sjølv om lærestaden fell ut av lista ved ei seinare revidering. Dersom du går på ein lærestad som ved listerevidering etter at du har byrja kjem inn under ordninga, har du rett på utvida stipend frå og med det skuleåret der lærestaden kom med og til du har fullført grada di. Dersom lærestaden din kjem inn på lista medan du er under utdanning kan du ikkje krevje utvida stipend bakover i tid. For enkeltvise utvekslingssemester som del av ein grad er det kvalifiseringslista for det skuleåret utvekslinga skjer som gjeld, sjølv om utvekslinga har vore planlagt i fleire år. Merk at for enkeltvise utvekslingssemester kan norske lærestader ha samarbeidsavtalar som reduserer skulepengesatsen for deira studentar.

Lista for studieåret 2024/25

Lista er ordna alfabetisk på land. Lærestadene er igjen oppført alfabetisk under kvart land. Talet på godkjende lærestader per land står i parentes. Merk at der namnet på lærestaden peikar mot ein særskild campus eller avdeling av lærestaden, så er det berre denne campusen/avdelinga som kvalifiserer til utvida stipend. Til dømes har University of California ti ulike campusar, men berre fem av dei kvalifiserer til utvida stipend.

Studentar som allereie er i gong med eit studium ved eit av universiteta som fell ut av lista, vil framleis ha rett til å fullføra graden med lån og stipend.

Kontakt oss

Aurora Hårtveit

E-post:aurora.hartveit@hkdir.no