Ein god veg inn!
Korleis kan vi bidra til at ukrainske flyktningar får brukt kompetansen dei allereie har? I dette prosjektet samarbeider Karriereveiledning.no og Godkjenning av utanlandsk utdanning om å utvikle digitale løysingar som støttar dette.
Sist oppdatert : 4. november 2025Bakgrunn
HK-dir si teneste for godkjenning av utanlandsk utdanning opplever auka pågang. Talet på søknader har auka med over 40 prosent dei siste åra, og det er særleg mange søkjarar frå Ukraina. Auka etterspurnad har ført til lengre saksbehandlingstid og større behov for god og tilgjengeleg informasjon – både for enkeltpersonar, for rettleiarar i integreringsapparatet og for arbeidsgivarar i rekrutteringsprosessar.
Mange ukrainarar som ikkje har relevant arbeidserfaring i forhold til utdanninga, vil trenge ekstra rettleiing etter å ha fått vurdert utdanninga si for å kunne komme ut i relevant jobb og/eller vidare studiar.
Hva utvikler vi?
Med støtte frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), utviklar vi derfor tre nye tenester som har som mål å lette overgangen til arbeidsmarknaden for ukrainske flyktningar. Desse tenestene skal også på sikt kunne takast i bruk for andre målgrupper som har behov for å ta i bruk den tekne med kompetansen sin frå utlandet. Vi utviklar tre tenester:
- Digital karriererettleiingsteneste for ukrainske flyktningar
- Rådstjeneste for arbeidsgivare om ukrainsk fagskuleutdanning
- Kvalifikasjonsdatabase
Vi ser også på korleis dei tre tenestene kan henge betre saman, slik at det blir enklare for brukarane å finne fram og bruke dei i samanheng. Sjå under for meir informasjon om tenestene som blir utvikla og kontaktinformasjon.
Tenestene vi tilbyr, vil vere gratis og i første omgang tilpassa ukrainarar, men kan bli utvida til andre grupper avhengig av behov.
Du kan lese meir om oppdraget frå AID frå 2024, på vår side om styrande dokument og årsrapport.
Digital karriererettleiingsteneste for ukrainarar
Prosjektet utviklar kvalitetssikra og digital karriererettleiing på ukrainsk etter modell av karriereveiledning.no. Målet er å hjelpa ukrainske flyktningar med å ta i bruk kompetansen og erfaringa si i den norske arbeidsmarknaden.
Ei tjeneste for flykningar og innvandrarar som vil søkje jobb i Noreg
Innhaldet som prosjektet utviklar, kan brukast på eiga hand. Det skal også kunna brukast av dei som rettleier ukrainske flyktningar. Til dømes karriererettleiarar på karrieresentera i fylkeskommunane, eller programrådgivarar i kommunane.
Nytt verktøy - «Hvordan søke jobb i Norge»
Verktøyet skal gjere prosessen meir oversiktleg for flyktningar og innvandrarar, gje praktisk hjelp til jobbsøking og syne veg til ressursar som kan vere til nytte.
Målet med verktøyet er å gjere folk betre til å søkje jobb. Det skal og gi ei enkel innføring i korleis jobbsøking går føre seg i Noreg.
Utvikling og innhald
Verktøyet «Hvordan søke jobb i Norge» vart lansert 30. juni 2025.
Innhaldet i verktøyet er utarbeidd med utgangspunkt i teori og praksis, og byggjer òg på erfaringar og innspelfrå fagfeltet.
Hausten og vinteren 2025 vil innhaldet bli vidareutvikla, og tenesta utvida.
For meir informasjon om tenesta, kontakt: kristin.jensen@hkdir.no eller magdalena.fosshaug@hkdir.no.
Rådsteneste for arbeidsgivarar om ukrainsk fagskuleutdanning
I denne tenesta utviklar me ei rådgivingsteneste som gjer arbeidsgivarar raskare svar frå HK-dir på spørsmål om ukrainsk fagskuleutdanning. Målet er å gjera det enklare for ukrainarar å komma raskare inn i arbeidslivet og bidra til ein raskare integreringsprosess.
Ein teneste for arbeidsgivarar
Frå 23. juni 2025 kan arbeidsgivarar ta kontakt med oss om for å vite korleis vi vurderer ukrainsk fagskuleutdanning gjennom turbovurderingstenesta. Tidlegare har arbeidsgivarar kunne spørje om vurdering av høgare utdanning.
Gjennom tenesta får du tilbakemelding innan fem verkedagar. Tilbodet er særleg aktuelt for arbeidsgivarar i rekrutteringsprosessar, eller for dei som ønskjer meir innsikt i utdanning som deira tilsette har frå utlandet.
For meir informasjon om denne tenesta, kontakt: godkjenning@hkdir.no.
Et verktøy for vurdering av utanlandske kvalifikasjonar
Det digitale verktøyet skal gi ei oversikt over utdanningssystem og kvalifikasjonar frå andre land, for å støtte arbeidsgivarar, saksbehandlarar og rettleiarar i vurdering og godkjenning av utanlandsk utdanning.
For meir informasjon om denne tenesta, kontakt: godkjenning@hkdir.no.