Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Dialogmøte om Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid

Styret i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid inviterer institusjonar som har doktorgradsstudentar i kunstnarleg utviklingsarbeid til dialogmøte.

Tidspunkt: 12. desember 2024 kl. 14.00- 12. desember 2024 kl. 15.15
Stad: • Digitalt

Om arrangementet

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid tilbyr opplæring i teori, metode og etikk for ph.d.-studentar i kunstnarleg utviklingsarbeid. 

Undervisninga foregår i fysiske og digitale seminar og nasjonale forum.

Forskarskulen har eit eige styre som fastset læringsutbytet og årleg kursplan. Styret har representantar frå dei deltakande institusjonane, samt to representantar frå stipendiatene. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ved Program for kunstnarleg utviklingsarbeid administrerer undervisninga.

Presentasjon og oppsummering

Agenda
  • Vidareutvikling av forskarskulen sitt undervisningstilbod – endringar frå og med studieåret 2024/2025
  • Innføring av progresjonsplan
  • Økonomi
  • Eventuelt
Kven kan delta?

Representantar frå

  • Høgskulen i Østfold
  • Høgskulen i Volda
  • Kunsthøgskulen i Oslo
  • Noregs musikkhøgskule
  • NTNU
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Innlandet
  • Universitetet i Stavanger
  • UiT - Noregs arktiske universitet

Målgruppa for dialogmøtet er fagleg og administrativt tilsette med mynde i høve forskarskulen, til dømes rektorar, dekanar, instituttleiarar, avdelingsleiarar og leiarar for Ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid. Det vert lagt opp til diskusjon, dvs. at møtet ikkje er retta mot observatørar. Dersom ein primært ønskjer informasjon, viser me til informasjonsmøte for forskingskoordinatorar og andre, som vert arrangert to gongar årleg. Me legg også ut eit kort referat frå møtet på arrangementssida i ettertid.

Me ber om samla påmelding frå kvar institusjon som er knytta til forskarskulen til pku@hkdir.no innan 10. desember.

Påmeldingsfrist

Utløpt (CET)

Kontakt oss

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

E-post:pku@hkdir.no