Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid tilbyr opplæring i teori, metode og etikk for stipendiatar i kunstnarleg utviklingsarbeid. Stipendiaten må være tatt opp i eit doktorgradsprogram i kunstnarleg utviklingsarbeid ved ein norsk institusjon.

Kva er Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid

Forskarskulen tilbyr opplæring tilsvarande eit emne på 20 studiepoeng, og er obligatorisk for stipendiatar som er tatt opp i ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Er du stipendiat?

Institusjonen du er tilsett ved registrerer deg som deltakar i forskarskulen. Straks du er registrert, sender vi deg e-post med informasjon om forskarskulen.

Kven står bak

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid er ein del av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og vert finansiert av Kunnskapsdepartementet.

Kontakt oss

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

E-post:pku@hkdir.no