Tilskot til omsetjing av læremiddel til nynorsk 2025-2026
Utlysinga gjeld læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne etter integreringslova. Ein kan søkje om tilskot til omsetjing og mindre revisjon av slike læremiddel til nynorsk.
Kven kan søke
Forlag eller andre som produserer læremiddel, kan søke om tilskot til å omsetje eit av sine eksisterande læremiddel.
Den verksemda som står som søkjar, har ansvaret for å ta i mot og forvalte tilskotet, halde kontakt med HK-dir undervegs i prosjektet, og rapportere når prosjektet er avslutta.
12. februar 2025 kl. 15.00 (CET)
Om tilskotet
Formål
Tilskotet skal bidra til at læremiddel som brukast i opplæringa i norsk for vaksne innvandrarar, blir produserte og gjort tilgjengelege på begge målfomer.
Tilskotsbeløp
Total ramme for tildeling av tilskot er 1 500 000 kroner.
Tilskotet kan dekke direkte kostnadar til gjennomføringa av prosjektet, og skal avstemmast mot rekneskap etter gjennomføring. Ein kan ikkje nytte tilskotet til investeringar i eigedom, utstyr, inventar eller liknande.
Vilkår
Læremidla som skal omsetjast, skal byggje på Læreplan i norsk for voksne innvandrere – Nivå A1–B2 | HK-dir, og vere fleksible, differensierte og tilrettelagde for individuell tilpassing.
Prioriterte område:
- Omsetje læremiddel på nivået B1-B2, der ein legg til rette for arbeidsretting av opplæringa.
- Omsetje læremiddel på nivået B1-B2, der ein legg til rette for fleksibel og nettbasert norskopplæring.
- Omsetje og komplettere læremiddelpakker på alle nivå, slik at alle ressursane som høyrer til et læremiddel, finst på nynorsk.
Ein kan søke om tilskot til trykte læremiddel, digitale læremiddel eller ein kombinasjon av trykte og digitale komponentar.
Frist for ferdigstilling: 1. oktober 2026.
Slik søker du
Krav til søknaden
Søknaden skal innehalde:
- Opplysningar om søkjarverksemda
- Namn på kontaktperson for prosjektet
- Opplysningar om læremiddelet som skal omsetjast; tittel, forfattar(ar), læreplan og utgivingsform
- Kort om prosjektet; kva for komponentar inngår, korleis vil ein kvalitetssikre det
- Budsjett
- Plan for framdrift
Budsjett og plan skal sannsynleggjere at prosjektet kan gjennomførast.
Søknadane blir behandla med dei opplysningane som ligg føre når søknadsfristen går ut. Søknadar som blir sende inn gjennom andre kanalar, eller ikkje er komplette når søknadsfristen går ut, vil ikkje bli behandla.
Registrer søknad
Du kan sende søknaden til post@hkdir.no og merke med «Tilskot til omsetjing av læremiddel til nynorsk».
Om du har spørsmål om utlysinga, send e-post til post@hkdir.no. Merk emnefeltet med “Tilskot til omsetjing av læremiddel til nynorsk”.
Slik behandlar vi søknaden
Slik vurderer vi søknaden
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse prioriterer innkomne søknader etter ei heilskapleg vurdering dersom søkt sum er høgare enn det ein lys ut.
Ein legg vekt på at det i arbeidet med omsetjinga kan vere nødvendig å gjere mindre endringar og omarbeidingar i tillegg til omsetjing. Døme på slike mindre endringar er der bokmål og nynorsk skil seg frå kvarandre på ein slik måte at døme, oppgåver eller forklaringar ikkje gjev meining på nynorsk.
Når får du svar?
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vurderer søknadane med ein gong etter at fristen er ute.
Rapportering og oppfølging
Tilsegna vil innehalde meir informasjon om rapportering, utbetaling av tilskotet og anna.