Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift - utlysing for 2027–2030
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) lyser ut tilskot i Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrifter for perioden 2027–2030.
Kven kan søke
Målgruppa for ordninga er norskspråklege vitskapelege opne tidsskrift av høg kvalitet som har behov for økonomisk støtte for open publisering, fortrinnsvis diamant open tilgang. Utlysinga er open for fagområda humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helsefag, og realfag og teknologi.

Søknadsfrist
7. mai 2026 kl. 12.00 (CET)
Om tilskotet
Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift byggjer på nasjonale mål om at offentleg finansiert forsking skal vere opent tilgjengeleg, slik det blei slått fast i ei rekke stortingsmeldingar. Regjeringa ønskte å gjere norsk forsking meir tilgjengeleg både i og utanfor akademia, og ein etablerte derfor ei ordning som skulle støtte opne, norskspråklege vitskapelege tidsskrift i humaniora og samfunnsvitskap. Målet var både å sikre publisering på norsk av høg kvalitet og å støtte tidsskrift som ikkje kunne dekkje kostnadene sine knytte til open publisering gjennom abonnement åleine. Handlingsplanen for norsk språk i akademia og seinare nasjonale strategiar for forsking og publisering har understreka behovet for å styrkje norsk fagspråk, motverke nedgang i vitskapleg publisering på norsk til fordel for engelskog sørgje for gode norskspråklege publiseringskanalar.Ordninga er derfor eit sentralt verkemiddel for å sikre opne, norskspråklege diamanttidsskrift og bidra til at målet om full og open tilgang til forskingsresultat kan nåast, samstundes som norsk språk og norsk fagoffentlegheit blir tekne vare på.
I Meld. St. 14. (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden varsla regjeringa at dei vil«sørge for at Den nasjonale støtteordningen for åpne norskspråklige tidsskrifter i humaniora og samfunnsvitenskap (NÅHST) utvides for å sikre gode norskspråklige diamanttidsskrifter og norsk som fagspråk på flere fagområder». Årets utlysing er difor utvida til å gjelde medisin og helse, og realfag og teknologi i tillegg til humaniora og samfunnsvitskap og namnet til ordninga er endra til Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift.
Ordninga er ei oppfølging av stortingsmeldingane Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge (Humaniorameldinga), Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032(LTP), Meld. St. 14 (2024–2025), Sikker kunnskap i en usikker verden (Systemmeldinga) og Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (2023).
I tillegg til stortingsmeldingar og handlingsplanen er Strategi for norsk vitenskapelig publisering etter 2024 ein nyttig ressurs for å forstå bakgrunnen for ordninga.
Ordninga er finansiert av Kunnskapsdepartementet.
Formål
Formålet med denne utlysinga er å mogleggjere publisering av norskspråklege opne vitskapelege tidsskrift av høg kvalitet for å gi gratis og fri (utan restriksjonar) tilgang til resultat frå offentleg finansiert forsking.
Kva kan ein søke om?
Det kan søkast om inntil 550 000 kroner i årleg tilskot per tidsskrift. Tilskotet skal utelukkande brukast til å dekke kostnader direkte knytt til produksjon og digital publisering av tidsskriftet, som ikkje er dekte av andre inntektskjelder.
Kostnader som ikkje blir dekte er honorar til forfattar, redaktør eller redaksjonsmedlemmar, reisekostnader eller bevertning i samband med møter og marknadsføring.
Søkar oppgir årleg støttebeløp. Støtta er fireårig, frå 1. januar 2027 til 31. desember 2030.
Sjå meir utfyllande informasjon under om kva midlane kan brukast til.
Tildeling blir gjort innanfor den årlege budsjettramma for ordninga som blir fastsett av Stortinget. Budsjettramma i 2026 er 12 millionar kroner.
Kva kan midlane brukast til?
Midlane de søker om kan berre brukast til å dekke kostnadene lista opp under. Kva som er rekna som godkjende kostnader, er avhengig av kven som er utgivar av tidsskriftet – A) forlag eller B) anna type organisasjon, som utdanningsinstitusjon, bibliotek, foreining mv.
- Godkjende kostnader når forlag gir ut tidsskriftet:
- Forlagsavgift
- Kostnader til produksjon av digital utgåve
- Kostnader til redaksjonssekretær
- Andre kostnader knytte til open publisering
- Godkjende kostnader når andre typar organisasjonar er utgivar
- Kostnader til produksjon av digital utgåve
- Redaksjonssekretær og administrasjon av prosess for fagfellevurdering
- Andre kostnader knytt til open publisering
Sjå budsjettmal- og rettleiing for meir informasjon.
Slik søker du
Nedanfor finn du informasjon om kva minimumskrav som gjeld for denne utlysinga og kva kriterium søknadene vil bli vurdert ut frå.
Søknader må leverast gjennom HK-dir sin søknadsportal Espresso.
I søknadsskjemaet er det hjelpetekstar som gir rettleiing om kva slags informasjon som er etterspurd i dei ulike felta.
Krav til søknaden
Søknaden må oppfylle følgjande minimumskrav for å bli vurdert:
- Søknaden må vere levert innan søknadsfristen som gjeld for utlysinga.
- Søknaden må vere levert gjennom HK-dir sin søknadsportal (Espresso).
- Søknaden må vere skriven på norsk.
- Tidsskriftet må publisere med open tilgang og vere indeksert i Directory of Open Access Journals (DOAJ). For tidsskrift som ønsker å vende modell frå abonnement til open publisering, må kopi av innsend søknad om å bli inkludert i DOAJ leggast ved søknad.
- Tidsskriftet må vere registrert på nivå 1 eller nivå 2 i Register for vitskapeleg publisering (Kanalregisteret).
- Søknaden må innehalde obligatoriske vedlegg.
Følgjande vedlegg er obligatoriske og må leggast ved søknaden for at søknaden skal bli behandla:
Søknader som ikkje oppfyller desse krava kan bli avviste eller bli vurderte som mangelfulle. For søknader med feil vil HK-dir gi ein kort tilleggsfrist for å rette feilen der det er mogleg.
Berre påkravde vedlegg vil bli tatt med i vurderinga av søknaden.
Slik behandlar vi søknaden
Etter søknadsfristen vil Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) gå gjennom alle søknader administrativt for å sjekke at dei tilfredsstiller alle krav til søknaden (sjå punktlista under Krav til søknaden). Søknader som ikkje tilfredsstiller desse krava, vil bli administrativt avviste.
Dei kvalifiserte søknadene vil bli vurdert av ein komité av fagekspertar oppnemnd av HK-dir etter innspel frå Det nasjonale publiseringsutvalget. Kvar søknad vil bli behandla av to fagekspertar ut frå kriteria for ordninga.
Kvart vurderingskriterium som gjeld for utlysinga, vil få ein delkarakter i samsvar med vurderingskriteria og karakterskalaen til HK-dir (1–7). I tilfelle der dei to fagekspertane er usamde om karaktersetjinga av søknadene, vil søknaden òg bli vurdert av ein tredje person.
For å kvalifisere for tilskot må endeleg delkarakter vere 4 eller høgare for kriterium 1–3 og 3 eller høgare for kriterium 4. Minst tre av fire delkarakterar må vere 5 eller høgare.
Etter at kvar søknad har blitt vurdert individuelt, vil komiteen gjennomføre eit konsolideringsmøte der dei blir einige om ei anbefaling om tildeling basert på den rangerte lista. Endeleg vedtak om tilskot blir fatta av HK-dir basert på anbefalinga frå komiteen.
Komiteen kan positivt prioritere søknader etter ei heilskapleg vurdering av rangeringslista, der han i anbefalinga si tek omsyn til fagleg breidde i totalfordelinga og dei overordna formåla i ordninga. Det kan i praksis føre til at tidsskrift med lågast poengsum frå godt representerte fagfelt kan bli nedprioritert framfor tidsskrift frå underrepresenterte fagfelt.
Komiteen kan òg tilrå at tilskotet blir redusert dersom beløpet det er søkt om framstår urimeleg høgt eller urealistisk, eller dersom ein reduksjon blir vurdert nødvendig for å oppnå ei tilstrekkeleg breidde i fordelinga av midlane.
Slik vurderer vi søknaden
Søknader som oppfyller krava som gjelder for utlysinga, vil bli vurdert ut frå følgande kriterium:
Kriterium 1: Den faglege relevansen og kvaliteten til tidsskriftet (30 %)
- Tidsskriftet er vurdert av fagmiljøa som eit sentralt tidsskrift i forskingsfeltet eller forskingsfelta det representerer.
- Forskingsaktiviteten i Noreg har tilstrekkeleg omfang til å sikre jamn tilgang til vitskaplege artiklar av høg kvalitet frå norsk forsking.
- Tidsskriftet publiserer artiklar av høg forskingskvalitet.
Kriterium 2: Open tilgang og økonomisk behov (30 %)
- Tidsskriftet har ein teknisk infrastruktur som sikrar god drift og tilfredsstiller diamant-kriteria for open tilgang på ein god måte.
- Tidsskriftet har behov for økonomisk støtte for å publisere opent med minimum 50 prosent norskspråklege vitskaplege artiklar.
Kriterium 3: Norsk språk og tilknyting til norske fagmiljø (20 %)
- Tidsskriftet publiserer i hovudsak på norsk
- Redaksjonen til tidsskriftet har ei tydeleg tilknyting til norsk fagmiljø.
Kriterium 4: Samfunnsrelevans og bruk utanfor akademia (20 %)
- Tidsskriftet har interesse og relevans utanfor akademia i Noreg, og kan lesast og brukast der.
Når får du svar?
Alle søkarar vil bli informerte om utfallet av søknadsprosessen. Vi anslår at vedtak om tilskot vil bli sende ut medio september. Ei grunngiving for karaktersetjinga vil følgje som vedlegg til vedtaka.
Kva vilkår vil gjelde for prosjekt som får tilskot?
Ordninga sine standardvilkår for prosjekttilskot vil gjelde ved gjennomføringa av prosjekt som får tilskot. Søkar forpliktar seg mellom anna til å rapportere innan fristar fastsette av HK-dir.
Rettleiing og ressursar
- Rettleiing til Espresso
- Budsjettmal og -rettleiing, nynorsk
- Budsjettmal og -rettleiing, bokmål
- Standardvilkår for ordninga
- Rettleiing til bruk for evaluator for Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift, utlysing 2027-2030
- Pdf av utlysing Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift
Nyttige nettsider: - Kanalregisteret - register over vitskaplege publiseringskanalar
- Diamond Open Access