Hopp til hovudinnhald

Kompetansepluss fagopplæring 2024

• Kompetansepluss

I Kompetansepluss fagopplæring kan tilbydarar saman med private eller offentlege verksemder søke om tilskot til kurs som kombinerer fagopplæring med opplæring i grunnleggande ferdigheiter, norsk og/eller samisk for vaksne. Hovudmålgruppa for ordninga er arbeidstakarar med praktisk erfaring, men utan fagbrev i faget sitt.

Kven kan søke

Opplæringstilbydarar, opplæringsmottakarar (det vil seie offentlege eller private verksemder med tilsette som treng opplæring) og næringsorganisasjonar eller næringssamanslutningar kan søke.

Søknaden skal vere eit samarbeid mellom opplæringstilbydar og minst ein opplæringsmottakar, som er samarbeidspartar i søknaden.

Ein opplæringstilbydar må ha næringskode som viser at verksemda driv med opplæring/ undervisning, det vil seie næringskode i kategori P-utdanning – næringskode 85.xxx.

Det er i tillegg eit krav i Kompetansepluss fagopplæring at tilbydaren har kompetanse og erfaring med opplæring av praksiskandidatar eller fagopplæring for vaksne innanfor relevante fagområde.

Her er lenke til tilskuddsportalen der de kan sende inn søknaden: https://tilskudd.hkdir.no/soknadsordninger/

Søknadsfrist

Utløpt
(norsk tid)

Om tilskotet

Kompetansepluss fagopplæring gir tilskot til opplæring av arbeidstakarar som treng å styrke ferdigheitene sine for å kunne ta fagbrev som praksiskandidat. Arbeidsplassen og opplæringstilbydar kan gjennom ordninga saman søke midlar til praksisnær opplæring retta mot arbeidstakarane og verksemda sine behov.

Til forskjell frå ordinært Kompetansepluss arbeid eller vanleg teoriopplæring for praksiskandidatar, skal Kompetansepluss fagopplæring kombinere fagopplæring med opplæring i grunnleggande ferdigheiter eller norsk/samisk. Med grunnleggande ferdigheiter meiner vi grunnleggande lese/skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter, rekneferdigheiter og digitale ferdigheiter.

Kompetansepluss fagopplæring er ei prøveordning i retningslinjene til Kompetansepluss arbeid (PDF). Derfor må alle partar i prosjekta forplikte seg til å bidra til evaluering av ordninga og svare på spørjeundersøkingar, intervju eller liknande.

Formålet med tilskotet

Opplæringa i Kompetansepluss fagopplæring skal styrke grunnlaget til deltakarane for å kunne ta fagbrev som praksiskandidatar. Opplæringa vil bidra til at dei som gjennomfører ho, står sterkare og kan få meir varig tilknytting til arbeidslivet.

Planlegging av søknaden og opplæringa

Krav til søknaden, opplæringa og kva vi legg til grunn i behandlinga av søknadane er spesifiserte i kvalifikasjonskriterie og prioriteringskritere for Kompetansepluss fagopplæring 2024. Les derfor nøye gjennom desse før starten av søknadsprosessen:

Det kan og vere lurt å gå gjennom søknadsskjemaet for å sjå kva ein må fylle ut i søknaden.

Opplæringsmottakar og opplæringstilbydar må samarbeide om planlegging og gjennomføring av prosjektet og opplæringa. Det må avklarast kva erfaringsbakgrunn deltakarane har, kva for fagområde det gjeld, og kva for opplæringsbehov deltakarane og verksemda har. Dette skal beskrivast i søknaden saman med innhald, metode og læringsressursar som skal brukast i opplæringa.

Opplæringa må både vere retta mot å styrke grunnleggande ferdigheiter/norsk/samisk OG vere retta mot fagopplæring. Ut frå kva behov for opplæring deltakarane – og arbeidsplassen deira - har, set ein saman kurs med å velgje eit antal timar ut frå oppsette modular i søknadsskjemaet av ulike ferdigheiter og av fagopplæring. Samansettinga av kurs kan likevel endrast undervegs i opplæringa dersom det viser seg at deltakarane har andre behov for opplæring enn det ein forventa under planlegginga.

  • Kvart kurs kan vere på totalt frå 100 til 200 timar.
  • Det kan søkast om inntil to kurs i kvar søknad.

Det blir ikkje innvilga meir enn to søknader per opplæringstilbydar, uavhengig av om tilbydaren står som søkar eller samarbeidspart i søknaden.

Tilskotsbeløp

Tilskotet er basert på talet opplæringstimar à 60 minutt oppgitt i søknaden multiplisert med ein timesats på 1 500 kroner.

Søknadsbeløpet blir generert automatisk i søknadsskjemaet når kurs og opplæringstimar er lagt inn.

Tilskotet dekker

Tilskotet skal dekke alle kostnadar i samband opplæringa, slik som kartlegging av deltakaras ved kursstart, førbuingar, opplæringstimar inkludert før- og etterarbeid, motivasjonsarbeid, møter med verksemda, utarbeiding av materiell, fagleg oppfølging av deltakarar og evaluering/vurdering av opplæringa.

Tilskotet dekker ikkje

  • opplæring som er dekka med anna offentleg finansiering, til dømes tiltak gjennom Nav
  • opplæring av lærlingar eller kandidatar til fagbrev på jobb (som verksemda får tilskot for å ha i opplæring)
  • opplæring i bedriftsinterne system og -utstyr

Slik søker du

Tilskotsordninga Kompetansepluss fagopplæring 2024 og søknadsskjema ligg i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin tilskotsportal. Søknaden må fyllast ut og leverast i portalen.

Søkar og samarbeidspartnarar som skal registrere opplysningar og signere søknaden, må logge seg inn i portalen med sin direkte e-postadresse i verksemda. Ein kan ikkje bruka felles e-postadresser som postmottak@.., teamleiar@.... eller liknande.

Krav til søknaden

Søknaden må vere fullstendig utfylt i tilskotsportalen med all nødvendig dokumentasjon og relevante signaturar til søknadsfristen. Søknadane blir behandla med dei opplysningane som er føreligg på søknadsfristen. Søknadsfristen er absolutt.

Innhald, metode og læringsressursar som skal brukast i opplæringa, må beskrivast i søknaden saman med fagområdet og erfaringsbakgrunnen til deltakarane. Opplæringsmottakar og tilbydar må derfor planlegge prosjektet saman på førehand, før søknaden kan ferdigstillast.

Krav til søkar og samarbeidspartar og til søknaden er presisiserte i kvalifikasjonskriteria, som er vilkår som må vere oppfylte for å kvalifisere til få tilskot i Kompetansepluss fagopplæring. Kriteria bygger på Kunnskapsdepartementets retninglinjer for Kompetansepluss arbeid (PDF).

Alle partane i prosjektet må signere søknaden elektronisk, og gjennom signeringa forplikte seg til innhaldet i søknaden.

Rettleiing og malar

Rettleiing om utfylling av søknadsskjema og rettleiing for samarbeidspartar som skal signere søknad, ligg i tilskotsportalen.

Slik behandlar vi søknaden

Slik vurderer vi søknaden

Alle søknadar som oppfyller kvalifikasjonskriteria, blir vurderte opp mot prioriteringskriteria og får ein poengsum mellom 0 og 100. Når vi behandlar kvalifiserte søknadar og gir poeng etter prioriteringskriteria, tar vi utgangspunkt i opplysningane som er oppgitt i søknadsskjemaet og eventuelle vedlegg.

Dersom det er oversøking, gjer vi ei samla vurdering av søknadane opp mot føremålet med ordninga og prioriterer slik det er beskrive i prioriteringskriteria (PDF).

Når får du svar?

Du får svar i midten av april 2024.

Rapportering og oppfølging

Kurs skal vere avslutta slik at tilskotsmottakar har tid til å levere sluttrapport innan 30.06.2026. Eventuelle endringar undervegs i prosjektet skal skje i dialog med HK-dir.

Oppfølging og rapportering skjer i tilskotsportalen.

Dei som får tilskot, må registrere deltakarar ved oppstart av kurs og rapportere om økonomi og gjennomføring ved avslutning av prosjektet.

Opplæringstilbydar har ansvar for å føre frammøtelister. Vi tilrår at de bruker HK-dir sin mal for registrering av frammøte. Dersom de vel å nytta eigen mal, må frammøtelista omfatte definerte punkt frå HK-dir sin mal.

Frammøtelista skal sannsynleggjere talet på deltakarar og gruppestorleik, faktisk gjennomførte timar med opplæring o.a. vilkår for kompetansepluss-ordninga. Ein opplæringstime er på 60 minutt inkludert 15 minutts pause.

Det er ikkje høve til å rekna om og rapportere 45 minutt som ein opplæringstime og slå saman 15 minutts pausar i staden.

For spørsmål om tilskotet

Send e-post til post@hkdir.no og merk e-posten med Kompetansepluss fagopplæring.

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00