Hopp til hovudinnhald

Kvalifikasjonskrav for Kompetansepluss fagopplæring 2024

Kvalifikasjonskriteria er vilkår som må vere oppfylte for å kvalifisere for tilskot i Kompetansepluss fagopplæring.

Sist oppdatert : 13. februar 2024

Kvalifikasjonskriteria bygger på Kunnskapsdepartementet sine retningslinjer for Kompetansepluss arbeid (PDF). Kompetansepluss fagopplæring er ei prøveordning etter punkt 1.5 i retningslinjene.

Dersom kvalifikasjonskriteria ikkje er oppfylte eller søknaden har manglar innan søknadsfristen, avslår Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) utan vidare behandling.

Det må komme tydeleg fram av søknaden at opplæringa skal førebu deltakarane til å ta fagbrev gjennom praksiskandidatordninga i tillegg til å styrke dei grunnleggande ferdigheitene deira. HK-dir avslår søknadar dersom dette ikkje kjem fram.

Søknader som får tilsegn, må oppfylle kvalifikasjonskriteria og prioriteringskriteria gjennom heile prosjektperioden.
Vi brukar omgrepa opplæringsmottakar, tilbydar og «andre aktørar» om dei ulike samarbeidspartane i prosjekta, og definerer dei slik:

  • Opplæringsmottakar er ei privat eller offentleg verksemd med tilsette (1) som skal vere deltakarar og få opplæring i prosjektet.
  • Tilbydar er ei verksemd som har opplæring som føremål.
  • Andre aktørar kan vere arbeidslivsorganisasjonar, næringsforeiningar eller andre som vil ha ei rolle i prosjektet, men ikkje sjølv har tilsette som skal delta på kurs.

Krav til søkar og samarbeidspartar i søknaden

Alle verksemdene som er med i søknaden må vere registrerte i Brønnøysundregisteret.

Sidan Kompetansepluss fagopplæring er ei prøveordning må søkar og samarbeidspartnarar forplikte seg til å vere med i evaluering eller mindre undersøkingar knytte til ordninga.

Alle partane i prosjektet står ansvarlege for det dei forpliktar seg til i søknaden med elektronisk signering av søknaden i søknadsportalen. Søknaden kan ikkje sendast inn før alle partane har signert.

Søkar

Søkar er den verksemda som står som formelt ansvarleg søkar og tilskotsmottakar. Søkar kan vere ei verksemd innan eitt av følgande alternativ:

  1. opplæringsmottakar
  2. tilbydar
  3. ein arbeidslivsorganisasjon, eit organisert næringssamarbeid, ei næringsforeining eller liknande

Alle søknader må vere eit samarbeid mellom minimum ein opplæringsmottakar og ein tilbydar.

Dersom søkar er ei av verksemdene under alternativ 3, må søkar ha med minst ein opplæringsmottakar og ein tilbydar i tillegg til seg sjølv som samarbeidspartar i søknaden.

Tilbydar

Opplæringstilbydarar skal vere registrerte i Brønnøysundregisteret med ein næringskode som viser at dei har opplæring som formål, det vil seie ha registrert næringskode 85.xxx (sjå næringsgruppering 2007, under kode P-undervisning, på ssb.no).

I Kompetansepluss fagopplæring må tilbydar ha kurshaldar med erfaring frå teoriopplæring for praksiskandidatar eller fagopplæring (fortrinnsvis i det faget eller programområdet søknaden omfattar), og kompetanse til å gjennomføre slik opplæring. I søknaden skal det beskrivast korleis kravet til fagopplæringskompetanse blir ivaretatt.

Det skal leggast med søknaden ei oversikt over kompetansen til dei tilsette kurshaldarar som skal nyttast i kursa, eller signerte intensjonsavtalar dersom tilbydar skal samarbeide med eksterne kurshaldarar. Oversikta/avtalen må vise korleis krava til erfaring og kompetanse blir oppfylte med desse kurshaldarane.

Opplæringsmottakar

Opplæringsmottakar skal bidra med eigenandel i prosjektet. Eigenandelen kan vere løn til deltakarane i kurstida, bøker/læringsressursar, lokal, mat eller anna. Eigenandelen skal framgå av søknaden.

Omfang og avgrensing av søknadane

Det vil berre bli innvilga inntil to søknadar per tilbydar, uavhengig av om tilbydaren står som søkar eller samarbeidspart.

Kvar søknad skal ikkje innehalde fleire enn to kurs

Totalsummen av opplæringstimar i fagopplæring og grunnleggande ferdigheiter/norsk/samisk kan ikkje vere meir enn 200 timar i kvart kurs.

Krav om deltakarar

Deltakarane i opplæringa skal vere vaksne arbeidstakarar, primært med låg formell utdanning, som treng opplæring for å kunne ta fagbrev som praksiskandidat og som i tillegg har behov for å styrke grunnleggande ferdigheiter eller norsk/samisk

Deltakarane må ha arbeidspraksis innafor fagområdet for opplæringa. Deltakarane skal ha løns- og arbeidsforhold hos opplæringsmottakar.

Lærlingar kan ikkje vere deltakarar.

Krav om opplæringa

Opplæringa skal

  • vere praksisnær og ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, ressursar og behov for opplæring.
  • kombinere opplæring i grunnleggande ferdigheiter (les/skriv, rekning, munnlege og digitale ferdigheiter) eller norsk-/samiskopplæring med opplæring som førebur deltakarane til å kunne ta fagbrev som praksiskandidatar. Søknadar som berre omfattar fagopplæring eller berre opplæring i grunnleggande ferdigheiter (ordinær Kompetanseplussopplæring) er dermed ikkje kvalifiserte.
  • i hovedsak føregå på norsk eller samisk. Andre språk kan brukast som støttespråk.
  • for grunnleggande ferdigheiter/norsk/samisk, ta utgangspunkt i Læringsmål i grunnleggande ferdigheiter (2) og/eller Læreplan i norsk for vaksne innvandrere (2021) og/eller læreplanar i samisk (3), avhengig av målgruppa sine behov, språkbakgrunn og innhaldet i opplæringa.
  • vere dialogbasert. Dette inneber at deltakarane har ei aktiv rolle i undervisninga og er ein del av eit i læringsfelleskap der dei får diskutere og reflektere saman med andre.
  • vere organisert som gruppeundervisning. Kvart kurs skal planleggast og gjennomførast med minst fem deltakarar. Anbefalt gruppestorleik er 10 til 12 deltakarar per kurs.Deltakarane sine læringsaktivitetar utan lærar tel ikkje som kurstimar.

Opplæringa skal vere dokumentert i frammøtelister eller logg (4).

Krava til opplæringa gjeld i utgangspunktet også når ho er heilt eller delvis nettbasert, inkludert med bruk av Teams, Zoom, Skype, video eller liknande. Det må kunne dokumenterast i etterkant at deltakarane har fått like mange timar opplæring som det er gitt tilskot til og i tråd med søknaden.

Opplæringa skal føregå i Norge, inklusive Svalbard.

Opplæringa kan starte tidlegast 13.04.2024 og må vere gjennomført og sluttrapportert innan 30.06.2026. Dersom opplæringa startar før HK-dir har behandla søknadane, gjer søkar dette på eiga rekning og risiko.