Hopp til hovudinnhald

Individuell mobilitet i høgare utdanning

• Erasmus+

Individuell mobilitet i høgare utdanning (KA131) gir norske høgare utdanningsinstitusjonar moglegheit til å sende og ta imot studentar og tilsette på utveksling. Studentar kan reise på studie- og praksisopphald, medan tilsette kan reise på undervisnings- og opplæringsopphald.

Kven kan søke

Søknadsfrist

19. februar 2025 kl. 12.00
(norsk tid)

Om tilskotet

Gjennom KA131 kan du søkje om støtte til å sende studentar og tilsette på mobilitetsopphald til Erasmus+ sine programland, det vil sei medlemslanda i den europeiske union og dessutan Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia.

Du kan òg bruke delar av tildelinga til å sende studentar og tilsette på mobilitetsopphald utanfor dei tradisjonelle Erasmus+-landa.

Kva kan du søke støtte til?

Du kan søkje støtte til å sende studentar på studie- og praksisopphald, og tilsette på undervisnings- og opplæringsopphald. Du kan og søkje om støtte til blanda intensivprogram, inkluderingsstøtte og støtte til ekstra dyre reiser.


Meir informasjon finner du i Erasmushandboka.

Slik søker du

For 2025-utlysinga i KA131 er det obligatorisk å fylle ut og laste opp vedlegg til søknaden.

Vedlegget vil bli publisert så snart som mogleg.

Registrer søknaden

For å få tilgang til sjølve søknadsskjemaet, treng du ein EU Login-brukarkonto. Denne opprettar du sjølv på ein enkel måte (europa.eu).

I Erasmusportalen, under «Opportunities», finn du søknadsskjemaet for KA131 Individuell mobilitet i høgare utdanning (KA131-HED - Mobility of higher education students and staff supported by internal policy funds). Søknaden er eit nettskjema som blir lagra automatisk når du jobbar i det. Du kan gi tilgang til andre slik at dei òg kan redigere søknaden.


Alle høgare utdanningsinstitusjonar som søkjer om Erasmus+-midlar må ha ein organisasjons-ID (OID). Når du oppgir OID-nummeret i søknaden, vil relevant informasjon om organisasjonen din automatisk bli fylt ut i søknadsskjemaet. Du kan finne ut om organisasjonen din har eit OID-nummer frå før, eller registrere institusjonen din i Erasmusportalen (europa.eu), under menypunktet «Organisations».

Viss du får problem med å sende inn søknaden, ber me om at du tek kontakt med oss på e-post: erasmus@hkdir.no. Får du problem same dagen som søknadsfristen, må du kontakte oss umiddelbart.


Det er lurt å sende inn søknaden nokre dagar før fristen. Då har me god tid til å hjelpe deg om det skulle oppstå tekniske problem.

Slik behandlar vi søknaden

For at du skal kunne søkje om mobilitetsmidlar i Erasmus+ må institusjonen din ha «Erasmus Charter for Higher Education» (ECHE). Gjennom ECHE-tildelinga har den enkelte institusjonen vorte akkreditert for deltaking i Erasmus+, og det er derfor ikkje nødvendig med ei eiga kvalitetsvurdering av mobilitetssøknaden.

Slik vurderer vi søknaden

Vi vurderer søknadene basert på tidlegare oppnådde resultat og grunngivinga for søknadstala.

Når får du svar?

Du kan forvente svar på søknaden i god tid før prosjektoppstart 1. juni 2025.

Rapportering og oppfølging

Viss du har fått tildeling til mobilitetsprosjekt, skal du levere inn ein interimrapport («periodic report») i løpet av prosjektperioden og ein sluttrapport etter at prosjektet er avslutta.

Kontakt oss

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no