Erasmus Charter for Higher Education (ECHE)
«Erasmus Charter for Higher Education» (ECHE) fastset dei grunnleggjande prinsippa og minimumskrava som høgare utdanningsinstitusjonar må overhalde når dei søkjer om og implementerer aktivitetar under Erasmus+-programmet (2021-2027).
Sist oppdatert : 20. desember 2023Alle utdanningsinstitusjonar som ønskjer å delta i Erasmus+ høgare utdanning, må ha ECHE før dei kan søkje om prosjektmidlar.
For å få ECHE må institusjonen vere ein akkreditert høgare utdanningsinstitusjon, eller ein utdanningsinstitusjon som tilbyr akkrediterte studietilbod.
Kva er ECHE
ECHE er kvalitetsrammeverket for utdanningsaktivitetane Erasmus+-programmet omfattar, og inneheld ei rekkje prinsipp institusjonane forpliktar seg til å overhalde.
ECHE inneheld følgjande overordna prinsipp:
- Respect in full the principles of non-discrimination, transparency and inclusion set out in the programme
- Ensure equal and equitable access and opportunities to current and prospective participants from all backgrounds, paying particular attention to the inclusion of those with fewer opportunities
- Ensure full automatic recognition of all credits (based on the European Credit Transfer and Accumulation System - ECTS) gained for learning outcomes satisfactorily achieved during a period of study/training abroad, including during blended mobility
- Charge no fees, in the case of credit mobility, to incoming mobile students for tuition, registration, examinations or access to laboratory and library facilities
- Ensure the quality of the mobility activities and of the cooperation projects throughout the application and implementation phases
- Implement the priorities of the programme
- by undertaking the necessary steps to implement digital mobility management in line with the technical standards of the European Student Card Initiative
- by promoting environmentally friendly practices in all activities related to the programme
- by encouraging the participation of individuals with fewer opportunities in the programme
- by promoting civic engagement and encouraging students and staff to get involved as active citizens before, during and after their participation in a mobility or project
- ECHE inneheld òg ei rekkje spesifikke forpliktingar institusjonane har ovanfor deltakarar før, under og etter eit mobilitetsopphald
- Det er svært viktig at institusjonane som deltek i Erasmus+ set seg godt inn i ECHE-prinsippa, og overheld desse.
Sjølve ECHE, utfyllande informasjon om prinsippa ("guidelines") og monitoreringsguide (om korleis tilsyn skal førast) er publisert på Europakommisjonen sine nettsider om ECHE.
ECHE sjølvevaluering
Vil de kartleggje kor godt institusjonen implementerer ECHE-prinsippa? Då kan de gjennomføre ei ECHE sjølvevaluering. Resultatet er konfidensielt, men vil gå inn i det nasjonale gjennomsnittet. Vi oppmodar de til å dele resultatet viss ønskjeleg, som eit utgangspunkt for monitoreringsbesøk eller vidare oppfølging.
Søknad om ECHE gjeld for programperioden 2021-2027
Søknader om ECHE blir send inn til, og behandla av, Europakommisjonen. Dei kontaktar Kunnskapsdepartementet for å få stadfesta at institusjonen som søkjar om ECHE tilfredsstiller akkrediteringskrava.
Blir søknaden om ECHE innvilga, er den gyldig ut heile programperioden.
Det er mogleg å søkje ein gong per år, og institusjonen kan ikkje søkja om prosjektmidlar i Erasmus+ før ECHE-søknaden er innvilga. Dette inneber at institusjonen tidlegast kan delta i Erasmus+ året etter at dei har fått innvilga ECHE.
I søknadsskjemaet blir mellom anna følgjande informasjon etterspurt
- organisasjonsdetaljar
- institusjonens "legal representative" og kontaktperson
- talet på studentar, tilsette og studieprogram
- studiepoengsystemet
- kurskatalog
- beskriving av rutinar for kvalitetssikring av internasjonalt utdanningssamarbeid (førebuingar, oppfølging, godkjenningsordningar, o.l.)
- tidlegare deltaking i internasjonale utdanningsprogram og erfaring med student- og tilsettmobilitet
- kontaktinformasjon til den eininga som har ansvar for internasjonalisering ved institusjonen
I tillegg til dette må institusjonen óg utarbeide ein "Erasmus Policy Statement" ("Overall Strategy") som skal publisast på nettsidene til institusjonen, dersom ECHE-søknaden blir innvilga.