Hopp til hovudinnhald
Midlertidig feil i visning av priser på arrangement

På grunn av en teknisk feil hos vår leverandør vises det for øyeblikket feil priser på våre betalte arrangementer. Prisene vises uten merverdiavgift (0 % mva.). Du kan fortsatt melde deg på arrangementet som normalt. Vær oppmerksom på at endelig pris vil bli korrigert når riktig mva.-grunnlag foreligger. Vi beklager ulempene dette medfører og jobber med å få feilen rettet så snart som mulig.

Global mobilitet i høgare utdanning

Global mobilitet i høgare utdanning (KA171) gir norske høgare utdanningsinstitusjonar moglegheit til å sende og ta imot studentar og tilsette på utveksling til eller frå tredjeland som ikkje er assosierte med Erasmus+-programmet. Studentar kan reise på studie- og praksisopphald, medan tilsette kan reise på undervisnings- og opplæringsopphald.

Kven kan søke

Søknadsfrist

Utløpt (CET)

Om tilskotet

KA171 gir støtte til norske høgare utdanningsinstitusjonar som ønsker å sende og ta imot studentar og tilsette til eller frå land utanfor dei tradisjonelle Erasmus+-landa (medlemslanda i EU, og dessutan Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia).

Desse landa blir gjerne omtala som «tredjeland som ikkje er assosierte med programmet» eller berre «tredjeland», og kan delta i delar av Erasmus+-programmet under gitte kriterium.

På Europakommisjonens nettsider finn du eit oversyn over tredjelanda som ikkje er assosierte med Erasmus+-programmet.

Budsjettet er inndelt i ulike regionar. Ta ein titt på det tentative budsjettet for ein peikepinn på kor mykje midlar som vil vere tilgjengeleg i dei ulike regionane.

Legg merke til at du ikkje kan sende ut bachelor- og masterstudentar til tredjeland som kan få utviklingsstøtte. Dette er ei gammal oversikt. Ei ny blir publisert i januar 2026, men vi ventar ikkje store endringar.

Det er ikkje mogleg å sende studentar og tilsette til Russland eller Belarus, eller motta tilsette frå desse landa.

Kva kan du søke om støtte til?

Du kan søke støtte til å sende og ta imot studentar og tilsette på langtidsmobilitet, korttidsmobilitet og blanda mobilitet.

Blanda mobilitet er mobilitet som kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent.

Ved korttidsmobilitet er den virtuelle komponenten obligatorisk (det er unntak for doktorgradsstudentar, som kan ha korttidsopphald utan ein virtuell komponent). Du kan og søke om inkluderingsstøtte.

Kontakt oss

Erasmus+ høyere utdanning

E-post:erasmus@hkdir.no