Europeiske universiteter
• Erasmus+Erasmus+ gir støtte til europeiske universitetsalliansar som har høge ambisjonar om å skapa djuptgripande, innovative og omfattande samarbeid.
Kven kan søke
Utlysingen er open for konsortium av høgare utdanningsinstitusjonar som er engasjerte i eit allereie eksisterande transnasjonalt samarbeid på institusjonsnivå, i tråd med den strategiske gjennomføringa av European Universities initiativet (EUI).
Søkjar må vere ein høgare utdanningsinstitusjon i eit Erasmus+-land. Erasmus+-landa omfattar i tillegg til dei 27 EU-medlemslanda dei tre EFTA-landa som er omfatta av EØS-avtalen: Noreg, Island og Liechtenstein. I tillegg kjem Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia.
Søknad om støtte til EUI (European Universities Initiative) må inkludere minst tre høgare utdanningsinstitusjonar frå minst tre Erasmus+-land. Det er viktig å sikre geografisk balanse, det vil seie å sørgje for at partnarane kjem frå ulike geografiske område i Europa.
Alle typar organisasjonar som er aktive innan utdanning, opplæring, forsking og innovasjon, eller i arbeidslivet, kan delta i EUI som assosierte partnarar.

4. mars 2026 kl. 23.59 (CET)
Om tilskotet
Utlysinga er på EUR 145 600 000 og har som mål å tilby to år med økonomisk støtte til konsortium av høgare utdanningsinstitusjonar som er engasjerte i eit allereie eksisterande transnasjonalt samarbeid på institusjonsnivå, i tråd med den strategiske gjennomføringa av European Universities-initiativet.
Desse to åra skal fungere som ei finansieringsbru for europeiske universitetsalliansar fram til starten på den neste fleirårige finansieringsperioden i EU i 2028. Utlysinga er open for europeiske universitetsalliansar som tidlegare har fått støtte gjennom Erasmus+-utlysinga i 2022, men er ikkje avgrensa til desse.
Meir informasjon om utlysing og ordninga
Ei open informasjonsøkt vil bli arrangert av Kommisjonen og EACEA-byrået 27. november 2025, frå klokka 10.00 til 13.00 (Brussel-tid).
Agendaen vil omfatte ei oversikt over politikksamanhengen og måla for utlysinga, samt tips om korleis ein kan førebu eit høgkvalitets forslag, etterfølgd av spørsmål og svar.
Europeiske universitetsallianser med norsk deltakelse
- ECUI, Universitetet i Stavanger (partner)
- Circle U, Universitetet i Oslo (koordinator)
- ENHANCE, NTNU (partner)
- ENGAGE.EU, NHH (partner)
- FORTHEM, Universitetet i Agder (partner)
- EUGLOH, UiT Norges arktiske universitet (partner)
- SEA-EU, Nord universitet (partner)
- EDUC, Universitetet i Sørøst-Norge (partner)
- IN.TUNE, Norges musikkhøgskole (koordinator)
- CHARM-EU, Universitetet i Bergen (partner)
- EMERGE, Høgskolen i Innlandet (partner)
- ARTEMIS, Høgskulen på Vestlandet (partner)
Slik søker du
Du søkjer direkte til Europakommisjonen.
Europeiske universiteter (European Universities på engelsk) er eit sentralisert tiltak. Ettersom tiltaket er administrert av Europakommisjonen, søkjer ein direkte til Europakommisjonen sin underorganisasjon European Education and CultureExecutiveAgency (EACEA).
Koordinator (ein høgare utdanningsinstitusjon) søker om tilskudd på vegne av heile alliansen.
HK-dir er norsk kontaktpunkt for tiltaket og kan bidra med informasjon og rettleiing i søknadsprosessen.
Søknadsskjema publiserast på EACEA sine eigne sider for tiltaket.