Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025
Rapport • Tilhøyrer rapportserie: JaTilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning omtalar sektoren i tal og analyser om studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi for 2024.
Samandrag
Sjå oversikt over digitale vedlegg, fylkesoversikt, tidlegare publiserte tilstandsrapportar og kunnskapsgrunnlag om høgare yrkesfagleg utdanning.
I 2024 var det 34 000 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning, ein auke på 2 500 frååret før. Trass i at kvar student tek noko færre studiepoeng, har den samla produksjonen auka. Over 80 prosent tek gradsutdanning, og dei største fagområda er tekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag.
Studentane er i snitt 34 år gamle, og mange er i arbeid, noko som stiller krav til fleksible utdanningsformer. Heile 74 prosent studerer deltid, og 72 prosent deltek i nett- eller samlingsbaserte tilbod.
Over 18 000 nye studentar starta i høgare yrkesfagleg utdanning hausten 2024. Over halvparten hadde yrkesfagleg bakgrunn, medan 23 prosent vart tekne opp på realkompetanse – ein auke på 30 prosent frå året før. Studentar med generell studiekompetanse utgjorde 21 prosent.
Om lag 13 000 studentar vart uteksaminerte i 2024. Totalt vart 80 prosent av forventa studiepoeng produserte, med høgast andel blant heiltidsstudentar og dei på stadbaserte tilbod.
Hausten 2024 var det 63 fagskular, 18 offentlege og 45 private, fordelte på 178 studiestader. Talet på store fagskular aukar over 1 000 studentar aukar. I alt 15 fagskular hadde fagområdeakkreditering, og det var gitt 33 fagområdeakkrediteringar totalt, ein auke på 12 frå året før. Dei fleste fagområdeakkrediteringane er innan helse- og velferdsfag.
Det var 419 unike utdanningstilbod hausten 2024. Når ein inkluderer ulike variantar av tilboda – som finansieringsform, deltids- og heiltidsorganisering, og utdanningsform – er det registrert 2 107 tilbod totalt. Tilgang og fleksibilitet er høg, og utviklinga går mot fleire nett- og samlingsbaserte tilbod, særleg innan tekniske fag.
Det vart brukt om lag 2,8 milliardar kroner på høgare yrkesfagleg utdanning i 2024.Om lag 1,4 milliardar kroner av finansieringa var i form av tilskot frå Kunnskapsdepartementet, medan 845,5 millionar kroner var i form av skulepengar. Resten var midlar frå fylkeskommunane, frå offentlege tilskotsordningar, og direktetildelingar til nokre statlege fagskular.
Vi ser at dei offentlege midlane som vert fasa inn som nye studieplassar fører til auka tal på heiltidsekvivalentar og studiepoengproduksjon som venta.
Nøkkeltal for 2024
studentar
uteksaminerte studentar
deltidsstudentar
studentar på nett- og samlingsbaserte utdanningstilbod
Vedlegg
- Datagrunnlag for alle figurar og tabellar er tilgjengeleg på vedlegg.hkdir.no/TRHYU/2025. Der finn ein òg datagrunnlag for tidsseriar og andre tabellar som ikkje er viste i sjølve rapporten.
- Fylkesoversikter - statistikk og omtale av dei einskilde fylka (PDF). Her presenterer vi eit utval av statistikk om høgare yrkesfagleg utdanning ved studiestadene i kvar enkelt fylkeskommune.