Fagskulane lykkast med målet om tilgjengelege utdanningstilbod
Publisert: 12. juni 2025Den store satsinga på fagskulane dei siste sju åra gir utteljing. I 2024 tel vi like over 34 000 studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det er ein auke på åtte prosent frå 2023.

– Det er tydeleg at fleksible utdanningar treffer behovet til dagens studentar, seier Therese Røst, seniorrådgjevar i HK-dir
Foto: HK-dirTekniske fag, helse- og velferdsfag, og økonomi- og administrasjonsfag held fram som dei tre største fagområda i 2024. Det er i desse fagområda ein òg ser sterkast vekst i talet på studentar dei siste fem åra. Det viser årets tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning.
Kven er studentane?
I 2024 var det noko fleire mannlege enn kvinnelege studentar i høgare yrkesfagleg utdanning. Snittalderen til studentane var 34 år, men dei kvinnelege studentane var eldre enn dei mannlege, høvesvis 36 år og 32 år.
– Kjønnsfordelinga mellom fagområda speglar i stor grad kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden, og dei vala ungdom gjer på vidaregåande skule. Likevel ser vi til dømes at delen menn i helse og velferd har auka dei siste åra, det har òg delen kvinner innan tekniske fag. Det er ei gledeleg utvikling, seier Therese Røst, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse seniorrådgjevar i som har vore prosjektleiar for rapporten.
Fleksibel utdanning gir fleire moglegheiter
– Fleksibilitet i utdaninga handlar først og fremst om fleksibilitet for å velje det som passar best for den einskilde student. Det kan være deltidsstudiar, nett- eller samlingsbaserte, og korte studietilbod. Men geografi spelar òg ei viktig rolle for å gjere utdanninga fleksibel, seier Røst.
– Fagskulestudentar er ofte eldre og meir etablerte enn tradisjonelle søkarar til høgskule eller universitet. Det gjer at fleksibilitet og moglegheita til å kombinere utdanninga med jobb og familieliv blir ekstra viktig. At ein stadig større del vel å studere på deltid eller på andre former for fleksible utdanningar, tyder på at vi lykkast med målet om tilgjengelege utdanningstilbod som er lausrivne frå geografi og livssituasjon, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Foto: HK-dirDeltid
Så mykje som 74 prosent av studentane studerer på deltid, dette er ein auke på 10 prosent frå året før. I helse- og velferdsfaga gjekk om lag alle studentane (98 prosent) på deltidsutdanningar i 2024. I samferdselsfag er berre 13 prosent deltidsstudentar.
Nett- og samlingsbasert
Talet på studentar på samlings- og nettbaserte utdanningar har auka kraftig dei siste åra, 72 prosent av alle studentane i høgare yrkesfagleg utdanning studerer på samlings- eller nettbaserte utdanningar.
– Det er tydeleg at fleksible utdanningar treffer behovet til dagens studentar. Når over sju av ti vel samlings- eller nettbaserte løysingar, handlar det om å få studiekvardagen til å gå opp med resten av livet. Stadig færre søker seg til stadbaserte tilbod, og for første gong ser vi fleire studentar på både samlingsbaserte og nettbaserte utdanningar enn på stadbaserte utdanningar, seier Røst.
Kjelde: HK-dir/DBH-HYU Vedlegg: F3.12
Gradsutdanning
Høgare yrkesfagleg utdanning er først og fremst gradsutdanningar på 60 eller 120 studiepoeng. Det er òg desse utdanningane som har størst vekst. Likevel har framveksten av kortare studietilbod under 30 studiepoeng vore markant etter lovendringa i 2021.
– Mange tenker på høgare yrkesfagleg utdanning som korte modular, men 82 prosent av studentane tek ein gradsutdanning, anten fagskulegrad på 60 studiepoeng eller høgare fagskulegrad på 120 studiepoeng, seier Røst.