Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2023

RapportTilhøyrer rapportserie: Ja

Rapporten beskriv fagskulesektoren i tal og analyser om studentar, fagskular, utdanningstilbod og økonomi.

Utgivar:Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Redaktør:Kristine Offerdal
ISSN:2703-9102
Forfattarar:Anders Alvsåker Didriksen, Carl Endre Espeland, Kjerstin Bruvold Klokkeide, Therese Halvorsen Røst (prosjektleiar)
Publisert:19.06.2023

Sammendrag

Vedlegg

Sammendrag

Vi står i ei tid med store endringar i utdannings- og kompetansepolitikken, som følgje av både politiske satsingar og samfunnsmessige endringar. Dette er endringar som vi prøver å beskrive og forklare i tilstandsrapporten, men som samstundes gir utfordringar med datagrunnlaget for analysane.

Tilstandsrapporten tar for seg høgare yrkesfagleg utdanning i 2022 frå ulike perspektiv.

Studentane

Kapittel 3 handlar om studentane. Etter fleire år med auke i talet på studentar innan høgare yrkesfagleg utdanning, ser vi i 2022 ei utflating. Denne utflatinga skuldast i stor grad ein vesentleg nedgang i talet på studentar på dei korte tilboda under 60 studiepoeng. Sjølv om vi ser ei utflating i talet på studentar, er det ein tydeleg vekst i studiepoengproduksjonen. Dette heng saman med auken i talet på studentar dei føregåande åra og at desse studentane framleis avlegg eksamenar ved fagskulane. Vi ser òg at dei fleste studentane tar ein fagskulegrad eller ein høgare fagskulegrad.

Tekniske fag er framleis fagområdet med flest studentar etterfølgt av helse og velferd og økonomi og administrasjon (økadm). Studenttalet aukar framleis innan teknisk og helse og velferd, medan vi for økadm sin del ser ein nedgang etter nokre år med stor vekst, sjølv om det har vore ein stor auke i utdanningstilbodet innan dette fagområdet.

Studentanes profil kjenner vi att frå tidlegare år. Vi ser likevel at snittalderen er på veg opp. Han har sidan 2018 auka frå 31 til 33 år. I gjennomsnitt var dei mannlege studentane 31 år, medan kvinnene var 35 år. Det er snittalderen for menn som aukar mest. For mannlege studentar ser vi at den største gruppa er i alderen 20–24 år, og så minkar andelen menn ved aukande alder. For kvinner sin del er andelen relativt jamn frå 20–50 år.

Talet på studentar som tar utdanninga på deltid var om lag 70 prosent i 2022. Det er omtrent same som i 2021. Her skil helse og velferd seg ut, der nesten alle studentane studerer på deltid. Og innan tekniske fag og i økonomi- og administrasjonsfaga var majoriteten av studentane deltidsstudentar. Auken i andelen studentar på nett- og samlingsbaserte utdanningstilbod fortsette òg i 2022, og utgjorde om lag 60 prosent av studentane.

I 2022 vart heile 17 prosent av studentane tatt opp på grunnlag av realkompetanse, mot 14 prosent i 2021. Andelen studentar som er tatt opp på grunnlag av realkompetanse aukar innan alle fagområde, særleg innan tekniske fag.

Andelen som fullfører på normert tid går noko ned for 2022 i høve til tidlegare år. Det er særleg i helse- og velferdsfaga at vi ser utfordringar med fullføringa innanfor normert tid. Vi ser òg at stadbasert undervisning har høgast fullføringsgrad på normert tid, medan studentane med nettbasert undervisning har lågast fullføringsgrad på normert tid.

Det er stadig studentar med bakgrunn frå eit universitet eller høgskule som finn vegen inn i høgare yrkesfagleg utdanning og motsett. I 2022 var det om lag 24 prosent av studentane i høgare yrkesfagleg utdanning som tidlegare hadde vore registrert som student ved ein høgskule eller et universitet. Årleg går om lag ti prosent av studentane frå fagskulane vidare til eit universitet eller ein høgskule same året som dei er ferdig ved fagskulen, medan andre i same årskull kan starte seinare år. Talet på studentar frå eit årskull, som ein seinare finn som studentar ved ein UH-institusjon, aukar soleis for kvart år. Av studentane som vart uteksaminert i 2018 er det om lag 19 prosent som seinare har studert ved eit universitet eller ein høgskule.

Fagskular og utdanningstilbod

I kapittel 4 ser vi på fagskulane og utdanningstilboda innan høgare yrkesfagleg utdanning. Hausten 2022 var det 58 fagskular med til saman 170 ulike studiestadar. Det er altså ein nedgang i talet på fagskular samtidig som det er ein auke i talet på studiestadar. Dette er ei ønska utvikling, og er eit resultat av oppkjøp og samanslåingar til større og meir robuste einingar. I tillegg til dei 58 fagskulane som er talde på hausten 2022, har det kome til fem nye fagskular i løpet av 2022 som førebels står utan registrerte studentar.

Ein ser òg at det er store skilnader i fagskuletilbodet mellom fylka. På den eine sida finn ein Oslo med det største tilbodet med 16 fagskular og 25 studiestader. På den andre sida finn ein Møre og Romsdal med 2 fagskular og 4 studiestadar. Sjølv om det er ein liten auke i talet på fagskular med mindre enn 50 studentar, er tendensen at det går mot færre og større fagskular.

Dei siste åra har vi sett ei stor utvikling i fagområdeakkreditering. Det er stadig fleire fagskular som får fagområdeakkreditering innan eitt eller fleire fagområde. I 2022 fekk to fagskular fagområdeakkreditering, og det er no totalt gitt 17 fagområdeakkrediteringar, fordelt på ni fagskular.

Talet på utdanningstilbod går stadig oppover. Hausten 2022 var det registrert meir enn 600 unike utdanningstilbod innan høgare yrkesfagleg utdanning. Flest finn ein innan tekniske fag, tett etterfølgd av økonomiske- og administrative fag, og helse- og velferdsfag.

Styring og økonomi

I kapittel 5 ser vi på styring og økonomi innan høgare yrkesfagleg utdanning. Nytt i år er at vi òg har inkludert egne tabellar med eit nærbilete av fagskulesektoren i kvart fylke.

Finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning har i hovudsak tre kjelder, statleg driftstilskot, studentbetaling, og konkurransebaserte prosjektmidlar. I 2022 disponerte fagskulesektoren til saman om lag 2,39 milliardar kroner. Dette er om lag 160 millionar kroner meir enn i 2021.