Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Slik går du fram for å finne partnar

Synast du at det å arbeida internasjonalt høyrest interessant ut, men lurer på korleis du får tak i ein god samarbeidspartnar? Me har samla gode tips frå to erfarne ekspertar.

Sist oppdatert: 12. august 2026
En kvinne i halvprofil står ved et bord og holder en presentasjon.

– Først og fremst: Ver aktiv og delta på ulike arenaer!

Det seier Merete Mikkelsen og Tove Haganes. Dei har begge mykje erfaring med Erasmus+-programmet – og med å finne gode partnarar til prosjekt dei jobbar med. Merete som direktør for Vest-Norges Brusselkontor og Tove som hovudprosjektleiar for samfunnsutvikling i Alver kommune.

– Deltaking på workshops, seminar og internasjonale konferansar er gode arenaer for å bygge nettverk og søke prosjektpartnarar, utdjupar dei.

Sjå konkrete tips for korleis ein finn fram til relevante arrangement lengre ned i saka. Men først, få med deg desse tipsa:

Leit etter partnarar som har likt utfordringsbilete

Det er viktig å leite etter partnarar som har like utfordringar og ønskje om å endra desse gjennom felles prosjektmål. Viss utfordringar og problemstillingar er forskjellige, kan det vere vanskelegare å finne nytteverdi for alle involverte. Det vil difor vere bra å ha gode møte i forkant av søknadsskrivinga, slik at ein får avklart dette tidleg.

Når ein skriv ein prosjektsøknad, er det naturleg å hente underbyggande kunnskapsgrunnlag frå forskingsrapportar og aktuelle problemstillingar. Ut i frå dette vil det gjerne peike seg ut nokre land og partnarar som vil vere meir relevante å samarbeide med enn andre.

Bruk eksisterande nettverk

Om ein har jobba saman i tidlegare prosjekt og det har gått fint, vil det vere ein styrke for kommande prosjekt. Det er viktig å kunne jobbe godt saman og trivast gjennom heile prosjektperioden.

– Då eg skulle søke etter partnarar til Erasmus+-prosjektet vårt, sende eg ein e-post til tidlegare samarbeidspartnarar i eit Interreg-prosjekt. Eg la fram prosjektideen og spurde om nokon var interessert i å vere med. Det var fleire som melde si interesse, og me hadde nokon møte der me stod att med dei som hadde like utfordringar – i tillegg til mest likt geografisk og demografisk utgangspunkt. Desse hadde også mest motivasjon og ressursar til å samarbeide gjennom ein prosjektperiode på tre år, seier Tove Haganes.

Bruk andre nettverk

En kvinne i halvprofil ser i kamera og smiler.

Merete Mikkelsen har liknande tankar kring dette:

– Har du eller arbeidsplassen din gode kontaktar innan eit felt, men har tidlegare samarbeida? Då kan det vere lurt å få med ein eller fleire av desse inn i ein ny type samarbeid som til dømes eit Erasmus+-prosjekt. Det er viktig å stole på at prosjektpartnaren leverer i dei ulike fasane av prosjektet – frå søknad til gjennomføring. Difor er det enklare å samarbeida med nokon ein kjennar frå før.

Viss du ikkje har kontaktar frå før, kan du sjekke med andre norske aktørar som har organisert EU-prosjekt. Kanskje dei har nokre gode tips – har dei hatt prosjekt som liknar på det du ynskjer å få til? Kanskje veit dei til og med om potensielle partnarar som er på jakt etter nye samarbeid?

Lykke til!

Her finn du relevante arrangement

  • Fylkeskommunane har ofte gode nettverk gjennom tidlegare og eksisterande prosjekt som søkjarar kan dra nytte av.
  • Dei fleste fylka har eigne kontor i Brussel og tilgang på nettverk som kan nyttast. Dei hjelper ofte til med å finne samarbeidspartnarar, og har ofte mykje god informasjon på nettsidene sine.
  • Det vert jamleg organisert internasjonale Training and Cooperation Activities (TCA). Sjekk denne nettsida: https://salto-et.net/
  • Du kan også søkje i prosjektdatabasen til Europakommisjonen. Her kan du filtrere på mellom anna land og tema: https://erasmus-plus.ec.europa.eu/projects