Hopp til hovudinnhald

Prosjektet School 21 - Let's go out! skal få slovenske skuleelevar ut av klasseromma

Sist oppdatert: 26. februar 2025

Uteskule er ikkje det same i Slovenia som i Noreg. Men vi har noko å lære av kvarandre, viser prosjektet School 21 – Let’s go out!

Slovenske lærarar på uteskulebesøk til Hustadvika.

Bakgrunn

Korleis gjere undervisninga meir relevant og spennande? Eitt svar er å dra ut av klasserommet og ta nærmiljøet i bruk. Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har vore med i eit EØS-prosjekt som skal få elevar i Slovenia ut av klasseromma.

– Me hadde nok litt ulike idear om kva uteskule skal vere, fortel Marte Melbø i Friluftsrådet.

– I Noreg går me ut og nyttar naturen i nærmiljøet. I Slovenia ville dei byggje fysiske uteskular, noko som var eit heilt ukjent konsept for oss. Slovenarane var også opptekne av å introdusere uteaktivitetar i vidaregåande skule, medan me har mest erfaring med barnehage og barneskule.

Det har vore veldig interessant å følgje prosjektet, kanskje slike uteskular også kunne vere eit nyttig supplement i Noreg, resonnerer ho.

Aktivitetar

I prosjektet var det fleire besøk i båe retningar mellom Slovenia og Noreg.

– Det har vore super dialog undervegs, fortel Olav Fransson Drangeid i fylkeskommunen. Prosjektet har omfatta både barne-, ungdoms- og vidaregåande skular, og det er utvikla både faglege ressursar og fysiske uteklasserom i Slovenia.

Resultat

Som resultat av prosjektet er det bygd to uteklasserom i Slovenia, eitt på ein barneskule og eitt på ein vidaregåande skule. Her har elevane tilgang på blant anna hagekassar og utstyr for å utforske nærområdet. Det er også laga ei handbok i å drive uteskule, og slovenske lærarar har etablert eit nettverk for å utveksle erfaringar. Det slovenske utdanningsdepartementet har vist interesse, og det har vore mykje offentleg merksemd om prosjektet.

Råd og tips

– Å finne gode partnarar er nøkkelen, seier Drangeid frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. Det er også avgjerande at andre aktørar i regionen får direkte nytte av prosjektet, og at det ikkje er for perifert frå det ein elles driv med. Elles blir det vanskeleg å prioritere slikt arbeid.

Alle prosjektleiarane er samle på sluttkonferansen til prosjektet.

Melbø frå Friluftsrådet peikar på at ein ikkje alltid har dei same forventningane til kva eit prosjekt skal innehalde og at dette kan vere kulturavhengig.

– Det blei laga ein del «merch» for prosjektet, drikkeflasker med prosjektlogo og liknande. Me hadde nok heller brukt desse pengane direkte på elev-aktivitetar.

Båe er likevel samde om at den slovenske koordinatoren har handtert prosjektet svært bra.

 – Det var ein del frustrerande krav til rapportering av arbeidstid, men ut over det har det administrative gått greitt, fortel Olav.

– Dette har vore spennande og lærerikt, og ein blir meir medviten på eigen praksis, konkluderer Marte, som til dagleg jobbar med å implementere læring i friluft på skulane i Nordmøre og Romsdal.

– Innsatsen har absolutt vore verd det!

Meir informasjon om prosjektet

https://school21.si/?lang=en