Hopp til hovudinnhald

Estisk og norsk ull - frå avfall til ressurs

Sist oppdatert: 26. februar 2025

Ull kan ikkje berre bli klede, men også nyttast til jordforbetring og isolasjon. No kan norske erfaringar bidra til at estisk ull får nye bruksområde.

Det fins over 30 sauerasar og over 65 000 sauer i Estland.

Bakgrunn

Saman med estiske partnarar og Selbu spinneri har Universitetet i Søraust-Noreg (USN) vore involvert i eit EØS-prosjekt for å nyttiggjere og få meir merksemd rundt ull frå tradisjonelle sauerasar i Estland og Noreg. Estland har mykje sauar og ein stor tekstilindustri, men likevel blir så mykje som 90 prosent av den lokale ulla kasta.

Eli Wendelbo er universitetslektor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved USN si avdeling i Rauland. – Studentane har vore med på å sortere ulla, spinne for hand og har vore på spinneriet i Viljandi. Estland manglar eit kvalitetssystem for ull og systematisk forsking på korleis ein kan nytte den lokale ulla. I Noreg har vi eit godt kvalitetssystem, men manglar studiemateriell for handtverkstudentar.

Gjennom prosjektet har vi fått dokumentert kvalitetane i den lokale ulla og utvikla eit studiemateriell for tre lokale sauerasar. Prosjektet har lagt eit godt grunnlag for vidare samarbeid og for å nyttiggjere meir av denne ressursen i Estland, fortel ho.

Tre estiske saueraser, "The Estonian Whitehead sheep", the "Estonian Blackhead" og "The Kihnu native sheep"

Tre norske saueraser, Blæset sauen, Kvit og Svart spelsau, Gammalnorsk sau.

Aktivitetane

I løpet av prosjektperioden har studentar og tilsette frå Estland og Noreg spunne garn som så blei både vevd og strikka med, og deretter testa i eit laboratorium i Estland. Testane viste at garnet blei både slitesterkt, elastisk og vind-resistent.

Seks studentar var involverte frå kvart land. Studentane som reiste til Estland var svært entusiastiske over fasilitetane i spinneriet i Viljandi og var samde om at dei gjerne skulle hatt noko tilsvarande ved sin norske lærestad.

Prosjektgruppa har også hatt digitale møte.

Resultata

Ifølgje universitetslektor Eli Wendelbo er det viktigaste utbytet frå prosjektet at ein har fått handfast kunnskap som bidra til at ein kan ta meir av ulla i bruk. Då trengst det samarbeid mellom sauebønder, ull- og garnprodusentar og trikotasjeindustrien. Ull som ikkje eignar seg for klede, kan til dømes nyttast til jordforbetring og isolasjon. ––Det er også laga undervisningsmateriell og ein publikasjon i løpet av prosjektperioden.

Råd til andre

– Vi ønsker å oppretthalde samarbeidet og sende studentar til spinneriet i Viljandi også i framtida, fortel Wendelbo.

– Vi kjenner partnarane frå eit tidlegare samarbeid innan Nordplus (red.mrk. ordning for nordisk samarbeid) Saman med god støtte frå administrasjonen gjer dette det lettare å få til eit fagleg vellukka prosjekt.