Hopp til hovudinnhald

Latviske elevar til "Mars" med norsk hjelp

Sist oppdatert: 24. februar 2025

Interaktive utstillingar, workshops og ei rakettoppskyting er noko av det som er kome ut av dette norsk-latviske samarbeidet.

    I Latvia har EØS-midlar bidrege til å byggje opp fire regionale innovasjons- og vitensenter i byane Daugavpils, Liepāja, Cēsis og Ventspils. Sentra skal bidra til meir interesse for naturfag og teknologi blant barn og unge. Dei fire sentra har alle norske samarbeidspartnarar.

    Andøya Space Education har medverka til å utvikle romfartssenteret i Cēsis, ein by med 20 000 innbyggjarar som ligg halvannan times reise aust for hovudstaden Riga.

    Det har vore eit givande arbeid, fortel Marcos Fraga og Simen Bergvik frå Andøya Space Education, som er den norske avdelinga i European Space Agency sitt utdanningsprogram.

    – Vi har fått mange nye idear og sett på eigen praksis med nytt blikk. I utgangspunktet var vi «ekspertane», men der var slett ikkje alltid det blei slik i praksis.

    Aktivitetar

    Sjølve bygningane til vitensentra er bygde oppmed andre midlar enn EØS-midlane. EØS-prosjekta har bidrege med installasjonar og pedagogisk innhald.


    – Vi har utvikla ti workshops og fleire undervisningspakkar fortel Simen og Marcos.

    Eit høgdepunkt i prosjektet var den vekelange rakettkampanjen i Latvia. 25 skuleelevar frå heile landet jobba frå morgon til kveld med å byggje eigne sensorar og klargjere ein rakett til oppskyting. Raketten blei sendt opp i samarbeid med Riga tekniske universitet.

    – Vi kom på riksdekkande tv, og i ettertid har vi fått tilbakemelding om at dette har vore ei verkeleg livsendrande oppleving for ein del av dei som var med, fortel Simen.

    Resultat

    I byen Cēsis er vitensenteret no i full drift.

    – Dei har verkeleg fått til ein god, raud tråd gjennom heile senteret, seier Simen Bergvik.

    Senteret er godt organisert.


    – Dei har i større grad enn oss utvikla tenestene heilt frå grunnen, og vi har lært mykje av deira teknikkar. No har vi kvarandre «på lista» og det blir kortare veg også til framtidig samarbeid.

    Råd og tips

    Prosjektleiar Marcos Fraga har gjort seg nokre erfaringar undervegs:

    – Dette har ikkje vore noko one-man show, totalt har kanskje seks-sju personar vore involverte frå vår side. Vi har jobba i team og fordelt arbeidsoppgåvene ut frå kva me er gode til. Samstundes trengst det ein person som held i prosjektet og har tid til det.

    – I starten er det viktig å ta seg tid til å definere kva me faktisk skal levere og lage ein god plan for det, med oppnåelege mål og nok møtepunkt undervegs til å sjekke at framdrifta er slik ho skal vere. Undervegs endrar kanskje måla seg litt, og då må ein vere open for nye idear og justeringar.

    Meir om prosjektet

    Fire latviske regionale innovasjons- og vitensenter er etablert ved hjelp av støtte frå

    under EØS-midlane.