Entreprenørskap på timeplanen
Sist oppdatert: 26. februar 2025Praktisk erfaring med elevbedrifter skal gjere slovenske ungdommar betre rusta til livet etter skulen.

Bakgrunn
– Vi blei nok kontakta fordi forskingsgruppa har publisert mykje internasjonalt om elevbedrifter. Nokon av oss har forska på elevbedrift som metode i 20 år, og 300 lærarar i vidaregåande skular har teke del i eit tjue-timars kurs som vi tilbyr i entreprenørskap og prosjektbaserte metodar, fortel Vegard Johansen, som er professor ved Institutt for pedagogikk og livslang læring på NTNU.
Johansen snakkar om NTNU si deltaking i EØS-prosjektet «Fostering entrepreneurship skills in schools” (PoMP).
På slovensk side var prosjektet eit samarbeid mellom eit universitet, regional administrasjon og såkalla «inkubatorar» som tilbyr ei opplæringspakke retta mot skular og fleire utdanningsinstitusjonar. Dei ønskte norske erfaringar og innspel til korleis ein kan etablere ein meir systematisk struktur for entreprenørskap i skulen i Slovenia.
Aktivitetar
– Ein stor delegasjon frå prosjektgruppa og lærarar ved deltakande skular kom frå Slovenia til Trondheim, fortel Vegard.
– Då presenterte vi forskinga vår på entreprenørskap, og slovenarane fekk prøve ut ulike arbeidsformer som dei tok inn i eigne kurs. I tillegg fekk dei sjå korleis Johan Bojer vidaregåande skole og Ungt Entreprenørskap Trøndelag jobba med entreprenørskap.
Elevkonkurransar
I prosjektet har det vore systematisk digitalt samarbeid mellom Slovenia og Noreg. I Slovenia blei det organisert kursing av lærarar, og her deltok forskingsgruppa frå NTNU også i noko av undervisninga. Ved alle skulane blei det organisert elevkonkurransar, og dei beste ideane møttest til nasjonal finale.

Nasjonale elevkonkurransar er eit godt verkemiddel for å engasjere elevane.
Siste aktivitet var eit besøk til Slovenia i mars 2024.
– Vi møtte mange lærarar og elevar og såg at prosjektet verkeleg hadde hatt betydning for motivasjon og læring, fortel Johansen.
– Administrativt har dette fungert fint for oss. Vi har berre trengt å rapportere kortfatta kva som er gjort. Prosjektet gav også rom for å løne ein stipendiat til å hjelpe til med administrasjon og litt forskingssamarbeid.
Resultat
Det er utvikla ei eiga nettside der læremidlar er samla , også med korte videoar og instruksjonar. Det er også etablert betre kontakt mellom universiteta og inkubatorane i tillegg til at det slovenske utdanningsdepartementet er involvert.
–Det som kanskje kunne vore endå betre, var forankringa hos rektorane ved skulane, resonnerer Vegard Johansen. Han fortel at partane hadde ambisjon om forskingssamarbeid etter at prosjektet var avslutta, men at dei faglege tilnærmingane var for ulike til at dette blei noko av i praksis.
Råd og tips
– Det var veldig bra at ein hadde klart å etablere ei gruppe på fire eller fleire lærarar ved kvar skule som var involverte i bruk av entreprenørielle arbeidsformer – det er mykje meir berekraftig enn om det berre er ein entusiast ved kvar skule, påpeikar Johansen.
– For instituttet vårt er erfaringane med EØS-prosjekt som som dette absolutt positive. Instituttleiinga oppfordrar til denne typen fagleg samarbeid, og vi ser at slike prosjekt er attraktive og relevante for mange av våre tilsette.