Hopp til hovudinnhald

Nettside under konstruksjon

Nettside under konstruksjon

hkdir.no fylles fortsatt med innhold og funksjonalitet. Du vil derfor oppleve at noe innhold fortsatt befinner seg på andre nettsteder, at det mangler eller at det er funksjonalitet som ikke virker 100%. Ta kontakt med oss på post@hkdir.no hvis du savner innhold.

UTFORSK

Program/tilskotsordningTal på tilskot: 0

UTFORSK skal styrke høgare utdanning for en berekraftig framtid. Programmet gir midlar til norske høgare utdanningsinstitusjonar slik at dei kan styrke sine internasjonale partnarskap i Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA og ved dette auka kvaliteten og relevansen i sine studieprogram.

Kva er UTFORSK

UTFORSK er et program for utdanningssamarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Norge og tilsvarande institusjonar i Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA.

UTFORSK skal både leie til styrka internasjonale partnarskap innan område av felles interessesamt til auka kvalitet og relevans i studieprogramma ved institusjonane som er med.

UTFORSK er eit av dei sentrale verkemidla i Panorama-strategien, en strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med ei rekke land utanfor Europa. Strategien legg vekt på gode samspel mellom utdanningssamarbeid og forskingssamarbeid, gode koplingar mellom utdanning og arbeids- og næringsliv, god og gjensidig studentmobilitet og godt samspel mellom bilateralt og multilateralt samarbeid med særleg vekt på EU sine rammeprogram for utdanning ogforsking. 

UTFORSK har og relevans til FNs berekraftsmål (Agenda 2023), der utdanning nemnes som særskilt viktig både som et mål i seg sjølv og som middel til å nå ein rekkje av dei andre måla.

UTFORSK programmet blei endra i 2020 og da blei også dei tidlegare programma InternAbroad, Partnarskapsprogrammet for Nord Amerika og Russlandsprogrammet innlemma i UTFORSK.

For tida støttar ikkje UTFORSK programmet nye samarbeid med Russland.

Kven står bak

UTFORSK er finansiert av Kunnskapsdepartementet og administrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Formål

Det overordna målet for UTFORSK programmet er å styrke høgare utdanning for ei berekraftig framtid gjennom å styrke internasjonale partnarskap mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Norge og partnarlanda, innan område av felles interesse, samt å auka kvaliteten og relevansen i studieprogramma ved institusjonane som er med.

Element som vil være viktig for å nå måla i UTFORSK programmet er:

  • Gjensidig studentmobilitet, som er ein del av det institusjonelle samarbeidet
  • Kopling mellom høgare utdanning og forsking
  • Felles utdanningsaktivitetar som integrerast inn i utdanningsprogramma ved partnarinstitusjonane
  • Strukturar for felles kunnskapsutvikling og deling mellom akademia og ikkje-akademiske partnarar
  • Felles arenaer for kunnskapsutvikling og -deling
  • Studentars deltaking i eit internasjonalt læringsmiljø
  • Innovative og kunnskapsbaserte læringsmetodar og vurderingsformar
  • Fellesutvikla kurs, program og læringsmetodar som gir kunnskap og kompetanse som trengs for å nå FNs berekraftsmål
  • Synergiar med EUs program for utdanning og forsking

Kven kan søke tilskot frå programmet

Norske høgare utdanningsinstitusjonar med akkrediterte studieprogram kan søke saman med minst ein tilsvarande institusjon i partnarlanda.

Fleire kan vere med som nettverkspartnarar. Dette kan vere universitet, forskingsinstitutt, private eller offentlege bedrifter, sjukehus, skular, frivillige organisasjonar, eller andre organisasjonar, i Norge eller i partnarlanda.

UTFORSK

E-post:utforsk@hkdir.no