Hopp til hovudinnhald

Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift

Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift skal sikre gode norskspråklege diamanttidsskrift og norsk som fagspråk.

Kva er Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift

Om Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift

Ordninga gjeld for fagområda humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helse, og realfag og teknologi. Ho er ei utviding av Den nasjonale støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift i humaniora og samfunnsvitskap. Endringa gjeld frå utlysing 2026.

I Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden varsla regjeringa at dei vil«sørge for at Den nasjonale støtteordningen for åpne norskspråklige tidsskrifter i humaniora og samfunnsvitenskap (NÅHST) utvides for å sikre gode norskspråklige diamanttidsskrifter og norsk som fagspråk på flere fagområder». Årets utlysing er difor utvida til å gjelde medisin og helse, og realfag og teknologi i tillegg til humaniora og samfunnsvitskap, og namnet til ordninga er endra til Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift.

Ordninga er ei oppfølging av stortingsmeldingane Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge (Humaniorameldinga), Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032(LTP), Meld. St. 14 (2024–2025), Sikker kunnskap i en usikker verden (Systemmeldinga) og Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (2023).

I tillegg til stortingsmeldingar og handlingsplanen er Strategi for norsk vitenskapelig publisering etter 2024 ein nyttig ressurs for å forstå bakgrunnen for ordninga.

Kven står bak

Ordninga er finansiert av Kunnskapsdepartementet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar ordninga.

Formål

Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift byggjer på nasjonale mål om at offentleg finansiert forsking skal vere opent tilgjengeleg, slik det blei slått fast i ei rekke stortingsmeldingar. Regjeringa ønskte å gjere norsk forsking meir tilgjengeleg både i og utanfor akademia, og ein etablerte derfor ei ordning som skulle støtte opne, norskspråklege vitskapelege tidsskrift i humaniora og samfunnsvitskap. Målet var både å sikre publisering på norsk av høg kvalitet og å støtte tidsskrift som ikkje kunne dekkje kostnadene sine knytte til open publisering gjennom abonnement åleine. Handlingsplanen for norsk språk i akademia og seinare nasjonale strategiar for forsking og publisering har understreka behovet for å styrkje norsk fagspråk, motverke nedgang i vitskapleg publisering på norsk til fordel for engelskog sørgje for gode norskspråklege publiseringskanalar.Ordninga er derfor eit sentralt verkemiddel for å sikre opne, norskspråklege diamanttidsskrift og bidra til at målet om full og open tilgang til forskingsresultat kan nåast, samstundes som norsk språk og norsk fagoffentlegheit blir tekne vare på.

Kven kan søke tilskot frå programmet

Målgruppa for ordninga er norskspråklege vitskapelege opne tidsskrift av høg kvalitet som har behov for økonomisk støtte for open publisering, fortrinnsvis diamant open tilgang. Utlysinga er open for fagområda humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helsefag, og realfag og teknologi.

Anja Olsen Moberg

Seniorrådgiver

E-post:tidsskriftordninga@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00

Guro Sandnes

Seniorrådgiver

E-post:tidsskriftordninga@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00