Hopp til hovudinnhald
Ustabilt påmeldingssystem til våre arrangementer

Vår leverandør har tekniske utfordringer med påmelding til våre arrangementer. Dersom du opplever problemer med å melde deg på, anbefaler vi at du prøver igjen litt senere. Du skal motta en automatisk bekreftelse når påmeldingen er registrert. Takk for tålmodigheten, og vi beklager eventuelle ulemper.

Tildeling Kompetansepluss fagopplæring 2025

På denne siden finner du oversikt over tildelinger i Kompetansepluss fagopplæring 2025.

Sist oppdatert : 22. april 2025

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har tildelt 19,5 millionar kroner til Kompetansepluss fagopplæring i 2025. Midlane skal nyttast til kurs som kombinerer fagopplæring med opplæring i grunnleggande ferdigheiter eller norsk/samisk. Tildelinga vil gi erfaring frå slik kombinert opplæring innan mange ulike fag og bransjar.

For å få erfaring frå så mange ulike prosjekt som mogleg, blir det ikkje innvilga fleire enn to søknadar med same tilbydar i Kompetansepluss fagopplæring. Ein søknad kan ikkje innehalde fleire enn to kurs. Kvart kurs kan omfatte opplæring i fleire verksemder. 

På grunn av oversøking kunne ikkje direktoratet innvilge alle dei kvalifiserte søknadane. Etter ei heilskapsvurdering har vi innvilga alle søknadar med fleire en 62 poeng og gjort prioriteringar mellom kurs og søknader med lågare poengscore. Prioriteringane gjer at direktoratet kangi tilskot til kvalifiserte prosjekt i så mange bransjar og fagområde som mogleg, samstundes som vi oppnår god geografisk spreiing i tråd med målsettinga for ordninga.

Med denne tildelinga kan det settast i gang Kompetanseplusskurs retta mot 25 ulike fagbrev.

Nedanfor finn du oversikt over prosjekta som har fått innvilga midlar, med utdanningsprogram, fagområde og kor opplæringa skal føregå.

Søkjar/ tilskotsmottakar