Tildeling Kompetansepluss fagopplæring 2024
På denne siden finner du oversikt over tildelinger i Kompetansepluss fagopplæring 2024.
Sist oppdatert : 15. mai 2024Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har tildelt 17,5 millionar kroner til Kompetansepluss fagopplæring. Midlane skal nyttast til kurs som kombinerer fagopplæring med opplæring i grunnleggande ferdigheiter eller norsk/samisk. Tildelinga vil gi erfaring frå slik kombinert opplæring innan mange ulike fag og bransjar.
For å få erfaring frå så mange ulike prosjekt som mogleg, er det ikkje innvilga fleire enn to søknadar med same tilbydar.
På grunn av oversøking har direktoratet etter ei samla vurdering avslått nokre søknadar om opplæring retta mot reinhaldsoperatørar. Dette er gjort for å kunne gi tilskot til kvalifiserte prosjekt i så mange bransjar og fagområde som mogleg. Med denne prioriteringa har vi oppnådd god geografisk og fagleg spreiing i tråd med målsettinga for prøveordninga. Med denne tildelinga kan det settast i gang Kompetanseplusskurs retta mot 24 ulike fagbrev.
Nedanfor finn du eit dokument kor vi har lista opp prosjekta som har fått innvilga midlar, med utdanningsprogram og fagområde. Kvart prosjekt kan ha eitt eller to kurs og omfatte opplæring i fleire verksemder.