Hopp til hovudinnhald

Tildeling Kompetansepluss fagopplæring 2023

På denne siden finner du oversikt over tildelinger i Kompetansepluss fagopplæring 2023.

Sist oppdatert : 22. november 2023

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse deler ut 20,4 millionar kroner til prøveordninga Kompetansepluss fagopplæring. Midlane skal nyttast til kurs som kombinerer fagopplæring med opplæring i grunnleggjande ferdigheiter eller norsk/samisk. Tildelinga går til prosjekt i alle fylka, og erfaring frå opplæring i nye fag innan prøveordninga.

For å få erfaring frå så mange ulike prosjekt som mogleg, er det ikkje innvilga fleire enn to søknadar med same tilbydar.

På grunn av oversøking, har direktoratet etter ei samla vurdering avslått nokre søknadar om opplæring retta mot reinhaldsoperatørar. Dette er gjort for å kunne gi tilskot til flest mogleg av dei prosjekta som er kvalifisert og samstundes nå fleire bransjar og fagområde. Med denne prioriteringa har vi oppnådd god geografisk og fagleg spreiing i tråd med målsettinga for prøveordninga.

Nedanfor har vi lista opp prosjekta som har fått innvilga midlar, med fagområde og fag. Kvart prosjekt kan ha eitt eller to kurs og omfatte opplæring i fleire verksemder.

Søkjar/ tilskotsmottakar