Hopp til hovudinnhald
Planlagt nedetid for påmelding til arrangementer

På grunn av en planlagt oppgradering vil det ikke være mulig å melde seg på arrangement fredag 4. september fra kl. 16.00. Nedetiden varer inntil tre timer. Vi beklager ulempen dette medfører.

Avdeling for læreplan

Avdelinga har mellom anna ansvar for modulforsøk for vaksne i grunnopplæringa, og for læreplanar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Sist oppdatert : 23. september 2024

Avdelinga har ansvar for modulforsøk for vaksne i grunnopplæringa og for vaksne som tar grunnopplæring i kombinasjon med vidaregåande skule. Avdelinga samarbeider med Utdanningsdirektoratet om modulisering av grunnopplæringa for vaksne som hovudmodell i vaksenopplæringa. Arbeidet gir nye moduliserte læreplanar med tilhøyrande vurderings- og dokumentasjonsordningar frå hausten 2024. Da får også avdelinga fagleg ansvar for førebuande opplæring for vaksne.

Avdelinga har ansvar for læreplanar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, legg til rette for kompetanseheving for lærarar og leiarar i vaksenopplæringa og tilbyr læringsressursar for vaksne i grunnleggande ferdigheiter og digital kompetanse.

Avdelinga følg opp ulike oppdrag på integreringsfeltet, oftast i samarbeid med andre direktorat som Arbeids- og velferdsdirektoratet og/eller Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

Kontakt oss

Marita Kristiansen

Avdelingsleiar

E-post:marita.kristiansen@hkdir.no

Asbjørn Støverud

Divisjonsdirektør

E-post:asbjorn.stoverud@hkdir.no

Telefonnummer:90 86 11 58