Hopp til hovudinnhald

Rett til innsyn og klage

Du har rett til innsyn i eiga sak og fleire av dokumenta våre, og dessutan rett til å klaga på vedtaka våre.

Sist oppdatert : 28. oktober 2023

Rett til innsyn i dokumenta våre

I kraft av offentleglova har alle fysiske og juridiske personar som hovudregel rett til å få innsyn i dokument som er i bruk i HK-dir si forvaltningsverksemd, jf. offentleglova § 3. Personar som er (eller representerar) ein part i ei konkret sak vil også kunne ha utvida rett til innsyn i eiga sak.

I enkelte tilfelle vil ulike omsyn kunne innebere at innsyn i visse dokument eller opplysninger avgrensast, anten mellombels (utsett innsyn) eller permanent (innsynsnekt). Slike unntak frå innsynsretten kan m.a. vere forankra i teieplikt, personvernomsyn, konfidensialitetsreglar, og administrative behov for å sikre ei god og effektiv sakshandsaming. Om slike omsyn gjer seg gjeldande tek vi stilling til når vi mottek konkrete krav om innsyn.

Vi ber om at spørsmål om innsyn sendast via vår postliste på eInnsyn, eller på e-post. Ved innsending per e-post, er det viktig at ein er tydeleg på kva for dokument/saker e.l. det er ein ynskjer innsyn i, jf. offentleglova § 28.

Vi handsamar spørsmål om innsyn så raskt som mogleg. Normalt vil du få svar innan fem dagar. Dersom vi likevel ikkje får handsama ditt spørsmål om innsyn innan denne fristen, vil du få eit mellombels svar der vi gjere greie for kvifor handsaminga vil krevje meir tid, og gje informasjon om når du kan forvente å få svar.

Når handsaminga av saka er sluttført, vil du få ei avgjerd frå oss. Dersom vi gjev innsyn, sender vi deg kopi av dokumenta. Dersom vi ikkje gjev innsyn i alt du ynskjer, får du ei grunngjeving for kvifor vi ikkje gjev innsyn saman med informasjon om din rett til å klage på avgjersla.

Meir informasjon om reglane om innsyn er tilgjengeleg i Justisdepartementet sin «Rettleiar til offentleglova» (regjeringen.no).

Rett til innsyn i eiga sak

Som part/representant for ein part i en forvaltningssak, har du som hovudregel rett til å gjere deg kjent med dokumenta som høyrer til saka, jf. forvaltningslova § 18. Ein part i ei sak er den eller dei som «avgjørelsen [i saken] retter seg mot», eller som «saken ellers direkte gjelder», jf. forvaltningslova § 2, første avsnitt, bokstav e.

Det gjeld likevel visse unntak frå dette, som går fram av forvaltningslova §§ 18a-c, 19 og 20. Slike unntak kan til dømes gjelde for opplysningar om andre og som er omfatta av teieplikt.

Vi ber om at spørsmål om innsyn sendast oss på e-post. Når du ber om innsyn er det viktig at det går tydelig fram kva for dokument/saker det er du ynskjer innsyn i, og kva for rolle du har i saka (part/partsrepresentant). Ved spørsmål knytt til slikt innsyn, kan du ta kontakt med den sakshandsamaren som har saka hjå oss.

Vi handsamar spørsmål om innsyn så raskt som mogleg. Normalt vil du få svar innan fem dagar. Dersom vi likevel ikkje får handsama ditt spørsmål om innsyn innan denne fristen, vil du få eit mellombels svar der vi forklarer kvifor handsaminga vil krevje meir tid saman med informasjon om når du kan forvente å få svar.

Når handsaminga av saka er ferdig, vil du få ei avgjersle frå oss. Dersom vi gjev innsyn, sender vi deg kopi av dokumenta. Dersom vi ikkje gjev innsyn i alt du ynskjer, får du ei grunngjeving for kvifor vi ikkje gjev innsyn saman med informasjon om din rett til å klage på avgjersla i tråd med forvaltningslova § 21.

Rett til å klage på våre vedtak

Som ledd i vår verksemd fattar HK-dir eit mange avgjersler som får verknader for ulike personar og verksemder. Dømer på slike avgjersler kan vere at vi avviser eller gjev avslag på ein søknad du har sendt oss, at vi heilt eller delvis nektar deg innsyn i saksdokument du har bede om innsyn i, eller at vi pålegg deg eller verksemda di ei plikt til å tilbakebetale deler av eit tilskot eller ein stønad som vi tidlegare har innvilga.

Alle avgjersler som du eller verksemda di kan klage på, vil verte sendt ut gjennom eigne vedtaksbrev der vi også gjev nærare informasjon om retten til å klage. Denne informasjonen vil bli gjeve i tråd med dei reglar som gjeld for dette.

Dei generelle reglane om klagerett går fram av forvaltningslova kap. VI. For avgjersler knytt til innsyn i dine eigne saker, vil informasjon bli gjeve i tråd med forvaltningslova § 21. For avgjersler knytt til innsyn i andre saksdokument, vil informasjon om klagerett bli gjeve i tråd med offenleglova § 32. Dersom det gjeld andre særskilte reglar knytt til din rett til å klage, vil vi også opplyse om dette i vedtaksbrevet du får.

Når vi mottar klager, vil vi bekrefta mottak og handsame dei så raskt som mogleg. Normalt vil du få svar innan tre veker. Dersom vi likevel ikkje får handsama klaga di innan denne fristen, vil du få eit mellombels svar der vi gjer greie for kvifor handsaminga vil krevje meir tid, og gje informasjon om når du kan forvente å få svar.

Dersom vi finn at klaga bør føre fram, vil vi omgjere vårt opprinnelege vedtak så langt det er grunn til det. Dersom vi ikkje finn at klaga kan føre fram, vil vedtaket verte oppretthalde (stadfesta). Vi vil orientere deg om utfallet i eigne vedtaksbrev, der vi også gjer greie for vår konklusjon.

Dersom klaga din ikkje fører fram, vil du ha moglegheit til å be om at klaga leggjast fram for klageinstansen. Du vil då få kopi av dei klagesaksdokumenta vi oversender til klageinstansen, samt gjevast moglegheit til å supplere klagen din i lys av den grunngjeving vi har for vår vurdering av klaga. Klageinstans for dei fleste av våre avgjersler vil vere anten Kunnskapsdepartementet, Utanriksdepartementet eller Kultur- og likestillingsdepartementet.

Kontakt oss

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

E-post:post@hkdir.no

Telefonnummer:55 30 38 00