Hopp til hovudinnhald

Nettside under konstruksjon

Nettside under konstruksjon

hkdir.no fylles fortsatt med innhold og funksjonalitet. Du vil derfor oppleve at noe innhold fortsatt befinner seg på andre nettsteder, at det mangler eller at det er funksjonalitet som ikke virker 100%. Ta kontakt med oss på post@hkdir.no hvis du savner innhold.

Kontroll, oppfølging og tilsyn

Som forvaltar av offentleg mynde og offentlege midlar, har HK-dir i fleire samanhengar rett og plikt til å kontrollere, fylgje opp og føre tilsyn med ulike private og offentlege aktørar.

Sist oppdatert : 16. august 2023

Som forvaltar av offentleg mynde og offentlege midlar, har HK-dir i fleire samanhengar rett og plikt til å kontrollere, fylgje opp og føre tilsyn med ulike private og offentlege aktørar. Dette kan vere aktørar som mottek tilskot eller stønader, eller som får ulike typar godkjenningar e.l.

HK-dir forvaltar ei rekkje tilskots- og stønadsordningar, samt fleire enkeltståande/øyremerkte tilskot. Forvaltninga vår av slike ordningar og tilskot regulerast m.a. av Stortinget sitt bevilgingsreglement pkt. 9 og 10 og Bestemmelser om økonomistyring i staten kap. 6 og 7 , samt forvaltningslova og ulike føringar gjeve av det departement eller organ som eig ordningane.

I kraft av desse reglane har HK-dir plikt til å kontrollere og fylgje opp tilskot/stønader vi innvilgar til ulike mottakarar. Slike kontroll- og oppfølgingstiltak gjennomførast på ulike stadier i tilskots- og stønadsprosessane, og kan m.a. inkludere krav om rapportering, krav om innsending av dokumentasjon og krav om revisjonsbesøk hjå mottakarane. I tillegg vil Riksrevisjonen kunne krevje å få utlevert opplysningar og dokument m.m. i kraft av riksrevisjonslova § 12, tredje avsnitt .

I tilfeller der det avdekkjast avvik og brot på føresetnadane for tilskot/stønader, vil HK-dir kunne gjere vedtak om m.a. utbetalingsstans og tilbakebetaling. Slike vedtak vil innehalde meir informasjon om grunnlaget for avgjerslene, rett til innsyn og til å klage m.m.

Nærare informasjon om kva for kontroll- og oppfølgingstiltak HK-dir gjennomfører for å kontrollere at offentlege midlar vert brukt på korrekt måte, gjevast i tilknyting til dei enkelte tilskots- og stønadsordningane.

I høve til enkelte aktørar har HK-dir også eit utvida ansvar for å føre kontroll og tilsyn. Slik utvida kontroll og tilsyn kan m.a. bli gjennomført i høve til:

Slikt tilsyn kan skje etter faste årlege planar, ut frå ei vurdering av risiko eller ved tilfeldig utval (stikkprøver). Alle tilsyn vi gjennomfører vil verte skriftleg varsla til dei det gjeld, der vi også gjev meir konkret informasjon om korleis tilsynet gjennomførast m.m.

I tilfeller der det avdekkjast avvik og brot, vil HK-dir kunne gjere vedtak om m.a. tilbakebetaling av tilskot og tilbaketrekking av godkjenning. Før slike vedtak vert gjorde vil dei tilsynet gjeld få høve til å leggje fram relevant dokumentasjon og elles sikre at opplysningane som leggjast til grunn av HK-dir er korrekte.