Hopp til hovudinnhald

Slik er organiseringen av karriererettleiing i skulen

Karriererettleiing i skulen er lovregulert og organisert som eit felles ansvar mellom kommune, fylkeskommune og statlege direktorat. Ordninga skal sikre at elevar og lærlingar får støtte til å ta informerte val om utdanning og yrke.

Sist oppdatert : 29. juni 2026

Karriererettleiing i grunnskulen og vidaregåande opplæring er regulert i opplæringslova kapittel 16. Etter § 16‑1 har elevar rett til rådgiving om utdannings- og yrkesval, slik at dei får støtte til å ta informerte val knytte til vidare utdanning og arbeid.

Kommunen og fylkeskommunen sitt ansvar

Kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å sørgje for at elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring får den rådgivinga dei treng om utdannings- og yrkesval. Rådgivinga skal vere tilgjengeleg på den skulen eleven går på, og elevane har rett til individuell rådgiving dersom dei ønskjer det.

Fylkeskommunen har i tillegg ansvar for at lærlingar og andre som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval.

Lovgrunnlag og avgrensing av rådgiving

Rådgiving i skulen er delt i to delar i opplæringslova § 16:

Desse paragrafane regulerer ulike sider av rådgivingstilbodet og klargjer ansvarsområde og innhald.

Statlege direktoratsansvar

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har det faglege ansvaret for karriererettleiing i skulen. Utdanningsdirektoratet har ansvar for opplæringslova og for læreplanane i faga utdanningsval, yrkesfagleg fordjuping og arbeidslivsfaget. Utdanningsdirektoratet har også det faglege ansvaret for rådgiving om personlege forhold.

Ei brei forståing av karriererettleiing

I arbeidet vårt legg HK-dir ei brei forståing av karriererettleiing til grunn. Karriererettleiingstilbodet omfattar både rettleiing frå karriererettleiar/utdannings- og yrkesrådgivar, arbeidet som vert gjort i faga utdanningsval, yrkesfagleg fordjuping og arbeidslivsfaget, og karrierelæringsaktivitetar i andre fag, som skulen legg til rette for.