Hopp til hovudinnhald

Berekraft i Erasmus+

Kampen mot klima- og miljøendringar er ei av dei overordna prioriteringane som skal prege aktivitetane i Erasmus+ 2021–2027.

Sist oppdatert : 29. juni 2026

Berekraftig utvikling

Internasjonalt samarbeid er viktig for å møte globale utfordringar, der Erasmus+-prosjekt kan bidra med verdifull kunnskap utover sin eigen lokale kontekst.

Alle prosjekt i Erasmus+ blir oppmoda til å velje lågutsleppsreiser og ta miljøansvarlege val i all prosjektverksemd, inkludert spreiing og utvikling av informasjon og kunnskap om klima- og miljøspørsmål.

Målet er at deltakarane i programmet skal bli endringsaktørar som fremjar berekraftig utvikling.

Moglegheiter til å ta opp klima- og miljøendringar i Erasmus+

Klimaendringar og tap av biologisk mangfald blir oppmoda til å vere ein del av all prosjektaktivitet – også i prosjekt der grøne verdiar ikkje er eit hovudtema. Prosjekt som har dette som hovudtematikk, og/eller som kan vise til eit «grønt» prosjektdesign som tek omsyn til klima, miljø og berekraft, skal reknast som særleg relevante og bli prioriterte i evalueringsprosessen.

Det finst fleire moglegheiter for å inkludere tematikken på tvers av tiltak og sektorar:

Grøn reise

Erasmus+ tilbyr tilleggsstøtte for elevar, studentar, tilsette og andre prosjektdeltakarar som vel grøne reiser. Grøne reiser tek ofte lengre tid, og prosjekta kan derfor søkje om ekstra støtte til slike reiser.

Reising blir rekna som «grøn» når hovuddelen av reisa blir gjennomført med transportmiddel som slepper ut låge mengder klimagassar og annan forureining, til dømes tog, buss og samkøyring.

Noreg si plassering gjer det utfordrande å reise grønt til resten av Europa. Likevel finst det alternativ, og det kan løne seg å kartleggje utsleppa for ulike reisemåtar.

Berekraftige prosjektdesign

  • Vel meir miljøvenlege reisemåtar
  • Ta miljøvenlege val under utanlandsopphald og arrangement, til dømes når det gjeld lokal transport, forbruk, servering og val av opphald
  • Bruk digitale verkemiddel og møteplassar når det er mogleg
  • Vel grøne verdiar som tema for prosjektet ditt
  • Diskuter miljøansvar i ulike samanhengar og kva miljøkostnad prosjektet vil ha
  • Hugs å dele erfaringane dine og beste praksis

Berekraft som tema i prosjekt

Prosjekt i partnarskap for samarbeid kan ta opp prioriteringar knytte til berekraft, klima- og miljøendringar. Nokre døme på tema for prosjekt som fremjar miljøansvar kan vere:

  • Metodar for å forstå og handtere klima- og miljøspørsmål
  • Utvikling av planar for berekraftig utvikling
  • Kunst som støtte for miljøopplæring
  • Utvikling av ein kultur for miljømessig ansvarleg verksemd
  • Kunnskap og kompetanse om berekraftig landbruk og bevaring av naturressursar
  • Oppretting av tematiske nettverk og partnarskap med miljøtema
  • Støtte til miljømessig ansvarlege forbruksvanar (til dømes reduksjon av avfall og energibruk, lågutsleppsreiser og sirkulær økonomi)

La deg inspirere av korleis andre har jobba med berekraft

Verktøy og plattformar