Hopp til hovudinnhald

Studiemobilitet

Gjennom Erasmus+ får norske studentar moglegheit til å reise på studieopphald til utanlandske lærestader, og internasjonale studentar får moglegheit til å studere ved norske universitetet og høgskular.

Sist oppdatert : 27. juni 2024

Krav til deltaking og tillatne aktivitetar

Formelle krav

For å delta i Erasmus+ må studenten

  • vere registrert ved ein norsk institusjon som har eit "Erasmus Charter for Higher Education», forkorta ECHE
  • vere registrert på eit gradstudium, anten på bachelornivå, masternivå eller doktorgradsnivå

Deltidsstudentar og studentar som tek praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan òg delta i Erasmus+-programmet.

Lengde på opphaldet

Studieopphald ved ein partnarinstitusjon kan ha ei varigheit på inntil 12 månader per studienivå.

Studentar kan reise ut frå fyste studieår.

  • Lengde langtidsmobilitet: frå 2 til 12 månader
  • Lengde korttidsmobilitet (doktorgradskandidatar og blanda mobilitet): frå 5 til 30 dagar

Ved utrekning av stipend ved langtidsmobilitet i Beneficiary Module, har kvar månad 30 dagar, også februar.

Ved korttidsmobilitet blir stipendet rekna ut dag for dag, noko som betyr at februar då vil ha 28/29 dagar.

Kriterium for utveljing

De står fritt til å setje kriterium for utveljing av Erasmus+-studentar, så lenge desse er i tråd med krava i Erasmus+-programmet, og elles er rettferdige. Kriteria for utveljing må vere synlege og tilgjengelege for potensielle deltakarar i forkant av søknadsrunden.

Døme på legitime kriterium for utveljing kan vere karaktersnitt, studieprogresjon, motivasjon og tidlegare deltaking i Erasmus+.

Studiar og feltarbeid som del av grad

Stipend kan delast ut til studentar på bachelornivå, masternivå og doktorgradsnivå. Studentane kan følgje alle typar undervisning, inkludert arbeid med oppgåver, datainnsamling, og feltarbeid («thesis preparations») som inngår i grada studenten tek. Forskingsaktivitetar som ikkje spesifikt er del av ein studieplan eller emneplan er ikkje tillatne.

Fleire Erasmus+-mobilitetsopphald

Studentens mobilitetsopphald kan vare i inntil 12 månader på kvart gradsnivå (bachelor-, master- og doktorgrad). Studentar som gjennomfører eit integrert, femårig studieløp, kan vere på mobilitetsopphald i inntil 24 månader.

Det er mogleg å dele dei 12 månadene opp i fleire mobilitetsopphald, men kvar mobilitetsperiode må oppfylle kravet til minimumslengde for dei ulike utvekslingstypane og eventuelle andre gjeldande kriterium. Studentane kan altså ha mange enkeltståande mobilitetsopphald, men desse kan ikkje ha ei total lengde ut over 12 månader per gradsnivå.

To eller fleire mobilitetssopphald same år (for eksempel eit opphald på 8 månader og eit på 3 månader) skal rapporterast som separate mobilitetar.

Praksisopphald etter fullført grad skal teljast saman med eventuelle andre utvekslingsopphald studenten har frå det studienivået studenten har avslutta grada si innanfor.

Kan studenten ta imot to Erasmus+-stipend samtidig?

Studentane kan ikkje ta imot Erasmus+-stipend for både studieopphald og praksisopphald samtidig. Dette blir rekna som dobbeltfinansiering. Studentane kan få stipend for studieopphald og praksisopphald same semester, så lenge opphalda ikkje overlappar.

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent før, under og/eller etter den fysiske mobiliteten.

Den virtuelle delen kan kombinerast med langtidsmobilitet (2 - 12 månader) og korttidsmobilitet (5 - 30 dagar).

Ved korttidsmobilitet er den virtuelle komponenten obligatorisk for alle bortsett frå doktorgradsstudentar.

For studentar gjeld følgjande minimumsvarigheit på det fysiske opphaldet

  • fysisk kortidsmobilitet (studiar og praksis): 5 dagar
  • fysisk langtidsmobilitet (studiar og praksis): 2 månader

Læringsavtale ("Learning Agreement")

Før utvekslingsopphaldet startar, skal studenten, sendarinstitusjonen og mottakarinstitusjonen signere ein læringsavtale («Learning Agreement»).

Alle læringsavtalar skal utvekslast digitalt, så sant det lèt seg gjera. Les meir om "Digital Learning Agreements" (DLA) og digitaliseringa av Erasmus+ på EU-kommisjonens nettsider.

Forlenging av studieopphaldet: studie- og praksismobilitet

Sendarinstitusjonen kan forlengje opphaldet dersom mottakarinstitusjon eller praksisplassen er samde, og når følgjande forhold er oppfylt:

  • det er inngått avtale om forlenging før den opphavlege sluttdatoen for utvekslingsopphaldet er passert
  • forlenginga følgjer straks etter noverande mobilitetsperiode. Det kan ikkje vere opphald mellom den opphavlege perioden og forlenginga. Dette gjeld ikkje for feriar og periodar der mottakarinstitusjonen er stengd. Dersom det er opphald mellom periodane, skal det grunngivast av sendarinstitusjonen og godkjennast av HK-dir.
  • forlenginga skal avtalast skriftleg av alle partar

Ingen mobilitetsperiodar kan forlengjast ut over maksimumsvarigheita på 12 månadar per gradsnivå.

Avbrote mobilitetsopphald: studie- og praksismobilitet

Nokre gonger oppstår det situasjonar som gjer at studenten må eller vel å avbryte utvekslingsopphaldet før den planlagde sluttdatoen.

Korleis slike situasjonar skal handterast, avheng av når i det planlagde opphaldet avbrotet skjer, og kva som er årsaka.

De kan lese meir om kva de kan gjere ved avbrot i mobilitetsopphaldet i Annex 2 i kontrakten mellom dykk og HK-dir.

Kva når lengda på opphaldet avvik frå den opphavelege planen?

Eit avvik på opp til fem dagar i lengda på mobilitetsperioden er tillaten for studie- og praksismobilitet, så lenge minimumslengda på det aktuelle mobilitetsopphaldet er oppnådd.

Dersom differansen mellom den stadfesta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på fem dagar eller mindre er det ikkje nødvendig å justere mobilitetsperioden i «Beneficiary Module» og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet. Avviket får med andre ord inga følgjer for studenten eller stipendet.

Dersom eit avvik på fem eller færre dagar gjer at minimumslengda på opphaldet ikkje blir oppfylt, skal saka handterast som eit avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd (sjå avsnitt lengre nede på denne sida).

Avbrot etter at minimumslengda på et opphald er oppnådd

Dersom ein student avbryt mobilitetsopphaldet sitt før den planlagde sluttdatoen, men etter at studieopphaldet har vart i minimumslengda, vil studenten likevel få stipendet for den perioden vedkommande var på utveksling.

Når utvekslingsopphaldet blir avbrote, må de gjere endringar i den registrerte mobilitetsperioden i «Beneficary Module» og rekne stipendet ut på nytt, slik at summen blir rekna ut etter den faktiske lengda på utvekslingsopphaldet. Den nye, endelege utrekninga av stipendet fører til eit av følgjande to scenario for studenten:

Dersom studenten har fått utbetalt ein høgare sum enn summen for det endelege stipendutrekninga ved starten av utvekslingsoppholdet, må studenten betale tilbake differansen mellom det endelege stipendet og det førehandsutbetalte stipendet for den opphavlege utrekninga.

Dersom studenten har fått utbetalt mindre enn eller ein lik sum som for den endelege stipendutrekninga, får studenten anten utbetalt dei resterande stipendmidlane eller inga ny utbetaling.

Avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd

Dersom studenten avbryt utvekslingsopphaldet før minimumslengda på opphaldet er oppnådd, vil årsaka til avbrotet vere avgjerande for kva utfall saka får.

Dersom årsaka til avbrotet kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», kan studenten behalde heile eller deler av stipendet. Det er vi i HK-dir som vurderer om ei hending kan reknast som «force majeure». Det er derfor viktig at de tar kontakt med oss så raskt raskt som mogleg dersom de har ei sak som kanskje kan vere «force majeure».

Viss me vurderer at saka kan vere eit tilfelle av "force majeure", vil me sende dykk eit søknadsskjema som heiter "Søknad om å kunne vise til force majeure". I dette søknadsskjemaet skal de fylle ut informasjon om lærestaden, prosjektnummer og mobilitetsnummer. Vidare skal de beskriva situasjonen som har oppstått, om forsikringsselskapet er kontakta og kor mykje av stipendet de søkjer om at deltakaren skal få behalde. Beløpet skal oppgivast i euro.

Ikkje under nokon omstende skal de oppgi informasjon som gjer det mogleg å identifisere mobilitetsdeltakaren!

Når søknadsskjemaet er returnert til oss, vil saka bli teken vidare til ein eigen "force majeure"-gruppe ved HK-dir for vidare sakshandsaming. Vedtak vil bli sendt dykk kort tid etter at saka er ferdigbehandla av denne gruppa

Dersom årsaka til avbrotet ikkje kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», skal studenten betale tilbake heile det utbetalte stipendet, også for dei dagane studenten var ute.

Årsaka til at studentane avbryt opphaldet sitt kan viarere. Dei kan få heimlengsel, tilbod om jobb, dei ombestemmer seg, og så vidare. Det er viktig at de gir god informasjon til studentane, slik at dei er er godt førebudde til utanlandsopphaldet. Då er sjansen mindre for at studentane avbryt opphaldet.

Dersom ein student ønskjer å avbryte opphaldet, er det viktig at studenten får tydelig informasjon om konsekvensane, og at de prøver å finne fram til gode løysingar for alle partar.

Vi ber om at de sender oss ein e-post viss det oppstår situasjonar som det er uklart korleis de skal handtere.

Studieavgifter

Studentane skal ikkje betale avgift for rettleiing, registrering, eksamenar, tilgang til laboratorium og bibliotek, og så vidare. Mottakarinstitusjonen kan likevel krevje at studenten betaler små avgifter som også lokale studentar må betale, som medlemsavgift i studentforeiningar, kopiering, bruk av laboratorieprodukt, og liknande.

De som sendarinstitusjon skal ikkje be om betaling frå utreisande studentar for tenester knytt til organisering eller administrasjon av mobilitetsperioden.

De skal straks gje beskjed til oss i HK-dir viss ein Erasmus+-samarbeidspartner krev studieavgift eller betaling for tenester knytt til organisering eller administrasjon av Erasmus+-opphaldet.

Godkjenning av studieopphaldet

De skal godkjenne mobilitetsoppholda i samsvar med prinsippa i ECHE og i læringsavtalen med studenten.

Førehandsgodkjenning

Gjennom Erasmus+ studiemobilitet er det berre tillate at studentane reiser ut for å gjennomføre studieopphald som kan godkjennast som ein del av grada studenten studerer til.

De skal, som sendarinstitusjon, gje studenten ei førehandsgodkjenning av det planlagde studieopplegget i utlandet, slik at studenten veit at emna kan godkjennast dersom dei følgjer det planlagde studieløpet og emnet blir bestått.

De skal òg informere studentane om korleis utanlandsstudiet vil bli godkjent og innpasset i grada.

Endeleg godkjenning og innpass i grad

Når mobilitetsperioden er fullført på ein tilfredsstillande måte, skal mottakarinstitusjonen gje studenten karakterutskrift eller annan dokumentasjon på gjennomført utvekslingsopphald i samsvar med det som er avtalt i læringsavtalen.

Godkjenning av studiar ved mottakarinstitusjonen kan berre haldast tilbake dersom studenten ikkje har oppfylt sin del av avtalen som er inngått med sendar- og mottakarinstitusjon. I tilfelle der studenten ikkje oppnår alle planlagde studiepoeng, er det opp til sendarinstitusjonen å vurdere om opphaldet skal rapporterast og om studenten skal få stipendet.

Studieopphald som ikkje gir studiepoeng frå mottakarinstitusjonen

Som oftast avlegg studentane eksamen ved den utanlandske lærestaden og får ei karakterutskrift med studiepoeng som kan innpassast i studenten sin grad ved heimeinstitusjonen. Desse studiepoenga blir anten godkjende som tilsvarande obligatoriske emne i grada til studenten, eller som valfrie emne.

Unntaksvis er det tillate at studentar kan reise på Erasmus+-utveksling og følgje eit undervisningsopplegg der studenten ikkje får studiepoeng frå den utanlandske lærestaden. Dette gjeld i hovudsak viss studentane følgjer halv- eller heilårsmodular med ein avsluttande eksamen som utgjer 30-60 studiepoeng, og der utveksling utgjer ein del av modulundervisninga og blir godkjend som eit arbeidskrav.

Prinsippa i ECHE skal framleis overhaldast, studentane skal få ein læringsavtale, og det skal førast på vitnemålet til studenten at vedkommande har vore på utveksling.

Dersom de er usikre på om eller korleis eit slikt opphald kan godkjennast, kan de ta kontakt med oss i HK-dir.

Stadfesting av lengda på opphaldet

Lengda på opphaldet må dokumenterast for at det skal godkjennast og for at studenten skal få utbetalt siste del av stipendet. Datoane må anten stå i karakterutskrifta, i læringsavtalen eller i eit eige dokument, til dømes «Certificate of attendance»/«Confirmation of Erasmus period», som stadfestar lengda på opphaldet.

Reisebevis, som ombordstigningskort til fly, eller tog- og bussbillettar, gjeld ikkje som dokumentasjon på lengda på opphaldet.

Avvik mellom faktisk lengde på studieopphaldet og avtalen

Om den stadfesta lengda på opphaldet er kortare enn den som er oppgitt i avtalen med studenten, og differansen er meir enn fem dagar, må «Beneficiary Module» oppdaterast i samsvar med korrekt opphaldslengde som angitt i karakterutskrift eller annan stadfesting på opphaldet. Dette gjeld for opphald over minimumslengde.

Avbrot i løpet av opphaldet skal også registrerast i «Beneficiary Module». «Beneficiary Module» korrigerer stipendbeløpet basert på revidert opphaldsperiode.

Deltakarrapport: studie- og praksismobilitet

Når utvekslingsopphaldet er avslutta og sluttdato for opphaldet er passert, skal deltakarane fylle ut og levere ein elektronisk rapport frå opphaldet. Lenkje til den elektroniske rapporten blir sendt på e-post direkte til deltakarane frå Beneficiary Module.

Data som blir generert frå deltakarrapportane blir overførte til sluttrapporten ("Final Beneficiary Report") til både sendar- og mottakarinstitusjonen.

Erasmus+ Student Charter

"Erasmus Student Charter" gir informasjon om Erasmus+-studenten sine rettar og plikter. Trykk her for å komme til EU-kommisjonens nettside om "Erasmus Student Charter".

De skal informere studentane om innhaldet i studentcharteret. De må og gje studentane eit charter som vedlegg til læringsavtalen før mobilitetsperioden startar.